Hopp til innhold

Sel gjer jobben for å finne klimasvar i Sørishavet

– Det er selane som gjer den tøffe jobben i felt, seier økolog Andrew Lowther ved Norsk Polarinstitutt. 35 «forskingsassistentar» frå dyreriket hentar viktige klimadata frå Sørishavet.

Slik gjør selene den viktige jobben. Husk lyd!

Forskarane skryter av «kollegaene» frå dyreriket. Her kan du sjå korleis selane blir gjort klare for den viktige jobben.

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei gruppe forskarar frå Norsk Polarinstitutt har vore på Bouvetøya i vinter. Der har dei utstyrt 15 elefantselar og 20 pelsselar med satellittsendarar. Økolog Andrew Lowther har Sørishavet som spesialfelt, og var toktleiar.

– Satellittsendarane gir oss informasjon om kvar selane oppheld seg i dette enorme havområdet, og kor djupt dei dykkar. I tillegg får vi, takka vere selane, data om saltinnhald og temperatur i havet. Dette er blant anna viktig for klimaforskinga i Antarktis, seier Lowther.

Satellittsender blir limt fast på sel på Bouvetøya

Denne satellittsendaren skal snart sende viktige data frå Sørishavet til Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Sendaren blir limt fast på selen og dett av neste gong selen feller pelsen, etter maksimum eitt år.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

– Utan selar «på jobb», ingen data

– Korleis vil du karakterisere den innsatsen selane gjer?

– Den er heilt avgjerande. Vi kan rett og slett ikkje samle inn denne informasjonen på nokon annan måte. Det ville vere ekstremt dyrt å dra ut med skip i dette området, seier Lowther.

– Selane er med andre ord svært nyttige «forskingsassistentar» for oss. Dei samlar inn alle data – vi analyserer det vi får inn.

Forskarar og sel på Bouvetøya

Forskarar frå Norsk Polarinstitutt gjer seg klare til å feste satellittsendarar til sel på Bouvetøya – noko som er nyttig både for å kartleggje kor langt selen dreg og for å sikre forskarane data som dei elles ikkje ville fått tak i.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Rett frå selen til forskaren sin PC

Bouvetøya ligg midt i Sørishavet, mellom Sør-Afrika, Sør-Amerika og Antarktis. Øya blir rekna som den mest isolerte staden i verda. Sidan midten av 1990-talet har Norsk Polarinstitutt drive forsking og overvaking dyre- og fuglelivet her.

Arbeidet er ledd i eit internasjonalt program for overvaking av økosystemet under Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR).

Pelssel på Bouvetøya

Pelssel slappar av ved stranda på Bouvetøya.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Ein ny stasjon blei sett opp vest på øya i januar 2014, etter at den gamle bles på havet i 2007. Forskarar frå Norsk Polarinstitutt er på tokt her kvart tredje år.

Det er rundt 70.000 Antarktis-pelsselar og ca. 200 elefantselar (sjøelefantar) på Bouvetøya. Elles er dyre- og fuglelivet dominert av pingvinar og eit titals andre fugleartar.

Selane som ute er på «forskingsoppdrag», var ferdig utstyrte med sendarar for rundt åtte veker sidan.

– Vi får inn data kvar einaste dag, rett frå sendarane ute i Sørishavet til datamaskinane på kontoret her i Tromsø, seier Andrew Lowther.

Data frå satellittsendar på sel vist på skjerm

På Norsk Polarinstitutt sitt hovudkontor i Tromsø kan forskarane sjå kor langt frå Bouvetøya selane har dratt. Data frå satellittsendarane blir sende ut kvar gong selane er oppe ved overflata for å puste. Nokre få timar seinare kjem dei forskarane i hende.

Foto: Eric Kama Steinberg / NRK

2000 meter ned i havet

Lowther fortel at det kjem inn signal heilt frå kysten av Dronning Maud Land i Antarktis. Dit er det 1700 kilometer.

– Vi har også selar som no er nærare Afrika enn Bouvetøya. Dei dekkjer faktisk ein stor del av Sør-Atlanteren og Sørishavet for oss, seier han.

Han legg til at elefantselane dykkar heilt ned til 2000 meters djup.

Kart Bouvetøya

Bouvetøya ligg midt i Sørishavet, om lag 2200 kilometer sør for Sør-Afrika. Øya blir rekna som den mest isolerte staden i verda.

Foto: NRK

Måler temperatur under isen

Lowther trekkjer fram observasjonane ved kysten i Antarktis som spesielt viktige. Her ligg det is som flyt på havet, såkalla isbremmar. Ein isbrem er frå rundt 100 til 2000 meter tjukk.

Isbremmane er svært viktige i den internasjonale klimaforskinga. Forskarane prøver å finne ut i kva omfang dei smeltar frå undersida som følgje av temperaturauke i havet.

Økolog Andrew Lowther, Norsk Polarinstitutt

Økolog Andrew Lowther, Norsk Polarinstitutt.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Selane som no er «på oppdrag» i området går også inn under isen, og gir forskarane klimadata som det elles ville vere svært vanskeleg å hente ut.

– Dyra som allereie er komne ned til Dronning Maud Land, sender oss data som heilt klart viser oss at det kjem varmare havvatn inn under isen. Og når isen smeltar, blir saltinnhaldet i havet mindre. Derfor er målingane både av temperatur og saltinnhald svært viktige, seier Lowther.

Han vil ikkje trekkje nokon endelege konklusjonar enno, sidan målingane nyleg har starta. Men i oktober/november håpar han å kunne ha stort nok datamateriale til å kunne samanlikne med observasjonar som blei gjort i 2008, i samband med det internasjonale polaråret.

Då blei det også sett satellittsendarar på sel på Bouvetøya, og målingane viste at det var tilførsel av varmt vatn djupt nede i havet, og at dette førte til smelting under iskappa. Det same blei gjort i 2015

Elefantsel på Bouvetøya

Eit langt elefantsel-gjesp ...

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Lang tidsserie

– Først når vi kan sjå målingane frå i år, 2015 og 2008 i samanheng, kan vi seie noko om utviklinga over tid, seier Lowther.

Dette vil vere første gong forskarane kan presentere data som er henta inn over ein så langt tidsperiode.

– Då kan vi seie meir om korleis havet påverkar klimaet både i Antarktis og internasjonalt. Og vi har eit solid grunnlag for å seie meir om korleis det globale klimaet vil endre seg framover.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) følgjer forskingsarbeidet på Bouvetøya med stor interesse.

Bouvetøya

Forskarar frå Norsk Polarinstitutt på veg opp til den nye stasjonen, som blei sett opp i januar 2014.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

– Sårbart økosystem

– Kunnskapen frå dette forskingsprosjektet har stor verdi for det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av det sårbare økosystemet i Antarktis. Forskinga sørgjer også for viktige data til dei globale klimamodellane, seier Elvestuen.

– Dronning Maud Land er eit naturområde som er viktig for heile verda. Kunnskapen forskarane hentar inn frå elefantsel på Bouvetøya gjer oss betre i stand til å ta vare på eit økosystem i endring, legg han til.

Inn for landing på Boutvetøya

Bli med rundt Bouvetøya i helikopter. Foto: Norsk Polarinstitutt

Landgang på Bouvetøya – eit NRK-program frå 10. juni 1979, laga av Haakon Børde og Karl Hans Johansen.

SISTE NYTT

Siste nytt