Hopp til innhold

Cosa Nostra-topp skulle snakke – trekte seg i siste liten

Den 86 år gamle tidlegare Cosa Nostra-toppen Salvatore «Udyret» Riina trekte seg i siste liten før han skulle vitne for ein domstol via videolink frå fengselet. – Eg kan ikkje, eg er sjuk, var det einaste han stotra fram.

Salvatore Riina under rettssaka mot han i 1993.

Salvatore Riina bak eit gitter under rettssaka mot han i 1993.

Foto: Giulio Broglio / AP

«Toto» Riina, som i mange år var ein frykta og brutal leiar i den sicilianske mafiaen Cosa Nostra, har aldri nokon gong vitna i ein domstol. Den italienske påtalemakta hadde håpa at det skulle skje i torsdag, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa.

Saka domstolen har oppe handlar om kontaktane mellom styresmaktene og Cosa Nostra for å få slutt på dei mange bombeangrepa tidleg på 1990-talet. Under ei tidlegare høyring sa Riina, via advokaten sin Giovani Anania, at han ville snakke.

Drap på mafiajegerar

Salvatore Riina.

Eitt av politiet sine bilete av Salvatore Riina.

Foto: AP

Påtalemakta ynskjer å vite om representantar for italienske styresmakter gjekk for langt i kontaktane med mafiaen. Ein annan som skal vitne i saka er Giovanni Brusca, ein av fotsoldatane til Salvatore Riina, som no er informant for politiet.

Han var ein av dei som gjennomførte bombeangrepet mot mafiajegeren Giovanni Falcone 23. mai 1992. Han og medhjelparane plasserte 400 kilo dynamitt i eit avløpsrøyr som gjekk under motorvegen. Brusca løyste ut bomba då bilkortesjen til Falcone kom køyrande, og Falcone vart drepen saman med kona si og tre politimenn.

Eksplosjonen var så kraftig at 80 meter av motorvegen rett og slett forsvann.

Berre nokre veker seinare vart ein av medhjelparane til Falcone, Paolo Borsellino, også drepen i eit bombeattentat.

Giovanni Brusca vart arrestert i 1996.

Giovanni Brusca var ein nær medarbeidar av Salvatore Riina. Han vart arrestert i 1996 og er i dag informant for politiet.

Foto: Alessandro Fucarini / AP
Bombeattentat mot Giovanni Falcone i 1992.

Mafiajegeren Giovanni Falcone, kona hans og tre politimenn vart drepne i ein bombeeksplosjon i 1992. Cosa Nostra-mafiaen stod bak.

Foto: Anonymous / AP
Giovanni Falcone saman med livvaktene sine.

Mafiajegeren Giovanni Falcone (nr. to frå venstre) var alltid omgitt av livvakter, men mafiaen greidde likevel å ta livet av han.

Foto: Gerard Fouet / AFP

– Brutal og samvitslaus

Politiet meiner at Salvatore Riina, som gjekk under tilnamnet «Udyret» gav ordre om desse likvideringane. Han vart arrestert i 1993 og sonar ein livstidsdom i eit fengsel i Parma. Han blir neppe ein fri mann igjen.

Riina blir karakterisert som svært brutal og samvitslaus. Han blir skulda for å ha ansvaret for drapa på fleire hundre menneske, mange meiner det er over 1000.

Bernardo Provenzano etter arrestasjonen i 2006.

Bernardo Provenzano vart arrestert i 2006 og døydde i fengselet i 2016.

Foto: HO / Afp

Han starta forbrytarkarrieren sin i heimbyen Corleone på Sicilia. Saman med nyleg avlidne Bernardo «Traktoren» Provenzano starta han som sauetjuv på oppdrag frå ein lokal mafiasjef. Det gjekk ikkje lenge før dei tok livet av han og tok over heile geskjeften.

Mafia-kollegaene i Palermo lo først av dei to oppkomlingane frå Corleone og kalla dei for bønder. Men det varte ikkje lenge. I løpet av kor tid rydda Riina og Provenzano unna motstandarane sine i storbyen, og ved hjelp av likvideringar og avansert renkespel manøvrerte dei seg heilt til topps i organisasjonen.

"Gudfaren" brukte kodar frå Bibelen

Mafia-sjefar styrer frå fengselet

«Capo di tutti capi»

Riina var «capo di tutti capi», sjefen over alle sjefar, i organisasjonen fram til han vart arrestert i 1993. Då tok Provenzano over, og han var øvste leiar fram til han vart arrestert i 2006 , etter å ha vore på flukt frå politiet i 46 år. «Capo di tutti capi» er død .

Sjølv om Riina i mange år var ein dei mest ettersøkte personane i Italia, så budde han meir eller mindre openlyst på Sicilia heilt fram til han vart arrestert. Truleg fordi han kjende seg sikker på at ingen tok sjansen på å tyste på han.

SISTE NYTT

Siste nytt