Hopp til innhold

– Storbritannia spionerer ikkje saman med USA

Den britiske utanriksministeren avviser skuldingane om at Storbritannia har samarbeida med USA for å spionere på sine borgarar sin telefon- og nettbruk.

USA-SURVEILLANCE/BRITAIN Britain's Foreign Secretary William Hague is seen making a statement to the House of Commons in this still image taken from video, in central London

William Hague, utanriksminister i Storbritannia, avlyste sin planlagde tur til Washington for å informere det britiske parlamentet om at skuldingane om at Storbritannia har samarbeida med USA om å spionere på britiske borgarar, er usanne.

Foto: POOL / Reuters

– Det finst ingen grunnlag for å kunne kome med desse skuldingane, seier William Hague, utanriksminister i Storbritannia.

Skuldingane han ikkje vil høyre noko av går ut på at britiske og amerikanske spionar har samarbeida om å spionere på britiske statsborgarar, og at britane dermed har fått tilgang på informasjon som dei ifølgje britisk lov ikkje har lov til.

– Viktig med god balanse

Rykta om at britiske styresmakter hadde omgått si eiga lov, ved å utnytte samarbeidet med amerikanske spionar, oppstod etter ein artikkel i avisa «The Guardian». Der vart det avslørt at den britiske etterretningstenesta «GCHQ» hadde tilgang på større deler av informasjonen som amerikanske styresmakter no står skulda for å henta fram på tvilsamt vis.

Hague avlyste ein planlagd tur til Washington for å svare det britiske parlamentet på påstandane.

– Kvar gong GCHQ skal undersøke ein enkeltperson sin private kommunikasjon, så må dei søke meg eller ein annan minister om løyve, og slikt skjer ikkje tilfeldig. Kvar avgjersle er basert på eit legalt og politisk grunnlag, sa Hague då han orienterte parlamentet.

Utanriksministeren la til at det var viktig for britiske styresmakter å ha ein god balanse mellom det å ta vare på tryggleiken i landet, og det å ta vare på privatlivets fred.

Obama: – Viktig i kampen mot terror

Det var på fredag dei første avsløringane kom om at den amerikanske etterretningstenesta hadde overvåkingsprogram som gjorde det mogleg for styresmaktene å få logger over tele- og nettrafikken til amerikanske borgarar, og tilgang til serverane til selskap som Facebook, Google, Yahoo og Skype.

Mannen som skal ha sagt frå om overvakinga gjekk søndag ut og offentleggjorde namnet sitt. Edward Snowden påstår at han, då han jobba for den amerikanske etterretninga, kunne overvake alle han ville. Dette har amerikanske styresmakter nekta for, og president Barack Obama har argumentert for at overvakinga er eit viktig verktøy i kampen mot terror.

SJÅ VIDEO: Intervju med Edward Snowden

SISTE NYTT

Siste nytt