Satellittbilde frå det private amerikanske teknologiselskapet Maxar Technologies skal vise at fleire av lika som var filma i helga, har lege i gatene sidan russarane tok byen 11. mars.
Dermed vart dei drepne før dei russiske styrkane forlèt byen, skriv avisa.
New York Times analyse av bilda viser at det ligg lik på dei same plassane som ukrainske styrkar har sagt at dei fann lik etter at russarane trekte seg ut 30. mars.
Dette satellittbildet er teke 31. mars, og dei same lika ligg framleis i Yablonska-gata.
Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / ReutersSamanlikna med video og nærbilde
Avisa har samanlikna nærbilde med videoopptak frå 1. og 2. april som viser at lik ligg i gata, og konkluderer med at mange har lege der i minst tre veker då russiske styrkar hadde kontroll over Butsja.
– Dei høgoppløyselege satellittbilda innsamla over Butsja verifiserer og stadfestar videoar og bilde i sosiale medium som viser lik som ligg i gatene, og at dei har lege der i fleire veker, seier Maxar Technologies-talsmann Stephen Wood.
I alt skal rundt 300 sivile vere funne drepne i byen, mellom anna i massegravar som vart oppdaga laurdag.
Russland har hevda at lika er skodespelarar, og at dei dessutan vart plasserte der etter at russiske styrker forlét byen 30. mars.
På Telegram skriv det russiske forsvarsdepartementet at bilda viser ein iscenesett ukrainsk «provokasjon».
Ukraina: Russisk tortursenter oppdaga
Ifølgje den ukrainske riksadvokaten er det funne eit russisk torturkammer i ein kjellar i Kyiv-forstaden Butsja.
Lika av fem menn vart funne i kjellaren. Mennene var bakbundne og bar spor av tortur, skriv Kyiv Independent.
Ei massegrav vart laurdag oppdaga bak ei kyrkje i sentrum av Butsja etter at russiske styrker trekte seg ut av byen. Bildet er teke 4. april.
Foto: STRINGER / ReutersOrdførarfamilie drepne
Lika av fem sivile, blant dei landsbyens ordførar, er funne bakbundne og delvis nedgravne i byen Motyzjyn som ligg om lag 50 kilometer vest for Kyiv, skriv The Guardian.
Ifølgje ukrainsk politi vart den 50 år gamle ordføraren Olga Sukhenko, hennar ektemann og deira son bortførte av russiske styrkar 24. mars. Innbyggjarane i landsbyen har sagt at ordføraren og ektemannen hennar nekta å samarbeide med dei russiske styrkane.
La ut namn på russiske soldatar
Ukraina publiserte i natt ei liste over 2000 russiske soldatar og offiserar som dei meiner har stått bak krigsbrotsverk, skriv BBC.
Lista, som er publisert på nettsida til det ukrainske forsvarsdepartementet, inneheld namn, fødselsdato, passnummer og militær rang på rundt 2000 russarar.
Tanya Nedashkivs'ka (57) sørger over ektemannen som vart drepen i Butsja.
Foto: Rodrigo Abd / APTysdag skal Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj tale til FNs tryggingsråd, og avsløringar av krigsbrotsverk blir eit stort tema.
Fleire sanksjonar
Det er venta at Zelenskyj vil krevje nye og strengare sanksjonar mot Russland.
Ifølge Stina Torjesen, førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing ved Universitetet i Agder går det no føre seg intense diskusjonar blant vestlege leiarar om kor ein bør stramme inn overfor Russland.
– Vi ser no konturane av kva som vil komme på shipping, bankar, kanskje vil fleire enkeltindivid bli sanksjonert, så kanskje noko på olje og kol, og kan hende gass.
Gass har så langt vore utelate frå sanksjonane. Tysklands finansminister Christian Lidner meiner det ikkje er mogeleg for EU å kutte russisk gassimport enno. Det var meldinga han kom med då han kom til eit møte for finansministrane i eurosona måndag.
Utfordringa for Tyskland, Austerrike og Italia er at de alle har stor gassimport. Og sjølv om dei ønsker å straffe Russland, ønsker de ikkje å øydeleggje eigen industri og næringsliv.
Torjesen tvilar ikkje på at sanksjonane på sikt vil ramme Russland hard, men så langt har Russland greidd seg godt.
– Russland har brukt reservane sine. Og god kontakt ned Kina og India gjer at dei held hovudet over vatn. På lang sikt ser det mørkt ut, då vil den russiske økonomien bli ramma. Russlands økonomi består av olje og gassinntekter, ein stor del av dette blir sendt til Europa. Sluttar Europa å kjøpe dette blir russisk økonomi veldig skakkøyrd, fortel Stina Torjesen, førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing ved Universitetet i Agder