Hopp til innhold

Studie: Koronaviruset kan overleve på overflater i ein månad

Koronaviruset kan overleve på overflater som pengesetlar, mobilskjermar og rustfritt stål i 28 dagar, noko som er lenger enn ein hittil har trudd.

Nærbilde av en kvinne som taster på Iphonen sin. Telefonen og hendene er i fokus

Laboratorieforsøk viser at koronaviruset er robust og kan leve lenge på glatte overflater. Det er difor viktig å vaske både hender og mobilen regelmessig.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Studien frå det australske offentlege forskingsinstituttet CSIRO er gjennomført under kontrollerte tilhøve i laboratorium, med stabil luftfukt, temperatur på 20 grader og i mørke, melder BBC.

Til samanlikning kan vanleg influensavirus overleve under same kontrollerte forhold i 17 dagar.

Dei nye funna står i motstrid til ein studie frå tidlegare i år, der levetida til koronaviruset på plast og rustfritt stål var rekna til tre døgn.

Lever kortare på klede

Funna viser og at koronaviruset overlever lenger på glatte, ikkje-porøse overflater enn på porøse overflater som klede. På klede viser seg at viruset ikkje overlever utover 14 dagar.

Studien viser òg at levetida til viruset er kortare når temperaturen stig. Viruset smittar ikkje lenger etter 24 timar ved ein temperatur på 40 grader på visse overflater, ifølgje studien som er publisert i Virology Journal.

Viruset lever og kortare om det vert utsett for UV-lys (vanleg dagslys).

Evna viruset hadde til å halde seg levande på rustfritt stål i kjølige temperaturar, kan forklare smitteutbrot i slakteanlegg og kjølelager, meiner forfattarane.

Forskarane meiner òg at funna støttar tidlegare forsking som antydar at viruset kan overleve på fersk og frosen mat. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har på si side ikkje stadfesta tilfelle av smitteoverføring via mat eller matemballasje.

Spreier frykt

Professor Ron Eccles, tidlegare leiar ved Common Cold Centre ved Cardiff University i Storbritannia, kritiserer studien. Den skaper unødvendig frykt blant folk, meiner han, og viser til at viruset i dei fleste tilfella blir spreidde via luft når folk hostar, nys eller snakkar.

I juli sa mikrobiologiprofessor Emanuel Goldman ved Rutgers University at risikoen for smittespreiing via overflater er svært liten. Førre veke sa medisinprofessor Monica Gandhi ved University of California at koronaviruset ikkje vert spreidd via overflater.

Assisterende helsedirekør, Espen Nakstad, forteller om smitterisiko forbundet med avstand til hverandre. Folk ved UiO blir spurt hva de tenker er en meters avstand.

Assisterande helsedirektør, Espen Nakstad, fortel om smitterisiko forbundet med avstand til kvarandre. Folk ved UiO blir spurt kva de tenker er ein meters avstand.

SISTE NYTT

Siste nytt