NRK Meny
Normal

Amerikanarar drepne i Kabul

To amerikanske rådgjevarar er skotne og drepne inne i det afghanske innanrikdsdepartementet etter koranbrenninga ved ein amerikansk militærbase tysdag.

– Det oppstod skyting inne i kommando- og kontrollsenteret i innanriksdepartementet. To amerikanarar er drepne, opplyser ei anonym regjeringskjelde til nyheitsbyrået AFP.

Drapa skjedde på innsida av det tungt barrikaderte ministeriet i hovudstaden Kabul. Dei to drepne skal ha vore medlemmer av NATO-styrken i landet.

Afghansk Taliban har teke på seg ansvaret for drapa.

«Dei første rapportane indikerer at ein person retta våpenet sitt mot tenestemenn tilknytta ISAF-styrken i Kabul i dag, og drap to av dei», opplyser NATO i ei kunngjering i ettermiddag.

Departementet er no stengt og ingen slepp inn eller ut av bygget.

Video Demonstrasjonar etter Koranbrenning

Kraftige demonstrasjonar etter Koranbrenninga i den nordaustlege Logar-provinsen laurdag.

Prøver å storma FN-bygg

Tusenvis av afghanarar demonstrerer i dag rundt om i heile landet for femte dagen på rad. I byen Kunduz nord i landet har det oppstått samanstøytar mellom demonstrantar og politi.

Fleire tusen demonstrantar kjempar mot politiet for å ta seg inn i eit FN-bygg i byen etter Koranbrenninga ved ein amerikansk militærbase tysdag.

– Demonstrantane er i kampar med politiet og freistar å storma FN-bygget. Så langt har politiet greidd å stå imot, seier Sarwar Husaini, talsmann for lokalt politi til nyheitsbyrået AFP.

Ein korrespondent for byrået som er på staden fortel at politiet har losna skot mot demonstrantar som prøver å trengja inn i bygningen, og at opprørarane set fyr på bildekk og kontrollpostar.

Minst fire personar skotne og drepne av afghanske tryggingsstyrkar og minst 50 såra i opptøyane i Kunduz, opplyser dei lokale helsestyresmaktene.

Demonstrasjonar mot Koran-brenning i Afghanistan

Afghanarar ber med seg ein såra mann og kjem med hatefulle ytringar mot USA i protest mot Koran-brenninga tysdag denne veka.

Foto: Aref Karimi / Afp

– Skyting i nordaust

Uroa braut ut etter at den heilage boka til muslimane, Koranen, vart brend som søppel på den amerikanske militærbasen i Bagram.

USA sin øvstkommanderande for NATO-styrkane, John Allen, var raskt ute med å be om orsaking for Koranbrenninga, men det har ikkje dempa raseriet til demonstrantane.

Til no har minst 28 personar mista livet i protestane, inkludert to amerikanske soldatar, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

I dag har det kome meldingar om skyting i Laghman-provinsen nordaust i landet. Informasjonen er ikkje stadfesta frå offisielle kjelder.

Demonstrasjonar i dei austlege provinsane Logar og Nangarhar og i den sentrale provinsen Sari Pul går førebels roleg føre seg, opplyser lokalt politi.

I går var det store protestar i heile Afghanistan etter fredagsbøna, og demonstrantar skaut ein rakett mot den norske leiren i Maimana. Torsdag fekk ein norsk soldat splintskadar i foten då ein handgranat blei kasta inn i leiren.

Demonstrasjonar i Ghani Khail, Afghanistan

Fredag var det store demonstrasjonar mot USA i Ghani Khail, aust for Kabul.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Skapar ny uro før NATO-tilbaketrekkinga

Koranbrenninga styrkar mistrua mange afghanarar har til Vesten og understrekar den djupe kulturelle skillelinja som framleis eksisterer, meir enn ti år etter at amerikanske soldatar invaderte landet for å fjerna Taliban.

Muslimane ser på Koranen som Guds ord og behandlar kvar kopi av den heilage boka med djup vørdnad

Den sterkt provoserande brenninga kan få negative konsekvensar for det viktige fredsfremjande arbeidet i landet før tilbaketrekkinga av NATO sine stridssoldatar i 2014.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt