Hopp til innhold

Legenda blir latterleggjord etter drapskommentar: – Kven har ikkje drepe ein irriterande kritikar?

Dei ferske utsegnene til den tidlegare verdseinaren skapar sterke reaksjonar.

Greg Norman og tweets

OMSTRIDD: Golflegende Greg Norman under seansen onsdag. Reaksjonane lét ikkje vente på seg.

Foto: GLYN KIRK / AFP

– La han som ikkje kaldblodig har drepe og partert nokon, kaste den fyrste steinen, skriv den australske journalisten Sam Clench.

– Heilt ærleg, kven har ikkje snubla og drepe ein irriterande kritikar, og så saga han i småbitar? Nokon? Spør Israel- og Palestina-korrespondenten Noga Tarnopolsky.

– Eg lurer på om Greg Norman nokosinne har brukt ei sag for å komme seg ut av ein bunker? undrar rappar Briggs.

Dette er berre nokre av dei mange reaksjonane som strøymer inn etter pressekonferansen med superligasjef Greg Norman onsdag.

Den tidlegare verdseinaren er direktør for den omstridde nye golfligaen som er finansiert av Saudi-Arabia, og under pressemøtet denne veka nytta fleire journalistar moglegheita til å stille kritiske spørsmål til Norman.

Les også: Saudi-Arabia vil kapre de største golfstjernene – med Trump i ryggen

World Wide Technology Championship at Mayakoba - Final Round
World Wide Technology Championship at Mayakoba - Final Round

– Alle har gjort feil

Ifølgje The Times vart han utfordra på Saudi-Arabias sportsvasking, dei manglande menneskerettane til regimet, drapet på journalisten Jamal Khashoggi, og avrettinga av 81 menn så seint som i mars i år.

Særleg svaret på spørsmål om Khashoggi-drapet vekkjer oppsikt.

– Alle har gjort feil, og ein vil berre lære av feila sine og korleis ein kan gjere det godt igjen, responderte Norman, ifølgje The Times, og det er denne uttalen som no får journalistar og golfsupporterar over heile verda til å heve augebryna.

– Overraskande kommentar, er The Times' sportssjef Martyn Zieglers analyse.

– Han burde jo berre vere ærleg på at det er pengane som rår, for han har jo ikkje nokon gode svar på desse tinga, seier Eurosports golfekspert Per Haugsrud til NRK.

Jamal Khashoggi var ein saudiarabisk statsborgar og regimekritikar som budde i eksil i USA. Han vart drepen og partert da han oppsøkte Saudi-Arabias konsulat i Istanbul for å hente papir han trong for å gifte seg.

På spørsmål om den nemnde masseavrettinga i mars, svarte Norman følgjande:

– Eg fekk mange meldingar om det, men for å vere ærleg, så ser eg framover. Eg ser ikkje tilbake. Eg ser ikkje på politikken. Eg berre høyrde om det og gjekk vidare.

Forsvarar landet

Australske Normans nye superliga møter mykje motstand, nettopp på grunn av korleis han er finansiert. Sjølv tok han onsdag til orde for at folk skal få opp auga for dei positive sidene ved Saudi-Arabia:

– Heile denne greia om Saudi-Arabia og Khashoggi og menneskerettar: Snakk om det. Men snakk også om det gode landet gjer for å endre kulturen sin. Dei kan ikkje vere stolte av fortida si – det er mange land i denne verda som har eit kors å bere også – men dei passar på den yngre generasjonen, sa direktøren.

Golfekspert Haugsrud meiner at australiaren heller burde vore ærleg på kva som er motivasjonen for denne nye touren – nemleg pengar.

– Lee Westwood har i det miste vore ærleg og sagt at han vil delta der på grunn av pengane. Han er over toppen, må kjempe for fornya spelerettar på PGA-touren, og nokon tilbyr han absurde summar for å spele i denne superligaen. Viss eg skal vere heilt ærleg, så hadde eg kanskje gjort det same sjølv. Berre lukka auga og øra, erkjenner Haugsrud.

Sergia Garcia og Lee Westwood

SUPERSTJERNER: Sergio Garcia og Lee Westwood har begge uttalt at dei ønskjer å spele på den nye touren.

Foto: Tim Nwachukwu / AFP

Første turnering er 9. juni utanfor London, og det er førebels uklart kven av dei store stjernene som kjem til å delta.

PGA-touren opplyste tidlegare i veka at spelarar som vel å delta i den kontroversielle superligaen, mistar spelarrettane sine på PGA-touren, men det er kjende at nemnde Westwood og spanske Sergio Garcia er blant profilane som

Les også: NRK avslører: VM-hoteller nekter homofile adgang

Qatar, hotell
Qatar, hotell

Siste nytt

  • Nordmann tok VM-gull i fjelløp

    Vestlendingen Stian Hovind Angermund (36) ble torsdag verdensmester i fjelløp.

    På engelsk kalles det VM i «mountain and trail running», mens det på norsk kan oversettes med fjell- og terrengløp. Arrangøren opererer med en lengde på den korte løypa på 40 kilometer.

    Angermund klokket inn på 4 timer og 19 minutter i Innsbruck-Stubai, og han slo annenmann Thomas Roach fra Storbritannia med 2.18 minutter.

    Italieneren Luca Del Pero tok bronsen med 3.04 minutter opp til vinneren fra Norge. (NTB)

    Stian Hovind Angermund
    Foto: Norsk Friidrett
  • Granerud dropper sommer-EM

    Verdenscupvinner Halvor Egner Granerud er ikke med i den norske hopptroppen til European Games i Krakow, som arrangeres i perioden 27. juni til 1. juli. Årsaken er fallet på trening i Lysgårdsbakken tirsdag.

    – Han er forslått og får ikke trent som normalt, og derfor har han selv valgt å ikke delta, sier sportssjef Clas Brede Bråthen til NRK.

    Norge stiller med åtte utøvere.

    Kvinner: Anna Odine Strøm, Thea Minyan Bjørseth, Eirin Kvandal og Kjersti Græsli.

    Menn: Johann André Forfang, Daniel-André Tande, Marius Lindvik og Bendik Jakobsen Heggli.

    Det skal gjennomføres totalt fem hoppkonkurranser i anleggene i Zakopane.

    Halvor Granerud
    Foto: Frode Søreide / NRK
  • Bekreftet: Mac Allister til Liverpool

    Alexis Mac Allister melder overgang fra Brighton til Liverpool. Det bekrefter Liverpool i en pressemelding.

    Overgangssummen er ikke offentlig, men det har vært rapportert at klubben må ut med omlag 35 millioner pund for argentineren.

    Mac Allister var en del av landslaget som vant VM i Qatar i vinter.

    Mac Allister debuterte for Brighton i mars 2020. Han gjorde 20 mål på 112 kamper i løpet av sin tid på den engelske sørkysten. (NRK/NTB)

    xUTndmcSVn8
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste