Hopp til innhold

«Isaac» følgjer ruta til «Katrina»

Uvêret «Isaac» kan råke New Orleans nøyaktig sju år etter den katastrofale orkanen «Katrina» sjokkerte ei heil verd. Styresmaktene held no på å evakuere tusenvis av kystbuarar.

Stormen Isaac inntar USA

Stormen «Isaac» er venta å nå den amerikanske kysten seint tysdag eller tidleg onsdag.

Foto: HO / Afp

– Eg oppfordrar alle til å gjere dei nødvendige førebuingane, følgje med på værvarselet, og vere førebudd på at «Isaac» kan gjere stor skade, sa guvernøren i Alabama, Robert Bentley, i ei pressemelding.

Det er no kome katastrofealarm for heile den nordlege kysten mot Mexico-gulfen, frå Louisiana i aust til Florida i vest. Sjølv om uvêret i seg sjølv ikkje vil vere blant dei kraftigaste, vil kraftig regnfall bidra til situasjonen likevel kan bli svært alvorleg mange stadar.

Styresmaktene i Mississippi seier måndag at tidevatnet kan bli opptil fem meter over normalen når stormen når land, skriv nyheitsbyrået AP.

Tusenvis evakuerte

Tusenvis av kystbebuarar har blitt evakuerte frå heimane sine, etter at meteorologane oppdaga at stormen «Isaac» følgjer same rute som den katastrofale «Katrina»-orkanen i 2005. Det betyr at den er på veg rett mot New Orleans.

– Eg kan merke at det er mykje angst. Timinga med sjuårsdagen for Katrina, har gjort at alle er ekstra vakne, men akkurat det er ein bra ting, seier New Orleans-borgarmeister Mitch Landrieu til Reuters.

Ekteparet Pat og Lou Pailer skal ri av orkanen i båten sin i Key West, Florida.

SJÅ VIDEO: Ekteparet Pat og Lou Pailer skal ri av orkanen i båten sin i Key West, Florida.

Den tropiske stormen er venta å nå land seint tysdag eller tidleg onsdag. Ganske nøyaktig sju år etter monsterstormen Katrina, som for ordens skuld ikkje kan samanliknast med «Isaac» med tanke på styrken.

Kan bli kategori to

Isaac-stormen befinn seg no rundt 600 kilometer utanfor USA-kysten, og bevegar seg innover med ein fart på 22 kilometer i timen. Uvêret er førebels berre rekna som ein tropisk storm, men er venta å utvikle seg til ein orkan då den når land.

Prognosane varierar om kor sterk stormen kjem til å bli, men dei siste varslane frå meteorologane seier at stormen endar som kategori ein eller to på ein skala som går til fem. Det betyr ein vindstyrke på rundt 120 til 152 kilometer i timen.

Til samanlikning kom dei kraftigaste vindane under «Katrina»-orkanen opp i 280 kilometer i timen.

STORM-ISSAC/ A sign reinforces concerns as locals prepare for Tropical Storm Isaac in Metairie

Førebu deg, ikkje få panikk, be. Skiltet i Lousiana gjer kva dei kan for å unngå tilstandar som minnar om «Katrina»-orkanen for sju år sidan.

Foto: SEAN GARDNER / Reuters