Det einaste unntaket som vert gjort i den nye lova, er valdtekt, incest eller der livet til kvinna er i fare.
Abortforbodet vil gjelde i den augneblinken den republikanske guvernøren i delstaten, Kevin Stitt, signerer lova.
Straffa for helsepersonell som utfører ein ulovleg abort kan bli opptil 10 års fengsel, samt bøter på opptil 100.000 dollar.
Tidlegare på dagen vedtok Representanthuset i delstaten eit forbod mot abort etter at ein kan fange opp hjarteslag hos fosteret, noko ekspertar meiner er når kvinna er rundt seks veker på veg, skriv Reuters.
Oklahoma-guvernør Kevin Stitt underteikna tidlegare i april ei lov som gjer det straffbart med opptil ti års fengsel å utføre ein abort. Torsdag vedtok delstatsforsamlinga ytterlegare innskrenkingar, som no kjem til hans bord.
Foto: Sue Ogrocki / APLiknar lova i Texas
Dei republikanskstyrte delstatane Texas og Mississippi har også vedteke tilsvarande forbod mot abort. I Texas har lova som vart vedteke i fjor, ført til ein tydeleg nedgang i abortar. Mange kvinner i delstaten har reist til Oklahoma og andre delstatar for å ta abort. No vert den mogelegheita fjerna.
Texas har også forbode alle abortar etter at det er registrert hjarteslag hos fosteret. På dette tidspunktet veit mange kvinner ikkje eingong at dei er gravide. Forbodet gjeld utan unntak, også for graviditetar som følgje av valdtekt eller incest.
Høgsterett skal avgjere
USAs høgsterett har late Texas si abortlov få stå inntil vidare. Mississippi si lov skal opp i Høgsterett seinare i år. Spørsmålet er om lova strir mot grunnlova.
Lova i Mississippi forbyr abort etter 15. veke, også der graviditeten er eit resultat av incest.
Dersom lova i Mississippi blir halde oppe, er det venta at rundt halvparten av delstatane i USA vil innskrenke eller forby sjølvbestemd abort.
LES OG: