Hopp til innhold

Storbritannia utviser 23 russiske diplomatar

– Det er ingen tvil om at Russland stod bak forgiftinga av den russiske eks-agenten Sergej Skripal og dottera hans. Det seier statsminister Theresa May. Ho skuldar Russland for drapsforsøk, og utviser 23 russiske diplomatar.

Statsminister Theresa May annonserer kva tiltak Storbritannia vil gjennomføre.

Storbritannia kallar også inn til hastemøte i Tryggingsrådet i FN om forgiftinga i Salisbury. Møtet skal haldast klokka 20 onsdag.

Sergej Skripal og dottera hans Julia blei funne medvitslause på ein benk i Salisbury 4. mars.

Ifølgje politiet var nervegifta utvikla i eit hemmeleg sovjetisk våpenlaboratorium.

Theresa May gav styresmaktene i Moskva frist til midnatt natt til onsdag med å forklare seg om giftangrepet. Ho varsla reaksjonar mot Russland dersom det ikkje kom ei truverdig forklaring.

Police officers stand behind a cordon placed around a payment machine covered by a tent in a supermarket car park near to where former Russian intelligence agent Sergei Skripal and his daughter Yulia were found poisoned in Salisbury

Området rundt benken der den russiske eks-spionen Sergej Skripal og dottera Julia blei funne, blei raskt sperra av.

Foto: Henry Nicholls / Reuters

Innfører straffetiltak

I Underhuset sa Theresa May onsdag ettermiddag at det ikkje har komme ei tillitvekkjande forklaring frå Russland. Ho kunngjorde så kva tiltak som vil bli gjennomførte.

I tillegg til å utvise diplomatar, vil Storbritannia bryte den diplomatiske kontakten på høgt nivå med Russland. Ingen ministrar eller kongelege kjem til å reise til Russland under fotball-VM. Ein invitasjon til utanriksminister Sergej Lavrov blir trekt tilbake.

Storbritannia vil også fryse russiske statlege verdiar i tilfelle der det er bevist at dei kan brukast til å true liv eller eigedom som tilhøyrer britiske statsborgarar.

Utvisinga av russiske diplomatar er den mest omfattande frå Storbritannia på over 30 år. I 1971 blei 105 diplomatar og andre som arbeidde for Russland erklærte for uønskte i Storbritannia.

Landet utviste også russiske diplomatar i samband med at Alexander Litvinenko blei forgifta med radioaktivt polonium i 2006.

Theresa May talte i Underhuset

Theresa May: - Russland stod bak

Russland avviser

Onsdag formiddag avviste Russland skuldingane, og ein talsmann for president Vladimir Putin sa dei var grunnlause.

Tidlegare har russiske styresmakter etterlyst bevis, og sagt at eventuelle straffetiltak mot Russland vil føre til russisk motsvar.

Putin

President Vladimir Putin avviser at Russland har noko med forgiftinga i Storbritannia å gjere.

Foto: Sputnik / Reuters

Støtte frå EU

EU-president Donald Tusk støttar Theresa May og seier det er sannsynleg at Russland står bak forgiftinga.

Saka skal diskuterast på EU-toppmøtet neste veke.

SISTE NYTT

Siste nytt