Hopp til innhold

Semje om spion-utveksling

Alle russarane som er tiltalte for å vere spionar i USA, har erklært seg skuldige. Det opnar for fangeutveksling med Russland.

De påståtte spionene i retten i USA

Dei ti spion-tiltalte vil seie seg skuldige, opplyser den amerikanske påtalemakta.

Foto: Jane Rosenburg / Reuters

Anna Chapman

Anna Chapman har fått mest merksemd av dei ti tiltalte.

Foto: Ap

Dommaren i saka i USA seier dei ti spiontiltalte russarane skal utvisast frå USA straks.

Seint i kveld kjem det også meldingar om at russiske styresmakter har gått med på å setje fri fire personar som er fengsla for å ha samarbeidd med vestlege etterretningstenester.

Ein av dei som skal setjast fri frå fengsel i Russland er den spiondømde atomforskaren Igor Sutjagin.

Vanlege jobbar

Dei ti russarane har budd i USA i mange år og hatt vanlege jobbar. Den amerikanske påtalemakta meiner dei har prøvd å kome nær politiske makthavarar.

Etterforskinga skal ha gått føre seg i over ti år.

Blant dei ti har den vakre Anna Chapman fått mest merksemd. Ho har blitt kalla ei «femme fatale», og ho har blitt samanlikna med Mata Hari.

Det er også fire ektepar som var busette i vanlege nabolag utanfor New York, og også ein tilsett i eit reisebyrå som var busett i Arlington, der USA har mykje av forsvarsverksemda si.

Utvekslingsavtale

Det var ABC News som tidlegare i dag melde at USA og Russland for første gong på 24 år har blitt samde om ein utvekslingsavtale. Ein ikkje namngitt amerikansk tenestemann seier at USA har gått med på å utveksle dei spiontiltalte, dersom dei vedgår straffskuld.

Mannen som skal ha vore leiaren for gruppa, er framleis på frifot. Christopher Metsos vart arrestert på Kypros, men forsvann kort tid etter. Sidan har ingen sett han.

LES OGSÅ: - Spionutveksling i kveld

LES OGSÅ: Mulig spionutveksling USA-Russland

LES OGSÅ: Innrømmer å være russisk spion

LES OGSÅ: «Den ellevte spionen» forsvant

LES OGSÅ: USA-spion sparket etter kidnapping

LES OGSÅ: Spion nr 11 arrestert på Kypros

LES OGSÅ: Ti er mistenkt for spionasje for Russland

SISTE NYTT

Siste nytt