Hopp til innhold

Russisk kanal blokkert på YouTube

Falske nyheiter om korona er årsaka til at YouTube blokkerer den tyske versjonen av den russiske videoportalen RT.

Nyhetstjenesten Russia Today RT

STENGT: Nyheitsportalen Russia Today, RT, har fleire språklege versjonar. No er dei tyske kanalane RT Deutsch og «The Missing Parts/Der Fehlende Part» blokkerte og fjerna frå YouTube.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Årsaka til blokkeringa og fjerninga av RT frå YouTube er at den statsfinansierte russiske nyheitstenesta skal ha brote retningslinene til YouTube og sendt feilinformasjon om koronapandemien. Det stadfestar ein talsperson for YouTube overfor det tyske nyheitsbyrået DPA.

Dette betyr at videoportalen med 614.000 abonnentar og over 547 millionar visningar ikkje lenger er tilgjengeleg for brukarane.

Propaganda-verktøy

RT har fleire gonger vorte kritisert av Vesten for å vere eit propagandaverktøy for Kreml. Dei blir mellom anna skulda for å spreie konspirasjonsteoriar og feilinformasjon på vegner av russiske styresmakter.

Det russiske direktoratet for informasjonsteknologi og massekommunikasjon, Roskomnadzor, har klaga til YouTube-eigar Google og spurt etter dokumentasjon.

Det russiske utanriksdepartementet seier blokkeringa kom utan forvarsel, og kallar det eit «uhøyrt informasjonsangrep» med samtykke frå tyske styresmakter.

Det er ikkje lagt fram bevis for påstanden.

Truar tyske journalistar

Russiske styresmakter truar med mottiltak mot tyske journalistar i Russland, men kjem ikkje med fleire detaljar. Russisk UD seier at slike tiltak ikkje berre er passande, men og naudsynte.

Sjefredaktør Margarita Simonjan i nyheitsbyrået Rossija Sevodnja som tilhøyrer RT-familien, seier til RT at Tyskland har erklært «ein mediekrig» mot Russland. Ho seier at ho ventar at Russland vil svare med tiltak mot radiokanalen Deutsche Welle og kontora til dei tyske kringkastarane ARD og ZDF i Russland.

RT vart lansert i 2005 som «Russia Today». RT Deutsch er den tyskspråklege nettbaserte kanalen frå RT. Dei ønskjer kringkastingslisens i Tyskland, noko dei førebels ikkje har fått. Den tyske journalistforeininga oppmodar medietilsyna i dei 16 delstatane i landet til ikkje å gje RT Deutsch sendelisensar.

Les òg: Slik unngår du å bli lurt i sosiale medier

Høyr podkast: «Popkorn og politikk» - podkasten som vil kapre lyttere med politisk drama

SISTE NYTT

Siste nytt