Hopp til innhold

Russland: – Uvennleg handling av Storbritannia

Russland ser på utvisinga av russiske diplomatar som ei uvennleg handling av Storbritannia. Men det russiske svaret er enno ikkje klart.

Talskvinne for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova heldt pressekonferanse i Moskva.

Onsdag ettermiddag sa Theresa May at Storbritannia meiner Russland stod bak forgiftinga av den russiske eksagenten Sergej Skripal og dottera hans, Julia i Salisbury 4. mars. Ho kunngjorde at landet utviser 23 russiske diplomatar, som eitt av fleire tiltak.

Torsdag formiddag heldt det russiske utanriksdepartementet pressekonferanse. Det var venta at den offisielle responsen frå Russland ville bli presentert der, men talskvinne Maria Zakharova sa at Russland enno ikkje har konkludert.

Sergej Skripal og datteren Julia

Sergej Skripal og dottera Julia blei forgifta med nervegift på ein restaurant i Salisbury.

Foto: REX/Shutterstock / Shutterstock

– «Fullstendig galskap»

Zakharova sa at det var «fullstendig galskap» å påstå at Russland er skuldig å forgiftinga.

– Britiske styresmakter har valt konfrontasjon med Russland. Vår respons vil komme om kort tid, sa ho.

Zakharova sa at Russland er svært uroa over forgiftinga, og kritiserte Storbritannia for ikkje å samarbeide i etterforskinga av saka.

– Vi har ikkje fått nokon som helst informasjon frå britiske styresmakter, sa ho.

Britisk politi har slått fast at nervegifta som blei brukt i angrepet var utvikla i eit hemmeleg sovjetisk våpenlaboratorium. Men Russland nektar for å ha noko med saka å gjere, og etterlyser bevis.

Statsminister Theresa May kunngjer kva tiltak Storbritannia vil gjennomføre.

Internasjonal støtte

Den første reaksjonen frå Russland kom i ei pressemelding frå den russiske ambassaden i London onsdag ettermiddag.

Seinare på dagen sa den russiske industri- og handelsministeren, Denis Manturov at alle lager av kjemiske våpen er øydelagde, og at det derfor ikkje gir meining å skulde Russland for eit angrep med nervegift i Storbritannia.

Både USA, Frankrike og fleire andre land har i løpet av onsdag kveld vist støtte til den britiske avgjerda om å utvise 23 russiske diplomatar.

Jonathan Allen, Nikki Haley

USAs FN-ambassadør Nikki Haley saman med Storbritannias FN-ambassadør Jonathan Allen i hastemøte i Tryggingsrådet onsdag kveld.

Foto: Mary Altaffer / AP

SISTE NYTT

Siste nytt