Hopp til innhold

Sjukehus i Syria manglar alt: – Vi har ikkje kontroll

Det norskstøtta sjukehuset i Syria er fylt opp av jordskjelvoffer, men manglar blod, medisinsk utstyr og senger. For lege Mustafa Aljazi er situasjonen fortvilande.

– Eg har ikkje ord som kan skildre krisa Syria står i, seier Mustafa Aljazi til NRK.

Legen ved Al-Amal-sjukehuset i grensebyen Salqin tek til tårene når han fortel om forholda i Idlib-distriktet, nordvest i landet.

Aljazi fortel om sjukehuspersonale som jobbar på spreng, om pasientar som må ligge på golvet. Om mangel på blod, medisinsk utstyr og dialysemaskiner.

Pasienter på eit overfylt sjukehus i Idlib.

Pasientar må ligge på madrassar på golvet på sjukehuset Al-Amal i Saqin i Syria.

Foto: Ahmad Hajj Ibrahim / Al-Amal sjukehuset

Medisinsk krise

Situasjonen i Syria har vore kaotisk sidan 2011.

På toppen av ein 12 år lang borgarkrig kom altså det dødelegaste jordskjelvet i verda på over ti år.

Medan Tyrkia har fått tilbod om mykje internasjonal hjelp – det tyrkiske utanriksdepartementet opplyser at fleire enn 95 land har tilbode seg å hjelpe – er Syria meir eller mindre overlate til seg sjølv.

Situasjonen i Idlib-provinsen, der motstandarane av president Bashar al-Assad framleis har kontroll, er aller verst.

Minst 360 bygningar kollapsa under jordskjelvet. Fleire enn 1800 menneske døde. 5000 er skadde og ytterlegare tusen ligg framleis under ruinane.

Kollapsede bygninger i byen Salqin i Syria.

I Salqin der Al-Amal-sjukehuset ligg er mange hus kollapsa.

Foto: MOHAMMED AL-RIFAI / AFP

– Det er medisinsk krise her, seier Mustafa Aljazi.

– Fleire av dei som har vore fanga under bygningar har blitt klemt og fått skadar på nyrene, dei treng dialyse raskt. 30 personar er allereie døde fordi dei ikkje fekk hjelpa i tide, seier Aljazi.

Aljazi jobbar for WATAN, ein organisasjon som gjennom den norske hjelpeorganisasjonen NORWAC støtter Al-Amal-sjukehuset.

– I dagane etter jordskjelvet kom 1000 akuttpasientar berre til dette sjukehuset. Eit anna sjukehus tok imot 2200 pasientar.

– Det er berre tre sjukehus i dette området med ein halv million innbyggjarar, fortel legen.

Sjukehusa i Idlib er overfylte etter jordskjelvet som ramma denne delen av Syra måndag.

STØTTE FRÅ Noreg: Hjelpeorganisasjonen NORWAC er lova økonomisk støtte til arbeidet nordvest i Syria.

Foto: Ahmad Hajj Ibrahim / Al-Amal sjukehuset

Dei treng alt

Bilal Al Jabri er landsansvarlege for Syria for NORWAC. Han seier situasjonen er kritisk.

– Området nordvest i Syria var hardt råka allereie før jordskjelvet. Folk her har vore gjennom 12 år med krig. Situasjonen er veldig ille, seier han.

Bilal Al Jabri, overlege på kreftavdelinga på AHUS og landansvarleg for Syria i NORWAC

Bilal Al Jabri er NORWACs landsansvarlege i Syria. Til dagleg arbeider han som overlege på Akershus universitetssjukehus.

Foto: Privat

FN sin spesialutsending til Syria, Geir O. Pedersen er samd. Han får daglege rapportar frå landet.

– Dei treng absolutt alt. Det er mangel på elektrisitet, bensin, mat, oppvarming alt som kan bidra til å halde livet gåande. I tillegg er det vinter og snø, så det er ein kritisk situasjon, seier Pedersen til NRK.

FNs spesialutsending til Syria, Geir O. Pedersen.

FNs spesialutsending til Syria, Geir O. Pedersen seier FN er i kontakt med både den syriske regjeringa og opprørarane for å få inn hjelp.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

Den norske diplomaten fortel at hjelpearbeidet – eller mangelen på det – speglar det splitta landet.

– Syria er delt i fire; der ein del er kontrollert av den syriske regjeringa, ein del av den FN-lista terrororganisasjon HTS, ein av tyrkiske grupper og den tyrkiske hæren og ein av syriske kurdarar.

– Områda som er råka av jordskjelvet, er områda som er kontrollerte av regjeringa og HTS, forklarer Pedersen.

Kapasiteten er sprengt på dette sjukehuset i Idlib

TUSEN AKUTTPASIENTAR PÅ TO DAGAR: Personalet på sjukehuset Al-Amal har arbeidd på spreng sidan jordskjelvet måndag.

Foto: Ahmad Hajj Ibrahim / Al-Amal sjukehuset

Dei første vogntoga er komne

Den einaste vegen for internasjonale naudhjelpsorganisasjonar inn i områda til HTS, har vore gjennom Tyrkia og grenseovergangen Bab al-Hawa.

Den har vore stengt fordi vegane rundt vart øydelagde i skjelvet.

– Alle forsyningar av både mat og medisinar har kome via Tyrkia. Våre partnarar er hardt råka av jordskjelvet.

– Nokre har mista livet, nokre har mista familiemedlemmar. Dei som til vanleg hjelper oss, treng sjølve hjelp no, seier Bilal Al Jabri i NORWAC.

Les også Reddet fra ruinene etter 80 timer

Ein person blir redda ut av bygningsmassene.

Torsdag ettermiddag var vegane delvis reparerte slik at dei første vogntoga med naudhjelp kunne ta seg over grensa.

Seks fullasta FN-trailerar køyrde gjennom grenseovergangen. Dette var naudhjelp som vart forsinka av jordskjelvet. Fredag føremiddag følgde 14 nye trailerar.

Samtidig seier Verdas matvareprogram at dei er i ferd med å gå tomme for naudhjelp, slik at det hastar å få meir hjelp over grenseovergangen.

Vogntog fra FN etter at de har passert grenseovergangen Bab el-Hawa mellom Syria og Tyrkia.

Dei fyrste vogntoga frå FN slapp gjennom grenseovergangen Bab al-Hawa torsdag ettermiddag.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP

Sanksjonane ikkje i vegen

– Den syriske regjeringa har konsentrert seg om å få hjelpa inn i området som dei sjølv kontrollerer, seier FN-diplomaten Geir O. Pedersen.

Byane Aleppo og Hama er også hardt råka av jordskjelvet.

– Regimet får hjelp frå sine allierte, Russland og Iran, i tillegg til enkelte arabiske statar. Hjelpa vert flogen inn til Aleppo og Damaskus. Men også dei treng mykje meir hjelp og assistanse, understrekar Pedersen.

I Idlib-regionen er det berre Dei kvite hjelmane som driv redningsarbeidet, og det utan ordentleg utstyr.

Dei har desperat bedt det internasjonale samfunnet om hjelp.

Les også Dei kvite hjelmane: – Vondt å sjå at verda har vendt Syria ryggen

-

Syria er omfatta av internasjonale sanksjonar på grunn av den brutale borgarkrigen. Men sanksjonane er ikkje problemet no, ifølge Pedersen.

– Den største utfordringa er logistikken. Både Europa, USA og arabiske land er innstilte på å hjelpe.

Hjelpearbeidere fra De hvite hjelmene i Salqin i Syria.

Hjelpearbeidarar frå Dei kvite hjelmane er foreløpig dei einaste som er på plass i Salqin.

Foto: MOHAMMED AL-RIFAI / AFP

Tryglar begge sider

Som FNs spesialutsending har Geir O. Pedersen vore i kontakt med dei stridande partane, både regimet i Damaskus og dei som styrer i Idlib.

– Bodskapen frå oss har vore at dei må leggje politikken til side, slik at vi kan konsentrere oss om jordskjelvet. Alle må sørge for at hjelpa kan kome inn gjennom dei raskaste kanalane og dei vegane som er opne, seier Pedersen.

I dag kom det første, vesle gjennombrotet.

– Eg fekk beskjed i dag tidleg om at vi skal få inn to store leveransar med hjelp frå det regjeringskontrollerte området og inn til Idlib, seier Pedersen.

Organisasjonen NORWAC har økt om økonomisk naudhjelp frå Noreg og fått ja frå det norske Utanriksdepartementet.

– Vi veit ikkje kor mykje vi får, men vi er lova støtte snart, seier Bilal Al Jabri.

Les også I sportsarenaen leitar pårørande i pose etter pose etter sine kjære

Ein mann sørger over tapet av familiemedlem.

SISTE NYTT

Siste nytt