Hopp til innhold

Russland skuldar USA for valinnblanding

Russland meiner USA forsøker å påverke parlamentsvalet om litt over ei veke. Russland hevdar det skjer via ein app som er brukt av opposisjonen.

Smart Voting-app som er forbudt i Russland

Appen «Smart Voting» vart måndag blokkert av russiske styresmakter. Den gav råd om korleis folk kunne stemme taktisk for å ramme regjeringspartiet.

Foto: AP / NTB

Appen «Smart Voting» er «på eit eller anna vis knytt til Pentagon», seier ein talsperson for det russiske utanriksdepartementet til den statlege kringkastaren Radio Rossii.

Tilhengjarar av opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj har utvikla appen, som gir råd om korleis folk kan stemme taktisk i valet 17. til 19. september for å ramme kandidatar som er støtta av regjeringspartiet.

Blokkerte nettside

Ei nettside knytt til appen har vore blokkert i fleire dagar. Styresmaktene har òg nekta søkjemotorane Google og Yandex i å vise «Smart Voting» i søkeresultata.

Den amerikanske ambassadøren i Russland, John Sullivan, har fått beskjed av russisk UD om at det skal finst sikre bevis på at amerikanske internettselskap har brote lova i samband med parlamentsvalet.

Påstanden er ikkje kommentert frå amerikansk hald.

Analytikaren Tatjana Stanovaja frå tenketanken Carnegie Moscow Center seier skuldingane er eit forsøk på å stemple «Smart Voting»-saka som ei sak som truar den nasjonale tryggleiken.

Det kan på lengre sikt føre til at russiske styresmakter grip inn og hindrar Navalnyjs støttespelarar i å oppmode til proteststemming, skriv ho på meldingstenesta Telegram.

Skuldingar begge vegar

I samband med det amerikanske presidentvalet i 2016 vart det sett fram sterke skuldingar frå amerikansk etterretning om påstått russisk innblanding i valet.

I januar året etter konkluderte amerikanske etterretningsorganisasjonar med at russiske styresmakter forsøkte å hjelpe Donald Trump i valkampen.

Datainnbrot og lekking av informasjon som var politisk skadeleg for Trumps motkandidat Hillary Clinton var mellom metodane som skal ha vorte brukt. 13 russarar vart tiltalt for valinnblanding etter ein storstilt etterforsking av sentrale personar rundt presidenten. Fleire av dei vart domfelte for ulike lovbrot.

Russland har gjentatte gonger avvist skuldingane.

I åra etter er nye forsøk på påverknad avslørte.

No sist i sommar skulda USAs president Joe Biden Russland for ny innblanding i kongressvalet neste år ved å spreie feilinformasjon. Han åtvara om nye dataåtak, desinformasjon og propaganda i sosiale medium i samband med valet.

SISTE NYTT

Siste nytt