Hopp til innhold

Dronevideo viser russiske styrkar i Butsja medan lik låg i gatene

Nye droneopptak viser russiske styrkar og militære køyretøy på ei gate i Butsja i mars, nær sivile drepne, melder CNN.

Likene av fire mennesker som døde under den russiske okkupasjonen av Butsja, ble gravlagt 20. april. Ukraina.

Lika av fire menneske som døydde under den russiske okkupasjonen av Butsja i mars, vart gravlagde 20. april.

Foto: Emilio Morenatti / AP

CNN har fått tilgang til to videoopptak frå ein drone og har fått videoane geolokaliserte og verifiserte. Opptaka er frå 12. og 13. mars, altså medan russiske styrkar hadde kontroll i Kyiv-forstaden.

Av omsyn til tryggleiken til personen som har gjort opptaka, vil ikkje CNN namngje fotografen.

Det første opptaket viser at eit russisk militærkøyretøy står i eit vegkryss 13. mars. CNN har identifisert tre døde menneske i gata like ved køyretøyet.

Dei tre lika er dei same som kan sjåast på ein video datert 1. april, og frå satellittbilete som det private amerikanske selskapet Maxar Technologies tok 18. mars. Dei russiske styrkane trekte seg ut av Butsja 31. mars.

Det andre opptaket viser eit anna russisk militærkøyretøy som køyrer lenger unna i gata, i retning dei døde kroppane.

Russiske soldatar er synlege på eit av opptaka der dei oppheld seg rundt eit militært køyretøy som er parkert utanfor eit hus, ikkje langt unna staden der lika ligg. Det er uklart kva soldatane gjer ved huset.

Valentyna Nechyporenko (77) sørger ved grava til sin 47 år gamle son, Ruslan, under gravferda hans ved ein kyrkjegård i Butsja.

Valentyna Nechyporenko (77) sørgjer ved grava til sin 47 år gamle son, Ruslan, under gravferda hans ved ein kyrkjegard i Butsja.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Ikkje svar frå Kreml

CNN har bede forsvarsdepartementet i Moskva om kommentarar, men har ikkje fått svar.

Talsmannen til den russiske presidenten, Dmitrij Peskov, og utanriksminister Sergej Lavrov har fleire gonger hevda at videoar og satellittbilete som viser sivile lik i Butsja, er forfalska. Dei meiner at det er skodespelarar som ligg i gata.

Ifølgje CNN er droneopptaka det første bevismaterialet frå Butsja som viser russiske køyretøy og styrkar på oppdrag i gatene der lika av sivile vart funne av ukrainske styrkar då Ukraina tok tilbake kontrollen over byen 1. april.

Tidlegare har mellom anna New York Times publisert og verifisert satellittbilete som viser at sivile låg drepne i gatene fleire veker før dei russiske styrkane trekte seg ut.

Satellittbilder fra Butsja der sivile ligger i gata. Yablonska-gata.

Satellittbilete frå Yablonska-gata i Butsja i Ukraina teke 31. mars 2022 der drepne sivile vart funne.

Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS

Bilete frå staden har ført til internasjonale fordømming. USAs president Joe Biden og Frankrikes president Emmanuel Macron har både skulda Russland for krigsbrotsverk.

SISTE NYTT

Siste nytt