Hopp til innhold

Forskarar bom fast på grunn av smelting i Antarktis

Eit norsk-indisk forskarteam på oppdrag i Antarktis blei ståande bom fast på grunn av enorme mengder smeltevatn. Det tok ei veke før dei kom seg vidare. Temperaturen har vore uvanleg høg i delar av Antarktis dei siste månadene.

Eit norsk-indisk forskarteam på oppdrag i Antarktis blei ståande bom fast på grunn av enorme mengder smeltevatn. Det tok ei veke før dei kom seg vidare. Temperaturen har vore uvanleg høg i delar av Antarktis dei siste månadene.

Vatnet sprutar opp når den store beltevogna prøver å komme seg ut av smeltedammen i Dronning Maud Land. FOTO: NORSK POLARINSTITUTT

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Forskarane frå Noreg og India er tilbake etter ein ekspedisjon som hadde store overraskingar å by på. Dei drog ut til kysten av det norske området Dronning Maud Land i november – tidleg på sommaren i Antarktis. Etter å ha gjort feltarbeid der i seks veker, returnerte dei i januar, same veg som dei kom.

Då hadde det som var fast blåis i november, fullstendig endra karakter. No blei forskarane møtte av enorme område med slaps og flytande vatn. Det var rett og slett umogeleg å komme forbi.

– Dette kom svært overraskande på oss. Vi blei vitne til ei dramatisk endring som hadde skjedd i løpet av berre nokre få veker, fortel Kenny Matsuoka, prosjektleiar frå Norsk Polarinstitutt.

Bli med i beltevogn gjennom smeltedammane

Blåisen er forvandla til vatn og sørpe. FOTO: NORSK POLARINSTITUTT

– Aldri sett noko liknande

– Satellittdata viser at det er smelting i dette området om sommaren, men det er høgst uvanleg med vatn over så store område oppå breen, seier Matsuoka. Han har vore elleve gonger i Antarktis, og har aldri sett noko liknande.

Forskarane hadde ikkje anna å gjere enn å ta med seg bagasjen sin og forlate området. Beltevogner og andre køyretøy blei ståande bom fast i ei heil veke. Nattetid, då temperaturen var lågare, drog forskarane tilbake for å prøve å få køyretøya ut, og endeleg lukkast dei.

1. mars i år la Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) fram ein rapport som viser at den høgaste temperaturen som er målt i Antarktis nokon gong, er 17,5 grader. Den målinga blei gjort i Vest-Antarktis, lengst ute på den antarktiske halvøya.

I Aust-Antarktis er det langt kaldare. Men generelt er det dei lågtliggjande områda ved kysten som har høgast temperatur. Kenny Matsuoka fortel at denne sommaren har vore uvanleg varm i det området der forskarane arbeidde.

Han vil likevel ikkje konkludere med at det forskarane fekk sjå, med omfattande smelting, har noko med klimaendringar å gjere.

Store smeltedammer i Antarktis

Beltevognene blei ståande fast i store smeltedammar. Det tok ei veke før ekspedisjonen kom seg vidare. Seks veker tidlegare var det fin blåis her.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Klimaendringane årsak?

– Vi veit ikkje enno om dette er ein konsekvens av klimaendringane. Det er observasjonar frå ein enkelt sesong. I dette prosjektet skal vi gjere grundige målingar i området, samtidig som vi kartlegg omfanget av smelting tilbake i tid. Dermed vil vi også få eit betre grunnlag for å seie noko om kva vi kan vente oss i framtida, seier Matsuoka.

Forskarane, fire norske og fem indiske, er med på prosjektet MADICE, som går over fire år, frå 2016 til 2020. Målet er å undersøkje korleis isen ved kysten i Aust-Antarktis endrar seg. Feltarbeidet går føre seg på Nivlisen, ein isbrem ved den 2000 kilometer lange kysten av Dronning Maud Land, som er den norske delen av Antarktis.

Beltevogn-kolonne på vei over isbremmen Nivlisen i Antarktis

Beltevogn-kolonne på veg over Nivlisen i Dronning Maud Land.

Foto: Katrin Lindbäck / Norsk Polarinstitutt

Innlandsisen i Antarktis flyt sakte ut mot kysten. Når isen når havet, får vi det som kallast isbrem – tjukk is som flyt på havet. Rundt ti prosent av Antarktis er isbremmar.

Dette er første gong det blir gjennomført så omfattande forsking i dette området. Og det er første gong Noreg og India samarbeider om eit prosjekt i Antarktis. Begge landa har stasjonar i Dronning Maud Land–Noreg har Troll, mens Maitri er India sin stasjon. Det er 350 kilometer mellom stasjonane.

Dronning Maud Land og Nivlisen i Antarktis

GRAFIKK: Tom Bob Peru Aronsen, NRK

Grafikk: Tom Bob Peru Aronsen, / NRK

Manglar kunnskap

Thamban Meloth er prosjektleiar hos den indiske samarbeidspartnaren, the National Centre for Antarctic and Ocean Research in India (NCAOR).

– Det er godt kjent at temperaturen har stige på den antarktiske halvøya i vest. Men vi veit lite om forholda ved kysten i Aust-Antarktis. Derfor er dette forskingsprosjektet viktig, seier han.–Det vil hjelpe oss til betre å forstå klimaendringane på lang sikt.

– Vi vil gjerne vite meir om dei forandringane som skjer i kystområda, og om kva effekt dei globale klimaendringane har på isbremmane, seier Kenny Matsuoka.

I løpet av den første feltsesongen har forskarane gjort omfattande målingar med radar og GPS, både over og under isen. Såkalla høgfrekventradar blir brukt for å måle i kva grad isbremmane smeltar frå undersida. Dette blir registrert på centimeternivå.

Forskerne Katrin Lindbäck og Bhanu Pratap på Nivlisen i Antarktis

Forskarane Katrin Lindbäck (Norsk Polarinstitutt) og Bhanu Pratap (the National Centre for Antarctic and Ocean Research in India) bruker såkalla høgfrekvent radar for å måle kor tjukk isbremmen Nivlisen i Dronning Maud Land er.

Foto: Harvey Goodwin / Norsk Polarinstitutt

Meir dynamisk is

Det er også tatt prøver djupt ned i isen gjennom å bore ut søyler med is. Store mengder satellittdata skal analyserast fortløpande gjennom forskingsprosjektet, og ein vêrstasjon skal bl.a. måle temperatur og vindstyrke.

– Det vi kan slå fast alt no, er at isen her er meir dynamisk enn vi var klar over, og ulik Fimbulisen eit stykke unna, som vi har undersøkt tidlegare. Dette skal vi no studere nærare, seier Kenny Matsuoka.

– Dronning Maud Land har ei lang kjede av mange små isbremmar. Dei er alle ulike, seier han.

Til sommaren, det vil seie i god tid før jula kjem til Antarktis, er forskarane tilbake.

Gode naboar i Antarktis

30 land som har eit eige forskingsprogram for Antarktis, samarbeider gjennom organisasjonen COMNAP. Desse landa har til saman 92 stasjonar i Antarktis. Ti land har forskingsstasjonar i Dronning Maud Land – Belgia, Finland, India, Japan, Noreg, Russland, Storbritannia, Sverige, Sør-Afrika og Tyskland.

India har vore representert i Antarktis i over 35 år no, fortel Thamban Meloth frå det indiske Antarktis-programmet.

– Forskinga vi har gjort her, indikerer at det er ein klar samanheng mellom klimaet i Antarktis og monsunen i India, seier han. Forskinga ved stasjonen vår her i Dronning Maud Land er derfor viktig for svært mange menneske, seier han.

– India og Noreg er gode naboar her i Dronning Maud Land, seier Meloth.–Vi utfyller kvarandre på ein god måte, og det er svært hyggeleg å kunne samarbeide om dette prosjektet, seier han.

– Samarbeid er nøkkelen til suksess i Antarktis, legg han til.

Thamban Meloth og Kenny Matsuoka i Antarktis

Thamban Meloth frå the National Centre for Antarctic and Ocean Research in India (NCAOR) (tv.) og Kenny Matsuoka frå Norsk Polarinstitutt er prosjektleiarar for MADICE-prosjektet i Dronning Maud Land.

Foto: Bhanu Pratap / NCAOR

Kenny Matsuoka frå Norsk Polarinstitutt synest samarbeidet med indarane fungerer svært godt.

– Den indiske Maitri-stasjonen ligg forholdsvis nær Nivlisen, der vi gjennomfører dette prosjektet. Vår Troll-stasjon ligg langt unna. Vi kom til Maitri med fly, og starta ekspedisjonen der–med seks beltevogner og store mengder utstyr. Det hadde blitt svært vanskeleg å gjere dette utan å samarbeide med indarane, seier han.

– Vi ser ei aukande interesse for polarforsking frå asiatiske land, og India er ein viktig samarbeidspartnar for oss, seier direktør ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.–Vi har indiske forskarar hos oss på Polarinstituttet i Tromsø, vi samarbeider i MADICE-prosjektet i Antarktis, og det indiske polarinstituttet har forskingsstasjon i Ny-Ålesund på Svalbard.

– Vi ser fram til å samarbeide vidare med India, seier Winther.

Lang forskingstradisjon

I åra etter at Roald Amundsen hadde nådd Sørpolen i 1911, dreiv Noreg omfattande kartlegging av Dronning Maud Land frå fly. Desse ekspedisjonane på 1920- og 30-talet la grunnlaget for at Noreg annekterte denne delen av Antarktis i 1939.

– Etter den andre verdskrigen trappa Noreg og Norsk Polarinstitutt opp aktiviteten i Antarktis, fortel Jan-Gunnar Winther.

– Dei to største forskingsekspedisjonane i etterkrigstida var den norsk-britisk-svenske Maudheimekspedisjonen (1949–52) og Norway Station (1956-60), som blei gjennomført under Det internasjonale geofysiske året i 1957–1958.

– Denne innsatsen var ein del av eit internasjonalt løft for Antarktis-forskinga, og førte til etableringa av det vitskaplege samarbeidet i Antarktis i 1958 (SCAR–Scientific Committee on Antarctic Research) og Antarktistraktaten i 1959, seier Winther.

Antarktis-ekspedisjonen tilbake på Troll

Den norsk-amerikanske forskingsekspedisjonen under Polaråret, Antarktis-traversen, kom tilbake til Troll-stasjonen 21. februar 2009. Dei hadde bak seg 2300 kilometer frå Sørpolen – gjennom område som tidlegare ikkje var blitt undersøkt. I framgrunnen ser vi nokre av køyretøya dei brukte, Troll-stasjonen lengst bak. Ekspedisjonen starta frå Troll 16. november 2007. I januar 2008 kunne statsminister Jens Stoltenberg gratulere dei med at første etappe var fullført, frå Troll til Sørpolen.

Foto: Eivind Molde / NRK

I tiåra som følgde, hadde Noreg sporadiske ekspedisjonar til Antarktis, men etter at sommarstasjonen Troll blei etablert i 1989/90, har Noreg hatt regelmessige ekspedisjonar der.

Aktiviteten blei trappa opp etter at Troll kom i drift som heilårsstasjon i 2005, ikkje minst under Det internasjonale polaråret i 2007–2008.

I dag overvintrar det seks personar på Troll, mens 30–50 personar oppheld seg der i sommarsesongen (november-februar).

– Kva slags forsking driv Noreg i Antarktis?

– Vi fokuserer i stor grad globale problemstillingar som klimaendringar (f.eks. havnivå, havstraumar, issmelting), langtransporterte luftforureiningar og det marine økosystemet, fortel Winther.

– Vi gjer også ein innsats for å bevare kulturminne frå den tidlege utforskinga av Antarktis. På den subantarktiske Bouvetøya har Norsk Polarinstitutt ein forskingsstasjon (Norvegia-stasjonen) som spesielt overvaker meteorologiske parameter, og blir brukt som utgangspunkt for studium av det marine økosystemet, noko som er viktig blant anna for norsk fangst av kril i området, legg han til.

Antarktis
Foto: NORSK POLARINSTITUTT

SISTE NYTT

Siste nytt