Hopp til innhold

Passasjerar frå 35 land om bord på «FN-ruta»

Ruta mellom Nairobi og Addis Abeba er usedvanleg internasjonal, og har fått tilnamnet «FN-ruta». Mange av dei døde jobba med bistand og naudhjelp.

Kart flyulukke

Dei omkomne er frå fleire kantar av verda. Mange hadde tatt nattfly frå Amerika, men også fleire kinesarar var blant passasjerane.

– Ruta er svært populær. Det er ei av dei beste rutene ut til heile Afrika, på grunn av direkteruta frå Oslo til Addis Abeba, seier Anette Maltun Koefoed, kommunikasjonsdirektør i reisebyrået Berg Hansen.

157 menneske er antatt døde etter at eit fly frå Ethiopian Airlines fekk problem rett etter avgang søndag morgon, og styrta utanfor Addis Abeba. Flyet skulle til Nairobi i Kenya.

Ruta mellom dei to storbyane er andre etappe av den raskaste ruta frå Oslo til Nairobi, og vert flydd av Ethiopian Airlines fire gonger dagleg, sju dagar i veka. I ei pressemelding omtaler Norad ruta som «FN-ruta» fordi den vert mykje brukt av FN-tilsette.

KENYA-ETHIOPIA-ACCIDENT-UN-AIRPLANE

Det var trist stemning då klimamøtet til UNEP opna i Nairobi i dag. Delegatane viste sin respekt ved å vere stille i eitt minutt. Fleire av dei som var om bord på flyet som styrta i Etiopia i går var på veg til nettopp dette møtet.

Foto: UNEP/C. VILLEMAIN / AFP

Passasjerar frå 35 land

Den nyleg oppgraderte flyplassen i Etiopias hovudstad er Afrikas største, og for norske kundar har Addis Abeba raskt blitt ein vanleg flyplass å besøke om ein skal til Afrika. Fleire reiseselskap NRK har snakka med stadfestar at ruta vidare til Nairobi er ofte brukt av nordmenn.

KENYA-ETHIOPIA-ACCIDENT-AIRPLANE

Det var lite igjen av flykroppen som styrta i bakken kort tid etter avgang frå Bole internasjonale flyplass i Addis Abeba.

Foto: MICHAEL TEWELDE / AFP

I går var norske Karoline Aadland på flyet som fekk problem kort tid etter avgang. I tillegg var ei fransk-britisk kvinne og ei kenyansk kvinne om bord, som begge kom flygande frå Noreg. Også to tilsette i Flyktninghjelpen var om bord, ein fransk statsborgar og ein britisk som begge jobba ved kontoret i Genève.

Landa kor flest passasjerar kom frå er naturleg nok Kenya (32 passasjerar) og Etiopia (ni), samt Canada (18 passasjerar). Men lista over nasjonar er lang, og folk frå heile verda er no antatt omkomne.

ETHIOPIA-AIRPLANE/

Det vart flagga på halv stong utanfor FN sitt kontor i Genève. Fleire av dei som var om bord i flyet budde og jobba i byen, som er ein hovudstad i den humanitære verda.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Ei rekke bistandsorganisasjonar er ramma

Både FN og bistandsbransjen er særleg hardt ramma. Eit klimamøte i Nairobi førte til at ekstra mange FN-tilsette var om bord på flyet. Til saman mista verdsorganisasjonen 19 tilsette. Også Sarah Auffret, som er busett i Tromsø, var på veg til konferansen som starta i Nairobi i dag. Der markerte dei ulukka ved å vere stille i eitt minutt.

Laster Twitter-innhold

Dei andre passasjerane som hadde band til Noreg hadde alle ein fot innanfor bistandsbransjen. Det same hadde ei lang rekke av dei andre passasjerane.

Sida, Sveriges svar på Norad, hadde ein tilsett om bord, og det same hadde både danske og amerikanske Redd Barna. Amerikanske Redd Barna skriv på Twitter at dei mista sin kollega Tamirat Mulu Demessie.

Laster Twitter-innhold

Ein ven av Demessie skriv i ein kommentar på Twitter at han bokstaveleg talt redda liva til millionar av barn gjennom sin jobb.

Også sjefen for Verdas Matvareprogram (WFP) skriv på Twitter at det var tilsette frå WFP om bord. Til saman var det sju WFP-tilsette om bord.

Laster Twitter-innhold
ETHIOPIA-AIRPLANE/

Slektningar til fleire av dei tilsette på Ethiopian Airlines-flyet minnest sine kjente og kjære dagen etter den dødelege ulukka.

Foto: MAHEDER HAILESELASSIE / Reuters

Professor og svensk hotellsjef blant dei omkomne

Også turistar og næringslivsfolk er hyppige brukarar av ruta. Ein slovakisk parlamentspolitikar er ein av dei pårørande som er hardast ramma.

– Med djup sorg annonserer eg at mi køyre kone Blanka, min son Martin og mi dotter Michala døde i flyulukka i Addis Abeba i dag tidleg. Om du kjente dei, ha dei med i dine tankar, skriv den slovakiske parlamentspolitikaren Anton Hrnko på si eiga Facebook-side.

Ein annan av dei omkomne er den kanadiske professoren Pius Adesanmi, som er fødd i Nigeria, men som no budde i Canada og leia Afrika-instituttet ved Carleton University i Ottawa.

Pius Adesanmi

Professor Pius Adesanmi er ein av dei som er antatt omkomne i flystyrten i Etiopia i går. Kanadiaren var tilsett ved eit kanadisk universitet, men vart fødd i Nigeria.

Foto: Josh Hotz / AP

– Pius var ein mektig person i afrikansk og postkolonialistisk lære, og hans plutselege bortgang er eit stort tap, seier president ved universitetet, Benoit-Antoine Bacon.

Også ein svensk næringslivssjef var på flyet. Jonathan Seex leia The Tamarind Group, ein hotellkjede med hovudbase i Kenya.

SISTE NYTT

Siste nytt