Hopp til innhold

Dei kvite hjelmane: – Vondt å sjå at verda har vendt Syria ryggen

Dei kvite hjelmane fortvilar over mangelen på hjelp frå omverda, medan syriske familiar døyr inne i ruinane etter jordskjelva.

-

LITE RESSURSAR: Dei kvite hjelmane seier dei ikkje strekk til i hjelpearbeidet etter jordskjelva som råka den nordlege delen av Syria.

Foto: BAKR ALKASEM / AFP

Det er stor fortviling i Syria over det mange ser på som forskjellsbehandling av jordskjelvoffer.

– Vi ser at Tyrkia får hjelp og redningsmannskap frå 65 land. Det er veldig bra. Men kvifor får ikkje Syria same merksemd, spør Raed Saleh.

Han leier Dei kvite hjelmane. Det er den største sivilforsvarsstyrken i dei opprørskontrollerte områda i Syria.

Det er deira hjelpemannskap som står i front i søk- og redningsoperasjonane i dei jordskjelvråka områda.

– Teama våre er totalt utmatta og strekk ikkje til. Vi gjer så godt vi kan og reddar liv, men vi manglar heilt grunnleggande ting som gravemaskinar, verktøy for å skjære gjennom betong og stål, og søkehundar, seier Saleh.

-

Eit medlem av Dei kvite hjelmane, som driv med redningsarbeid i delar av Syria.

Foto: RAMI AL SAYED / AFP

Mista familie, heim og levebrød

NRK har vore i kontakt med folk i den opprørskontrollerte Idlib-provinsen, som er ein av dei hardast råka stadane i Syria.

Her bur Omar Al Hadid, som NRK sitt lokale team møter ved ein ruinhaug som tidlegare var heimen og butikken hans.

– Kva skal eg seie om kva eg føler? Eg har mista alt. I desse ruinane ligg familien min og butikken eg levde av.

Al Hadid er ein av fleire millionar internt fordrivne flyktningar som hadde søkt tilflukt i Idlib – borte frå kampane som har herja Syria i over 12 år.

Mange av flyktningane budde i falleferdige bygg med presenningar som vegger. Desse bygga fall saman som korthus då jordskjelvet skaka dette området.

undefined

Omar Al Hadid seier han mista alt då nabolaget raste saman.

– Vi rakk ikkje ein gong å reagere. Frå min familie overlevde berre eg og ein av dei yngste sønene mine, seier Al Hadid, og skjuler ansiktet med hovudtørkleet sitt medan han græt.

– No står vi på berr bakke. Det finst ikkje eingong nokon som kan hente ut lika til familiemedlemmene mine.

Ved ein annan ruinhaug møter vi Khaled Bakkar. Den unge mannen har også mista heile familien sin.

– Eg mista kone, mor, son, søster, svigerbror og naboar. Alle ligg under desse ruinane, seier Bakkar og peikar på det som ein gong var ei bustadblokk på tre etasjar.

– Familien min var i live under ruinane, men ingen kunne redde dei ut. Dei døydde medan eg stod makteslaus like ved, seier 35-åringen.

undefined

Khaled Bakkar medan han leita etter familien sin tysdag. Onsdag har fortvilinga blitt til sinne.

Enormt mange treng hjelp

Idlib-provinsen grensar til Tyrkia. Opprørarane og sivile her har fått dei fleste av forsyningane sine derifrå, men no står Tyrkia sjølv i ei historisk omfattande katastrofe.

Salah frå Dei kvite hjelmane kritiserer det internasjonale samfunnet som han meiner har svikta Syria.

– Det gjer vondt å sjå at verda har vendt Syria ryggen. Vi føler oss forlatne.

– Verken EU, FN eller nokon andre har teke kontakt med oss for å spørje kva vi treng for å redde liv. Menneska i verda ser ut til å vere delte under denne katastrofen. Vi ropar desperat om hjelp, men ropa våre fell for døve øyre.

Etter 12 år med krig, har 70 prosent av syrarane behov for humanitær hjelp, skreiv FN sitt tryggingsråd for nokre veker sidan.

Vestlege land har stilt med noko humanitær hjelp, men har sett ei hard grense når det kjem til å bygge opp att landet, seier forskar Hilde Henriksen Waage ved Universitetet i Oslo.

Hilde Henriksen Waage

Hilde Henriksen Waage er forskar og professor i historie med Midtausten som spesialfelt.

Ho viser til ei lov som Donald Trump innførte då han var president i USA, som heiter: «Ingen assistanse til Assad-lova».

– Den lova skal hindre at internasjonale organisasjonar som Verdsbanken og FN startar å bygge opp att Syria.

Assad-regimet har fått ei rekke sanksjonar mot seg frå EU, USA og oss i Noreg. Årsakene er blant anna regimet si undertrykking av sitt eige folk, og bruk av kjemiske våpen i krigen.

– EU og vesten krev at Assad må gå av først, altså ei regimeendring. Dette gjer også at dei rike Golf-landa, dei har aldri likt Syria, også følger denne linja som USA på ein måte har bede dei om, seier Waage.

Naudhjelp er unntaket i denne lova, og gir som eksempel ein samtale ho hadde i mai med FN sin utsending til Damaskus, Geir Pedersen.

– Han spurde EU i Brussel om dei kunne vere så vennlege å gi vindauge til skulebygg i Syria. Skulane har ingen vindauge, fordi dei er bomba sund og saman.

– Då svarte Brussel at: «Ja, du kan få vindauge. Ja, du kan få dører. Men du får ikkje tak, for tak er rekna som å bygge det opp att.»

-

Krigen i Syria har no gått føre seg i 12 år. Biletet viser ein syrisk gut og ein amerikansk soldat, og er teke 26. januar 2023.

Foto: DELIL SOULEIMAN / AFP

Den intense eskaleringa i krigen mellom Assad sine styrkar og opposisjonsgrupper med Tyrkia i ryggen, har no roa seg.

– Men når det gjeld andre ting, er biletet like forferdeleg som det har vore, skreiv Pedersen i ein artikkel for nokre veker sidan.

– Denne konflikten treng ei grundig politisk løysing, og ingenting anna kan kome til å fungere. Den løysinga ligg diverre ikkje i umiddelbar framtid.

Kart over området som er rammet av jordskjelv i Syria og Tyrkia
Grafikk: Eirik Kirkaune / NRK

Kaldt for små barnekroppar

Kristin Oudmayer er direktør for barnerettar i Unicef Noreg, som kjem med humanitær hjelp til områda som er råka.

Kristin Oudmayer

Kristin Oudmayer er direktør for barnerettar i Unicef Noreg.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Ho seier det er umogleg å vite kor mange barn som har døydd av skjelvet.

– Vi veit at det er barn blant dei døde som ligg i ruinane, og vi veit at det er mange barn som har kome bort frå foreldra sine i denne situasjonen her.

Oudmayer var sjølv på reise til Syria sist sommar, i byen Hama. Den er no eitt av dei hardast råka områda.

Dette er eit område med mange internt fordrivne flyktningar, som kom dit på leit etter ein stad å leve og kunne beskytte barna sine, seier ho.

USIKKER PÅ BRUK - spør vaktsjef

Det er barn blant dei døde som er henta ut av ruinane i Syria. Her blir eitt av dei bore ut av ruinane i landsbyen Jandairis.

Foto: BAKR ALKASEM / AFP

Elles i landet er forholda framleis farlege, med mangel på vatn, næring og medisinar. Mange stader er det umogleg for barn å gå på skulen.

– Eg besøkte blant anna ein flyktningleir i området som ein kan gå ut frå ikkje finst lenger no. Det er det stusslegaste og vondaste eg nokosinne har opplevd.

– Folk lever med syltynne teltveggar. Det er et minimum av sanitære forhold, det er lett for at sjukdom spreier seg, og dei har rett og slett ikkje det som trengst for å overleve frå dag til dag i utgangspunktet.

Spesielt er ho uroa for den kalde bølga som råkar området no, etter jordskjelvet.

Ikkje berre gjer den redningsarbeidet endå vanskelegare å utføre – den utgjer også ein stor risiko for barna som er fanga i ruinane.

-

Dei barna som er redda går ei vanskeleg framtid i møte. Det er likevel betre enn inga framtid, seier Oudmayer.

Foto: ABDULAZIZ KETAZ / AFP

– Små barnekroppar toler det veldig mykje dårlegare enn vaksne, så vi er ekstra uroa for alle dei som ikkje er funne og som ikkje har ein stad å vere med tak over hovudet.

– Dette er barn som har levd med store påkjenningar i lang tid. Mange har traume med seg frå flyktningleirar som dei har vakse opp i, og så kjem dette på toppen som eit nytt traume, ei ny uvisse, og kanskje mister dei i tillegg familiemedlemmer. Så ein kan berre sjå føre seg at det blir eit nytt generasjonstraume som treffer barna i dette området.

«Dårlege vener»

Fleire av områda i Syria som no er råka, har tidlegare vore sentrum for opprørsstyrkane i krigen, seier Waage.

– Her har regimet under Bashar al-Assad sitt styre, saman med sin bestevenn og allierte, Vladimir Putin i Russland, teppebomba heile det nordlege landet frå før.

– Dei starta med Aleppo og Hama, som skjelvet no har råka hardt. Dei såg ut som ein ruinhaug allereie.

Det verkar samtidig som at eliten i Syria prioriterer seg sjølve over vanlege folk i områda dei har teke, som Aleppo og Hama.

Idlib-provinsen, som også har fått store skadar som følge av skjelva, er styrt av opprørarane, og kan ikkje vente seg hjelp frå regimet.

Russiske redningsarbeidarar i nord-Syria, 7. februar.

Russiske redningsarbeidarar i Nord-Syria tysdag.

Foto: - / AFP

Det finst noko russisk redningspersonell inne i Syria, trass i at landet brukar store ressursar på krigen i Ukraina.

Men landa Assad-regimet elles ville fått hjelp frå, Russland og Iran, er opptekne med sine eigne problem, seier ho.

Palestina og Libanon har også sendt hjelp, men er også land som har lite ressursar å bruke på dette.

– På den syriske sida er det ikkje gravemaskinar og ressursar til å hjelpe menneske ut av ruinane. Vi ser dei grev med små kjelar og med hendene, og det er iskaldt.

– Spørsmålet blir, når Syria berre har dårlege venner: kven skal då hjelpe dei med å bygge opp att dette herja landet?

AKTUELT NÅ