Hopp til innhold

Slik stansa Israel det iranske angrepet

Eit lite missil med ein sensor lengst framme som peilar seg rett inn på målet. Iron Dome er Israel sitt viktigaste våpen mot angrep frå lufta.

Natt til søndag susa fleire hundre kryssarmissil og dronar gjennom lufta på veg frå Iran mot Israel. Men Det israelske forsvaret var godt førebudde på å ta imot dei.

Iron Dome gjorde jobben. Oppe i lufta. Før dei dødelege våpena frå Iran rakk å lande på bakken og gjere skade.

– Luftvernsystemet Iron Dome registrerer missil som er på veg mot Israel, og har ei imponerande evne til å rekne ut kursen dei vil følgje. Slik kan systemet vurdere om missilet er ein trussel eller ikkje, seier førsteamanuensis ved Luftkrigsskolen, Lars Peder Haga.

Israels Iron Dome anti-missilsystem avskjærer raketter skutt opp fra Gazastripen, sett fra byen Ashkelon, Israel 9. oktober 202

Iron Dome lokaliserer rakettar og dronar i lufta, og skyt dei ned før dei når bakken.

Foto: Reuters

Treffsikkert

Iron Dome har avskore fleire tusen rakettar sidan det blei tatt i bruk i 2011. Systemet er utvikla i samarbeid med USA.

Slik fungerer det:

Luftbårne våpen som missiler og droner blir oppdaget av Iron Domes radarsystem.

Et kontrollsystem tar over for radaren. Den estimerer hvor våpenet vil lande.

Hvis våpenet er estimert til å treffe et viktig område, aktiveres rakettskjoldet.

Iron Dome sender ut en rakett. Den eksploderer i nærheten av det innkommende våpenet, som dermed blir ødelagt.

– I dette tilfellet visste ein jo kva retning angrepet kom frå. Så Det israelske forsvaret hadde ganske god tid på seg til å reagere, seier Haga.

Les også Eksperter om iranske raketter mot Israel: Historisk angrep

Iran Mideast Tensions

– Kor treffsikre er missila som blir skotne opp?

– Dei treffer stort sett det dei siktar på. 7. oktober i fjor, då Hamas gjennomførte sitt omfattande angrep, var det fleire rakettar som gjekk gjennom det israelske rakettskjoldet. Men det skuldast den enorme mengda med rakettar som Hamas skaut opp, seier Haga.

Ganske trygge

Under angrepet natt til søndag fekk Israel hjelp av både USA, Storbritannia, og Jordan som skaut ned fleire av dronane før dei nådde israelsk luftrom.

– Når Israel no har dette systemet, tyder det at folk i Israel kan kjenne seg ganske trygge med tanke på angrep frå lufta?

– Ja, dei er relativt trygge mot angrep dersom angrepa ikkje er så store at systemet blir overvelda. Vi må også rekna med at Israel har eit stor lager med missil til bruk i Iron Dome, seier Haga. Og legg til:

– Til sitt bruk er nok dette det beste luftforsvarssystemet i verda.

Det israelske forsvaret seier at Iron Dome lukkast i 9 av 10 tilfelle.

Les også Espen Barth Eide: – Det er en farlig verden, og den ble farligere i natt

Bildet viser deler av en rakett som ble skutt ned da Iran angrepet mot Israel.

– Brutal politisk kommunikasjon

Tormod Heier er professor ved Forsvarets høgskole. Han meiner at Iron Dome er svært viktig i den israelske krigsstrategien, både militært og psykologisk.

– Iron Dome er med på å roe ned innbyggjarane. Det styrkjer legitimiteten til den israelske innanrikspolitikken. Og det er eit bidrag til å oppretthalde ei mykje sterkare og truverdig militær evne til å gjennomføre eit motangrep, dersom Israel skulle bestemme seg for det.

Iran sende over 300 dronar og missil mot Israel natt til søndag. Styresmaktene i Iran veit sjølvsagt godt at Israel har eit effektivt system til å forsvare seg mot angrep frå lufta.

– Eg trur dette først og fremst må sjåast på som ei nokså brutal og dramatisk form for politisk kommunikasjon. Det er svært sannsynleg at dronar og rakettar som blir sende ut frå Iran vil bli oppdaga tidleg. Og dei aller fleste vil bli skotne ned. Når ein då veit det, så blir dette angrepet meir ei form for politisk signalisering, seier Heier.

SISTE NYTT

Siste nytt