Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi har vore sakna sidan han gjekk inn i Saudi-Arabia sitt konsulat i Istanbul 2. oktober.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er svært uroa over situasjonen.
– Ja, sjølvsagt er eg det. Han har vore borte i 14 dagar og det er førebels ingen som har kunna gje ei forklaring på kva som har skjedd. Det er mange teoriar om dette, og dersom dei stemmer, er det sjølvsagt svært alvorleg.
– Kva forventar Noreg frå Saudi-Arabia?
– Vi har vore veldig klare på at saudiske styresmakter har eit ansvar for å samarbeide med styresmaktene i Tyrkia for å finne ut av, og klarleggje kva som har skjedd, seier Søreide.
– Dersom det er snakk om eit drap, og Saudi-Arabia står bak, vil Noreg bryte kontakten med landet?
– Eg vil ikkje spekulere i kva som kan skje. Først må etterforskinga vise kva som har skjedd her. Men vi tar dette veldig alvorleg. Det gjer også heile det internasjonale samfunnet. Derfor er det no eit svært tydeleg press på styresmaktene i Saudi-Arabia for at dei skal bidra til at saka blir oppklart, seier Søreide.
Tyrkisk politi inne i konsulatet
I natt var tyrkisk politi for første gong inne i bygningen for å gjere undersøkingar. Dei var der i ni timar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Med kvite drakter og blå hanskar på seg gjennomsøkte eit titals etterforskarar konsulatet. Tidleg tysdag morgon forlèt dei bygningen. Då hadde dei blant anna med seg jord frå hagen utanfor bygningen.
Leitte etter DNA-spor
Dei tyrkiske etterforskarane leitte etter DNA-spor og andre spor som kan gje svar på kva som skjedde med Khashoggi inne i konsulatet.
- Les også:
- Les også:
Også saudiarabiske etterforskarar deltok. Ved sekstida blei det meldt at også dei hadde forlate bygningen.
Trur han blei drepen
Tyrkia hevdar å ha bevis som støttar mistanken om at Khashoggi blei drepen då han var inne i konsulatet 2. oktober. Tyrkarane meiner han blei drepen og partert.
Saudi-Arabia nektar for å ha noko med saka å gjere. Styresmaktene har hevda at Khashoggi forlèt konsulatet same ettermiddag som han kom. Men dei har ikkje lagt fram bevis for dette.
Pompeo i Saudi-Arabia
CNN melde måndag kveld at Saudi-Arabia arbeider med ein rapport som vil slå fast at Khashoggi døydde som følgje av eit mislukka avhøyr, og at han skulle bortførast.
Presidenten i USA, Donald Trump har snakka med kong Salman av Saudi-Arabia, som avviser at han veit kva som kan ha skjedd med Khashoggi. Men kongen har gitt ordre om at saka skal etterforskast, ifølgje Reuters.
Trump har sendt utanriksminister Mike Pompeo til Saudi-Arabia for å møte kong Salman. Pompeo landa i hovudstaden Riyadh tysdag morgon.