NRK Meny
Normal

Bryllaupsfest i Corleone

Den yngste dottera til den illgjetne mafia-gudfaren Toto "Udyret" Riina gifte seg i Corleone på Sicilia i går.

Lucia Riina og Vincenzo Bellomo

Lucia Riina og Vincenzo Bellomo vinkar til bryllaupsgjestane etter vigselen.

Foto: STRINGER/ITALY / REUTERS

28 år gamle Lucia Riina måtte tre inn i den heilage ektestanden utan at faren var til stades.

Han har vore fengsla sidan 1993.

Det var broren Guiseppe (30) som førde Lucia opp over midtgangen i Immaculata-kyrkja før vigslingsseremonien.

Han er den einaste mannlege familiemedlemen som ikkje er i fengsel.

Lucia Riina og Vincenzo Bellomo.

Det lukkelege brudeparet på trappa til Imacculata-kyrkja i Corleone på Sicilia.

Foto: STRINGER/ITALY / REUTERS

Han har nyleg blitt sett fri frå fengselet eter å ha sona ein dom for å ha samarbeidd med mafiaen.

Livstidsdommar

Den eldre broren Giovanni er dømd til to livstidsdommar for drap, og han er trygt forvart bak murane.

Men det er småtteri i forhold til faren. 78 år gamle Toto Riina sonar 12 livsstidsdommar, blant mykje anna for drapa på dommarane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino i 1992.

Det var rundt 100 innbedne gjester til stades i kyrkja saman med ein horde av journalistar. I tillegg venta mange nysgjerrige turistar utanfor kyrkja.

Presten som vigde Lucia Riina og salsmedarbeidaren Vincenzo Bellomo, bad før seremonien alle journalistane om å forlate kyrkja.

- Lucia har det vondt fordi faren og broren ikkje er til stades, og det faktum at de er til stades her gjer saknet verre, sa han.

Han bad også om at born ikkje skulle måtte betale prisen for brotsverk dei ikkje er skuldige i.

Sint mor

Mora til bruda, Ninetta Bagarella, som er systra til den fengsla mafiasjefen Leoluca Begarella, var ikkje blid på dei frammøtte pressefolka.

- Kva gjer de her i dag? For oss er dette ein gledeleg dag. Det er ingenting å lage eit melodrama av, ropte ho ut.

Borgarmeisteren i Corleone, Antonio Ianezzo, minte dei frammøtte om at det unge paret aldri hadde vore i konflikt med lova, og at dei skal behandlast med respekt.

Men tonen var ein annan frå Den nasjonale foreininga for familiar som er offer for mafiaen.

- Vi håpar at Lucia Riina og Vincenzo Bellomo er klare over at den nye familien deira er grunnlagt på sorga til hundrevis av offer for mafiaen sine ugjeringar, sa leiaren Sonia Alfano.

- Dei nygifte har aldri teke avstand frå skrekkveldet til mafiaen, og i dag takka dei offentleg brura sin far. Dette er ei fornerming mot offera for Toto Riinas barbari, la ho til.

Dårleg helse

Toto Riina er 78 år gammal og har dårleg helse. Likevel har italienske styresmakter avslått alle søknader om å overføre han til husarrest eller ei anna form for lettare soning.

Høgsterett har gjort det klart at han framleis er "ein trussel og ein fare for samfunnet".

Salvatore (Toto) Riina, fekk tilnamnet "Udyret" alt som ung mann. Tilnamnet er eit direkte resultat av framferda hans.

Då Riina vart arrestert i 1993 hadde han falske identitetspapir på seg som viste namnet Vincenzo Bellomo, altså det same namnet som mannen som i går gifte seg med dottera hans.

Så kan ein lure på om det er tilfeldig eller ikkje.

Toto "Udyret" Riina fotografert i fengselet i 1993.

Salvatore 'Udyret' Riina fotografert i fengselet i 1993.

Foto: GIULIO BROGLIO / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt