Hopp til innhold

Kim Jong-uns 13 truslar mot verdsfreden

Nord-Korea har testa rakettar 13 gangar i år. Donald Trump har svart med fordømming, hangarskip og sanksjonar.

Illustrasjon raketter nord-korea

STADIG LENGRE DISTANSAR: Nord-Korea har provosert verdssamfunnet med fleire rakettar og atomvåpentestar.

Foto: NRK

1. Middagen som vart avbroten

Når: 11. februar
Distanse: 500 kilometer

Timinga var nok ikkje tilfeldig. Donald Trump og Japans statsminister kosa seg ved Trumps golfklubb Mar-a-Lago i Florida, da ein mellomdistanserakett dumpa ned i Japanhavet.

USA fordømde utskytinga og kalla det ein provokasjon. Diplomatar frykta Trump mangla erfaring med å handtere ei så farleg krise.

Men kommandanten for det amerikanske atomarsenalet og rakettforsvaret, general John Hyten, kunngjorde til eit panel i kongressen kunngjorde at Nord-Korea hadde gjort eit teknologisk gjennombrot.

2. Kims fem ess i ermet

Når: 5. mars

Distanse: 1.000 kilometer

USA hadde nyleg levert Clinton-eraens beste rakettforsvar til Sør-Korea. THAAD, skulle roe nervane sør for den 38. breiddegrad.

Svaret kom kontant. Nord-Korea skaut opp fem SCUD rakettar, tre av dei landa i Japans økonomiske havsone.

Kim Jong-un var sjølv til stades, ifølgje regimets nyheitsbyrå KCNA:

– Han fryda seg over synet. Han hylla rakettane, som likna ei akrobatisk flygande militæravdeling.

3. Blindgjengaren

Når: 21. mars

Distanse: 0 kilometer.

Så gjekk det gale for Kim. Ein rakett eksploderte sekund etter oppskyting.

USAs utanriksminister Rex Tillerson hadde dagar før varsla ei hardare linje mot Nord-Korea.

– Vi ynskjer sjølvsagt ikkje militær konflikt, men alternativet ligg på bordet, sa Tillerson.

– Vi har viljen og kapasiteten til å gjengjelde kvar og ein krig USA har lyst til å starte, var svaret frå KCNA.

4. Kim serverer ein forrett før det store møtet mellom Kina og USA.

Når: 4. april

Distanse: 50 kilometer

Dagar før Trump skulle møte Kinas president for første gang, testar Kim Jong- un rakettarsenalet sitt.

Landa har ulikt syn på korleis dei skal handtere Kim. Kina vil forhandle, USA vil straffe med sanksjonar.

5. Ny blindgjenger

Når: 15. april

Distanse: 0 kilometer

To veker seinare prøvar Nord-Korea seg igjen. Men raketten eksploderer kort tid etter utskyting.

Dette la ingen dempar på feiringa av 105-årsdagen til landets grunnleggar Kim Il-sung, der dei viste bilde av prøveoppskytinga frå februar. Og at dei bombar USA.

Konserten til ære for Nord-Koreas grunnlegger ble avsluttet med en oppsiktsvekkende video.

6. Blindgjenger nummer tre

Når: 28. april

Distanse: 33 kilometer

Raketten gjekk i oppløysing i lufta.

7. Guam blir trua

Når: 14. mai

Distanse: 700 kilometer

Så igjen klarar regimet å skyte opp ein mellomdistanserakett av typen KN-17.

Raketten kom så høgt, at ein byrja spekulere i om Nord-Korea no hadde kapasitet til å nå den amerikanske militærbasen på Guam.

Nord-Korea hevdar raketten kan frakte eit tungt atomstridshovud, men ekspertane trur ikkje heilt på det.

Trump krev sanksjonar, men Kina og Russland sit framleis på gjerdet.

8. Japan krev handling

Når: 21. mai

Distanse: 500 kilometer

Igjen landar ein rakett i Japan-havet. Shinzo Abe krev handling. Dei seks resolusjonane i tryggingsrådet har ikkje ført fram.

9. Nord-Korea testar styresystem

Når: 28. mai

Distanse: 450 kilometer

Ein gammal SCUD-rakett vart skoten opp, truleg for å teste eit nytt styresystem.

Kim Jong-un meiner USA bør vere særs uroa.

Trump sender det tredje hangarskipet til Korea-halvøya.

10. Nytt gjennombrot

Når: 4. juli

Distanse: 900 kilometer

Nord-Korea skyt opp ein ny type rakett, eit interkontinentalt ballistisk missil (ICBM), som kan nå det amerikanske fastlandet.

USA kallar inn til lukka møte i FN-tryggingsrådet for å foreslå nye sanksjonar mot landet.

Kim Jong-un lovar at USA skal få fleire «gåver». Sør-Korea ynskjer å forhandle med naboen.

Nord-Korea rakett

VILL JUBEL: 4. juli blir det klart at Nord-Korea kan nå det amerikanske fastlandet.

Foto: Str / AFP

11. Ny interkontinental rakett og sanksjonar

Når: 28. juli

Distanse: 1000 kilometer

Det andre interkontinentale missilet flyg 3.000 kilometer opp i verdsrommet. Med ein annan vinkel på flygebana kan den i teorien nå New York eller Washington D.C.

USA får Kina og Russland med på å skjerpe sanksjonane mot Nord-Korea.

– Dette er den strengaste pakken med sanksjonar mot noko land på ein generasjon, sa USAs FN-ambassadør Nikki Haley til Tryggingsrådet.

Donald Trump trua Nord-Korea med «eld og raseri».

Trump sier Nord Korea vil bli møtt med ild, sinne og makt hvis landet øker atomtrusselen.

Trump truar med eld og raseri.

Kim Jong-un svarte med å true med å bombe Guam. Noko som skapte uro på Stillehavsøya.

– Det vi høyrer frå Donald Trump er mykje meir aggressivt og omsynslaust, enn det som vanlegvis kjem frå USA, fortalde ein professor på Guam til NRK.

12. Ein rakett flyg over Japan

Når: 28. august

Distanse: 2.600 kilometer

Flyalarmen går i Japan. Ein rakett har passert over og landa i sjøen.

Trump seier no at alle alternativ er opne, og han krev nye sanksjonar.

Men i tryggingsrådet seier Russland nei. Russland og Kina ynskjer at USA sluttar med dei årlege militærøvingane ved Korea-halvøya.

Russland bad difor USA om å vere tilbakehaldne.

– Vi må ikkje gje etter for kjensler og drive Nord-Korea inn i eit hjørne, åtvara Putin.

13. Ny rakett over Japan

Når: 14. september

Distanse: 3.700 kilometer

Raketten føl same bane som den førre som gjekk over Japan.

USAs forsvarsminister legg press på Kina og Russland for å få på plass nye sanksjonar mot Nord-Korea.

SISTE NYTT

Siste nytt