Hopp til innhold

Paven ber om tilgiving frå rohingyaane

For første gong under besøket i Asia brukte Pave Frans ordet «rohingya» offentleg, og han bad om tilgiving for at verda har vore likgyldig.

Pave Frans møter rohingyaflyktningar

VELSIGNING: Under møtet med fleire rohingya-flyktningar velsigna pave Frans ei ung jente ved å leggje handa si på hovudet hennar.

Foto: Damir Sagolj / Reuters

Under besøket i Bangladesh møtte Pave Frans fleire rohingya-flyktningar som har flykta frå Myanmar. Ein etter ein tok han dei i hendene og lytta til historiene deira.

Paven fekk kritikk under besøket i Myanmar i førre veke, fordi han ikkje nemnde rohingyaane med namn under møta med leiaren i landet, Aung San Suu Kyi.

Fredag brukte han for første gong ordet rohingya, då han bad om tilgiving frå flyktningane for det vonde dei har opplevd.

– La oss fortsette å gjere det rette og hjelpe dei. La oss fortsette å jobbe for å sikre at rettane deira vert anerkjende, sa paven etter møtet med flyktningane.

Pope Francis ber med rohingyaflyktnuingar

ROHINGYA: Pave Frans bad saman med rohingya-flyktningane han møtte i Dhaka.

Foto: Max Rossi / Reuters

Etnisk reinsing

FN har slått fast at rohingyaane er utsette for etnisk reinsing i delstaten Rakhine i Myanmar, og regjeringsstyrkane i landet har drive 620.000 av dei på flukt sidan slutten av august.

Rohingya-flyktningar fortel om drap, gjengvaldtekter, tortur og nedbrenning av landsbyar. I ein ny rapport frå Redd Barna fortel nokre av flyktningane om det dei har opplevd og sett på flukt.

Styresmaktene i Myanmar ser på rohingyaane som ulovlege innvandrarar frå Bangladesh, og FN reknar dei som ein av dei mest forfølgde minoritetane i verda.

I november vart Myanmar og Bangladesh samde om ei avtale for å returnere rohingya-flyktningar.

Pope John Paul II, Pope Francis

ALTERNATIV TRANSPORT: Pave Frans bytta ut «popemobilen» med ein rickshaw under besøket i Bangladesh. Det same gjorde pave Johannes Paul i 1986.

Foto: AP

Sykkeldrosje

Under besøket i Bangladesh valde pave Frans å byte ut den skotsikre og karakteristiske «popemobilen».

Då han fredag skulle møte lokale religiøse leiarar heime hos den katolske erkebiskopen i Dhaka, brukte han ei sykkeldrosje som framkomstmiddel.

Frå baksetet på sykkeldrosja vinka han til folk langs vegen, slik også pave Johannes Paul II gjorde då han brukte rickshaw under sitt besøk i Dhaka i 1986.

SISTE NYTT

Siste nytt