Hopp til innhold

Dette vil Obama unngå

USA-president Barack Obama gjer alt han kan for å vere føre var «Isaac»-uvêret. Berre månader før valet prøvar han å unngå same kritikken som George W. Bush fekk mot seg for sju år sidan.

Tidligere USA-president George W. Bush

George W. Bush ser ned på katastrofeområdet etter Katrina-katastrofen i 2005. Han fekk sterk kritikk for måten han handterte krisa på.

Foto: MANNIE GARCIA / REUTERS

President Barack Obama

Barack Obama talte frå Det Kvite Hus i dag.

Foto: JOSHUA ROBERTS / Reuters

– No er ikkje det første gongen me har testa skjebnen, sa Obama på pressekonferansen han heldt frå Det kvite hus i dag.

Han oppmoda innbyggjarane i områda med størst risiko om å ta uvêret «Isaac» alvorleg.

– Me har å gjere med ein kraftig storm, og det kan bli betydeleg overfløyming, sa presidenten.

«Isaac» er no kategorisert som ein tropisk storm, men er i ferd med å byggje seg opp til orkan i Mexicogolfen. Han er venta å treffe land i området rundt New Orleans i løpet av tysdag kveld eller natt til onsdag, norsk tid.

Måndag erklærte Obama katastrofealarm i Louisiana, og meteorologane vemta at uvêret «Isaac» vil auke i styrke.

«Isaac» kjem til å slå inn over Louisiana rett før sjuårsdagen for Katrina-katastrofen på onsdag. Den gongen vart dikene rivne ned, og vatnet fossa inn i New Orleans og området rundt.

Ønskjer å unngå Bush-tabbe

Rundt 1800 menneske omkom, og Obama sin forgjengar, George W. Bush, fekk kraftig kritikk for måten administrasjonen organiserte hjelpa.

Obama er difor merksam på at ein liknande katastrofe vil gjere det vanskeleg for han å bli attvald i november.

Han har no møtt representantar frå sivilforsvaret, og erklært katastrofealarm, noko som fører til at lokale styresmakter får finansiert hjelpetiltak frå den føderale regjeringa.

Obama sine republikanske rivalar møtest denne veka i Tampa i Florida, rett aust for området der «Isaac» kjem til å treffe land. Dette landsmøtet, der Mitt Romney offisielt skal veljast til presidentkandidat, er utsett ein dag på grunn av stormen.

Isaac Louisiana Stacey Davis

Ein far og son i New Orleans gjer det dei kan for å førebu seg på situasjonen.

Foto: David J. Phillip / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt