Dei nye videoane som avisa New York Times har fått tak i, viser korleis russiske soldatar samlar saman og fører bort minst åtte menn som seinare vart funne drepne i Kyiv-forstaden Butsja i byrjinga av mars.
Augevitne fortel at mennene vart avretta 4. mars. Dronevideoen frå dagen etter som avisa og har fått tak i, skal og stadfeste det augevitna har fortald.
Videoane viser at lika ligg i gata samtidig som russiske militærkøyretøy står like ved der dei russiske styrkane hadde etablert ein midlertidig base.
Avisa skriv at dei tre videoane direkte impliserer dei russiske fallskjermsoldatane i det som truleg er eit krigslovbrot.
På fleire av overvakingsvideoane er ansikta til dei russiske soldatane tydelege.
Har samla dokumentasjon i fleire veker
Dei russiske styrkane trekte seg ut av Butsja 31. mars etter vel ein månad i området. Dagen etter rykka ukrainske styrkar inn, og funn av drepne sivile vekte stor internasjonal oppsikt.
New York Times skriv at deira journalistar har vore i Butsja i fleire veker for å samle dokumentasjon. Alle offera er identifiserte. Dei har intervjua ein overlever, rårørande, fleire augevitne, politiet, lokale styresmakter og militært personell.
Russland har nekta for at russiske styrker sto bak drapa og har kalla bilde som tidlegare er publiserte for falske. Avisa har ikkje fått svar frå Russland på spørsmål om korleis dei stiller seg til dei nye videobevisa.
Fleire sivile drepne
Tidlegare sa ordføraren i byen at hundrevis av sivile vart funnet drepne i Butsja førre månad. Fleire av dei døde vart funnet i same massegrav.
FNs høgkommissær for flyktningar har stadfesta at 50 vart drepne i Butsja.
Tidlegare har satellittbilde frå det private amerikanske teknologiselskapet Maxar Technologies vist at fleire lik låg i gatene i Butsja i over 3 veker, ifølge New York Times analyse.
Dermed vart dei drepne før dei russiske styrkane forlèt byen, ifølgje avisa.