– Det er frustrerande å vite at vi kunne ha gjort ein forskjell, seier hundeførar Helene Sæterdal.
Medan redningsmannskap kjempar i ruinane av jordskjelvet i Tyrkia og Syria, sit ho heime i Førde på Vestlandet med hunden Nitro.



Gjennom Norsar, som står for Norwegian Search and Rescue Team, rykte ho ut for å hjelpe då Nepal blei råka av jordskjelv i 2015.
Men denne redningsaksjonen blei den siste for teamet, som kollapsa etter oppdraget.
I ein evalueringsrapport frå Brannetaten kom det fram at det var fleire feil og manglar i organiseringa. Det førte til at Oslo brann og redningsetat (Obre), som var ein viktig del av Norsar, trekte seg ut av Norsar.
I 2016 stoppa Solberg-regjeringa pengepotten til Norsar.
Dermed blei det kroken på døra for teamet.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) uttalte den gong at det var fleire grunnar til at Norsar blei lagt ned.
Organisering og pengar var to viktige årsaker.
Det har gått åtte år sidan sist Norsar var med redningsaksjonar i utlandet. Her frå Nepal i 2015.
Foto: NORSARKan ikkje hjelpe til
Sidan gruppa ikkje lenger er sertifiserte, har dei ikkje fått førespurnad om å bidra i dei jordskjelvråka landa.
Det synest hundeførar Sæterdal er dumt.
– Vi har jo hundar som er godkjente og som kunne gjort ein innsats. Men skal vi reise ut, må vi vere eit team som er vande med å jobbe i lag, seier hundeføraren.
Justisdepartementet legg vekt på at det var Solberg-regjeringa som la ned Norsar, men at dagens regjering har sett ned ei arbeidsgruppe som skal ha ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet.
– I dette arbeidet vil det vere sentralt å vurdere kva kapasitet som bør vere lokalt, regionalt og nasjonalt, seier statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp).
Rapporten skal vere klar før sommaren.
Sist Helene Sæterdal var på tur med Norsar var i Iran 2003. Tjue år etter har dei ingen lag å sende til kriseramma land.
Foto: NORSARMeiner Noreg burde bidrege meir i Tyrkia
Christian Kjelda, konstituert avdelingssjef operativ avdeling i Nedre Romerike brann- og redningsvesen meiner Noreg burde ha vore meir til stades i Syria og Tyrkia.
Men det er ei stor utfordring knytt til dette, fortalde han i Dagsnytt 18 måndag.
– Ressursane er ikkje gripbare her, og det betyr at vi heller ikkje kan sende dei til Tyrkia og andre land ved behov, seier han.
Elisabeth Sørbøe Aarsæther, direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), sa i Ukeslutt laurdag at ho gjerne skulle sendt redningsmannskap til Syria og Tyrkia.
– Eg skulle gjerne sett at alt stod klart og var tipp topp, seier direktøren.
Ho viser til at det kan vere grunn til å sjå på Norsar-gruppa på ny.
Redningshunden Nitro står klar for å redde liv.
Foto: Oddmund Haugen / nrk– All beredskap som er etterspurt og brukt, er sjølvsagt fint og interessant å ha.
Direktøren fortel at Noreg har sendt noko USAR-mannskap til Tyrkia for å hjelpe.
Lokale brannstasjonar ulike stader har USAR-mannskap, men desse er spreidd på kvart sitt nes.
Dermed er det utfordrande å nytte desse når det smell i Noreg, men også ved hendingar i utlandet.
Håper på nytt liv for redningsgruppa
Hundeførar Helene Sæterdal trener jamt og trutt med redningshunden Nitro. Når alarmen går, står ho klar til å rykke ut her i Noreg.
Nitro er ivrig i tenesta og likar godt å trene med matmor Helene Sæterdal.
Foto: oddmund haugen / nrkEtter sju år med nedetid, håper ho ei redningsgruppe som Norsar kan bli ein realitet att.
– Eg meiner eit så ressurssterkt land som Noreg burde greidd å ha eit team klart når noko skjer. Til og med Ukraina sender redningsmannskap, seier Sæterdal.
Stig Mebust, beredskapsleiar i Norske Redningshunder, er samd.
– Vi har alle ressursane som trengst, men vi manglar midlar og samtrening, seier Mebust.