Hopp til innhold

Overlevde i 108 timar i ruinane

12 år gamle Ferhat Tokay vart berga ut av ruinane av ei bustadblokk i Ercis tre dagar etter det kraftige jordskjelvet som ramma det austlege Tyrkia.

Video 12-åring berget etter 108 timer

VIDEO: 12-åring berget etter 108 timer.

Samstundes er det stadfesta talet på omkomne no kome opp i 576, men det er frykt for at minst like mange kan ligge nedgravne i ruinane av kollapsa bygningar.

Ferhat Tokay ble berget ut av ruinene 108 timer etter jordskjelvet.

Ferehat Tokay (12) vart funnen i ruinane av ei 10 etasjar høg bustadblokk.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / Reuters

Hittil er 187 menneske berga ut av ruinane i live etter skjelvet, som hadde ein styrke på 7,2. 2608 menneske er skadde, opplyser det tyrkiske krisedepartementet.

Fekk nytt håp

Men redningsmannskapa har fått nytt håp etter funnet av 13-åringen. Sjølv om temperaturen i området no er under null grader celsius om natta, håpar dei å finne fleire overlevande. I dag har det vore både regn og snø i området, og det er stort behov for telt og ullteppe.

Enkelte overlevande som har stått i lange køar for å få utdelt telt, skuldar styresmaktene for å prioritere å hjelpe personar som støttar regjeringspartiet AKP. Det er også meldt om slagsmål I køane, slik at politiet fleire gonger har måtta rykt ut for å roe ned situasjonen.

Ferhat Tokay er etter omstenda i god form etter det 108 timar opphaldet i bygningsruinane, og han kjem truleg ikkje til å få varige mein av skadane. 10 andre menneske er sakna frå denne bustadblokka.

LES OGSÅ: Overlevde 100 timer i ruiner

LES OGSÅ:

Miste buskapen

Jordskjelvet er det verste i Tyrkia på mange år. Det gjekk også hardt ut over buskapen i dette landbruksområdet i Van-provinsen den kurdiske delen av Tyrkia. Over 3000 fjøs vart øydelagde av skjelvet, og eit stort tal krøter miste livet

13 år gamle Ferhat Tokay overlevde i 108 timer i ruinene.

12 år gamle Ferhat Tokay overlevde 108 timar i ruinane av bustadblokka han budde i.

Foto: - / Afp

Dette gjer at behovet for mat er stort. I dag gav statsminister Recep Tayyip Erdogan ordre om at soldatar skal eskortere hjelpesendingane til jordskjelvet, etter rapportar om plyndring av naudhjelp.

Dei store øydeleggingane etter jordskjelvet, spesielt i byen Ercis med rundt 100.000 innbyggjarar, har fått ei gruppe bygningsekspertar til å gå ut med hard kritikk av lokale byggherrar.

LES OGSÅ: Her reddes Serhat (10) etter 54 timer i ruinene

LES OGSÅ: Harde kampar mellom fangar og voktarar i tyrkisk fengsel

Sand i sementen

Dei får kritikk for å blande altfor mykje sand i sementen, noko som har gjort bygningane svært ustabile. Truleg vil ingen i Ercis få flytte tilbake til heimane sine med det første, heller ikkje til hus som ikkje vart øydelagde i skjelvet.

President Abdullah Gül har gjort det klart at den offisielle feiringa av den tyrkiske nasjonaldagen 29. oktober, er avlyst på grunn av katastrofen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Håpet om å finne flere overlevende svinner

LES OGSÅ: Her blir Gul (25) reddet ut av ruinene

SISTE NYTT

Siste nytt