Hopp til innhold

Toto «Udyret» Riina gravlagd i Corleone

Den illgjetne Cosa Nostra-sjefen Salvatore «Udyret» Riina, som døydde sist fredag, vart fylgd til grava av familiemedlemer og vener i heimbyen Corleone på Sicilia onsdag.

Gravferda til Toto Riina.

Salvatore Riina blir fylgt til grava av slektningar i Corleone onsdag.

Foto: Tullio Filippone / AFP

Toto Riina rakk akkurat å fylle 87 år før han døydde på fengselssjukehuset i Parma. Kista kom med ferje frå Napoli i dag tidleg. Gravferdsbilen, som vart eskortert av fleire politibilar, køyrde inn på gravplassen via ein sideinngang, for å hindre for mykje oppstyr.

Kista var drapert med kvite blomar, og frå utsida kunne ein sjå ein prest som las ei velsigning. Enka Ninetta Bagarella var der saman med tre av dei fire borna deira. Den fjerde, sonen Giovanni, sit i fengsel for drap, og han fekk ikkje permisjon til den private gravferda.

Politi-foto frå 1993 av Salvatore Toto Riina.

Salvatore Riina på eit bilete frå 1993.

Foto: Handout / Reuters

Den katolske kyrkja i Italia la ned forbod mot ei offentleg gravferd for Riina, fordi paven tidlegare har lyst alle mafiamedlemer i bann.

Starta med sauetjuveri

Trass i at Riina har vore i fengsel dei siste 24 åra, såg mange likevel på han som den eigentlege sjefen, «Capo di tutti i Capi», i Cosa Nostra heilt til det siste.

Berre nokre få meter frå grava til Toto Riina ligg grava til Bernardo «Traktoren» Provenzano . Dei to kameratane starta med å stele sauer i Corleone, og ved ein nesten ufatteleg brutalitet drap og lemlesta dei seg fram til toppen av hierarkiet i den sicilianske mafiaen Cosa Nostra.

Like bortanfor ligg grava til ein anna legendarisk mafiafigur frå Corleone, Luciano Leggio. Han skal ha vore mentoren til dei Riina og Provenzano då dei starta opp i det små i heimbyen.

På same gravplassen ligg også nokre av heltane i kampen mot mafiaen, fagforeiningsmannen Placido Rizotto og politimannen Calogero Comaianni.

Borna Salvo and Maria Concetta under gravferda i Corleone.

Sonen Salvo og dottera Maria Concetta fotograferte under gravferda til Salvatore Riina i Corleone onsdag.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters
Ninetta Bagarella og Salvo Riina,

Enka Ninetta Bagarella og sonen Salvo Riina på veg ut frå gravferda til Salvatore Riina.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters

Dømt for 150 drap

Toto Riina er dømt for 150 drap , og for det vart han dømt til 26 livstidsdommar. Han er mistenkt for langt fleire drap, anten ved å drepe sjølv eller å gi ordre om det. I eit lydbandopptak frå tidlegare i år kan ein høyre at han seier at han ikkje angrar på noko, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Dette trass i at han i februar i år først varsla at han ville snakke med politiet , men så trekte han seg.

Det er ikkje for ingenting at han fekk tilnamnet «Udyret».

Han er blant anna dømt for å ha gitt ordre til drapa på dei profilerte mafiaetterforskarane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino for 25 år sidan, samt politigeneralen Carlo Alberto Dalla Chiesa og Sicilia-guvernøren Piersanti Mattarella.

Stod nokon i vegen for mafiaen sine planar, så måtte vedkomande døy. Så enkelt og så brutalt var det for Salvatore «Toto» Riina.

Byen Corleone, der han ligg på ein bakketopp like utanfor Palermo, vart verdskjend gjennom Gudfaren-filmane til Francis Ford Coppola.

Bryllaupsfest i Corleone

«Gudfaren» junior er turistguide i Corleone

Corleone på Sicilia.

Landsbyen Corleone ligg fint til på ein bakketopp utanfor Palermo på Sicilia.

Foto: Fabrizio Villa / AFP
corleone

SISTE NYTT

Siste nytt