NRK Meny
Normal

«Gudfaren» junior er turistguide i Corleone

Ferie på Sicilia i fotspora til «Gudfaren»-filmane er populært blant amerikanarar. No kan reiseoperatøren lokke med sonen til sjølvaste «Capo di tutti i capi», Bernardo Provenzano (82), som turistguide i mafiabyen Corleone.

Toto Riina (t.v.) og Bernardo Provenzano.

Toto Riina (t.v.) og Bernardo Provenzano var på toppen av den sicilianske mafiaen Cosa Nostra. No sit begge i fengsel, medan sonen til Provenzano er mafiaguide i Corleone.

Foto: HO / AFP

Angelo Provenzano (39) seier at dette er noko han gjer for å tene pengar, ifølgje det italienske magasinet L'Espresso . Han deler sine barndomsminne med turistane medan har fører dei rundt i den vidgjetne byen.

Mafia-turane til Sicilia er populære blant amerikanarar. Filmtrilogien «Gudfaren», basert på ein roman av Mario Puzo og regissert av Francis Ford Coppola, er ein av dei største suksessane i amerikansk filmhistorie.

Don Corleone

Marlon Brando i filmen «Gudfaren».

Marlon Brando spelte hovudrolla som den første Don Corleone i den første av Gudfaren-filmane.

Foto: Paramount Pictures / AP

Her møter vi Don Corleone, som skyt, mishandlar og stel seg opp frå å vere ein fattig innvandrar frå Corleone på Sicilia til å bli ein mektig gangsterkonge i New York. I boka og filmane får vi følgje familien hans i fleire generasjonar framover.

«Gudfaren»-filmane står sterkt i medvitet til mange amerikanarar, og reiseselskapet Overseas Adventure Travel har ingen problem med å skaffe nok mafiaturistar på sine reiser til Sicilia. Her blir dei først guida rundt i den sicilianske hovudstaden Palermo, før dei som sjølve høgdepunktet blir tekne med til Corleone.

Provenzano-familien kjem frå Corleone, og det var i ei fattigsleg hytte utanfor denne byen av Bernardo Provenzano vart arrestert av det italienske antimafiapolitiet 11. april 2006. Denne hytta var ein av fleire gøymestader «Capo di tutti i capi» (sjefen over alle sjefar) brukte for å halde seg i skjul for politiet.

Han var på rømmen i nær 43 år før politiet fekk kloa i han, og han sit framleis på vatn og brød i eit fluktsikkert italiensk fengsel.

Roma-restaurantar i mafiaens grep

Ufatteleg brutalitet

Bilete frå då Bernando Provenzano vart arrestert i 2006.

Bernardo Provenzano vart arrestert i april 2006, etter å ha vore på flukt frå politiet i nær 43 år.

Foto: LUCA BRUNO / AP

Bernardo Provenzano tok over toppen av Cosa Nostra gjennom den vanlege karrierevegen i mafiaen, altså ved å vere endå meir brutal forgjengarane. Han fekk tilnamnet «Traktoren», som spelar på at han ikkje let noko eller nokon stå i vegen for seg.

Saman med barndomskameraten Salvatore Riina, også han frå Corleone, rydda duoen seg først til toppen av den lokale mafiagreina i Corleone, før dei bukserte seg heilt til topps i Cosa Nostra. Metoden var ein ufatteleg brutalitet. Dei som ikkje ville underordne seg, vart drepne.

Salvatore «Toto» Riina fekk tilnamnet «Udyret» eller «Beistet», og han var endå meir nådelaus og valdeleg enn Provenzano. Han vart arrestert og dømd til livsvarig fengsel i 1993.

Dei siste åra før han vart arrestert, brukte Provenzano stadig meir tid på det reint forretningsmessige av verksemda, og han overlèt den verste valdsbruken til andre. Fram til han vart arrestert var «Toto» Riina god å ha på dette feltet, og på denne måten fekk Bernardo Provenzano sitt

Al Pacino frå Gudfaren.

Al Pacino spelte sonen til den første Don Corleone i alle dei tre Gudfaren-filmane.

Foto: Ap

neste tilnamn, «Revisoren».

Ifølgje folk som kjende han fekk han med åra eit betydeleg mildare vesen.

"Gudfaren" brukte kodar frå Bibelen

Mafia-sjefar styrer frå fengselet

Uklar rolle

Det er uklart om sonen Angelo Provenzano har ei rolle i mafiaen i dag. For nokre år sidan gjekk han ut i media og bad om å få vere i fred, han meinte det var urettferdig at han og resten av familien vart så tett fylgde av pressa. – Vi er ufrivillige deltakarar i eit realityshow, sa han ifølgje The Guardian i 2008.

No er han altså mafiaguide i Corleone, og han blir sett på som sjølve stjerneguiden til den amerikanske reiseoperatøren.

Mjukar opp mafiaen

Cosa Nostra-topp arrestert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt