Alya Kohyo har fått nummer 792.
Den vesle kvite bylten ligg tett inntil det som kanskje var foreldra hennar.
Alya kan ikkje ha vore meir enn eitt år då den vesle kroppen blei knust under bygningsmassane.
Alle som kjem inn får eit nummer. Dei bruker fingeravtrykk for å finne pårørande.
Familiar som søker etter sine går frå pledd til pledd og ser på ansikt. Dei går vidare viss dei ikkje kjenner igjen ansiktet. Fell saman i gråt viss gjer det.
Redningsmannskapa og dei frivillige prøvar så best dei kan å halde orden i kaoset med dei mange døde.
Foto: Åse Marit Befring / NRKJobbar døgnet rundt
Med tusenvis av døde er det tøffe tider for dei som jobbar med å identifisere og gravlegge dei.
– I går hadde vi 600 døde her. Eg veit ikkje kor mange det blir i dag. Det kjem an på kor mange redningsarbeidarane klarer å få ut av bygningsmassane.
Dette fortel Samet Gumus som NRK møter utanfor sportshallen i Kahramanmaraş i Tyrkia.
Samet Gumus er ein av dei frivillige som hjelper til i arbeidet.
Foto: Åse Marit Befring / NRKHan har meldt seg til teneste som hjelpearbeidar og jobbar no nesten døgnet rundt. I går sov han berre i to timar.
Byen Kahramanmaraş ligg nære episenteret. Sportshallen er eit av få uskadde bygg, og eit av tre midlertidige likhus i byen. Hit blir alle dei døde frakta etter at dei har blitt henta at ut av bygningsmassane.
På kvar pinne står nummeret. Nokre har namn, andre ikkje.
Eit ungt par set ei rosa sokk på ein av pinnane. Dei har endeleg fått svar, og sokken gjer det enklare å finne pinnen igjen.
Inntrykka er sterke og pågangen er stor.
– Ei mor forsøkte å gje barnet sitt hjartemassasje. Det gjekk veldig inn på meg. Eg har sjølv ei dotter på to år. Eg tenkte på henne. Slike opplevingar går inn på deg, seier Gumus.
Døde blir bragt til begravelser, som foregår fortløpande.
Foto: Åse Marit Befring / NRKFrå likhuset til gravlunden
Det store talet på døde gjer at pårørande har blitt bedde om å hente kroppane så raskt som mogleg.
Viss dei ikkje finn pårørande innan 24 timar, blir dei døde lagde i grava av hjelpearbeidarane. Etter islamsk skikk skal ein død i jorda i løpet av det fyrste dødsdøgnet.
Også dei som ikkje er blitt identifiserte blir sendt av garde for å bli lagde i jorda.
Eit stort område i utkanten av byen er gjort om til gravlund.
Det går no skytteltrafikk frå likhuset til gravlunden. Også her opnar søkande likposane i håp om å få svar.
– Eg leiter etter ein som stod meg nær, seier mannen som sjekkar pose etter pose.






Ein mann opnar ein likpose i håp om å finne ein av sine nære.
Åse Marit BefringPinnar og nummer utan namn
Kvar avdød blir market med ein pinne. Pinnar og nummer utan namn står ein etter ein på linje i jordhaugen.
Dei pårørande merkar pinnane slik at dei seinare kan finne igjen sine.
Området som er sett av til gravene er enormt. Sørgeleg nok trur dei alt blir fylt opp.
Ein død blir bore til sin siste kvilestad.
Foto: Åse Marit Befring / NRKKvar avdød blir markert med ein pinne. Med eller utan namnet på.
Foto: Åse Marit Befring / NRKGravplassane er sette opp på rekke og rad.
Foto: Åse Marit Befring / NRK– Eg har mista sonen og svigerdottera mi. Dei to barnebarna er framleis under bygningsmassane, seier ein eldre mann ved gravene.
– Du må oppleve dette for å kunne forstå. Eg kan ikkje skildre det, seier han, roleg og fatta.
Gravferdene følger tett etter kvarandre.
Dei har halde på nesten kontinuerleg sidan jordskjelva ramma byen.
Alle får ei verdig gravferd, også dei som ikkje er identifisert
Foto: Åse Marit Befring / NRKGlede i Kahramanmaraş: