Hopp til innhold

Ny studie: Koronavaksine vernar mot mutantvirus

Ein ny studie tyder på at koronavaksinen frå Pfizer vernar mot nye virusvariantar som har dukka opp.

Koronavaksine fra Pfizer/BioNTech. Ampullen til høyre inneholder fem doser med vaksine.

Koronavaksinen frå Pfizer vert distribuert i rekordfart. Noreg skal få i alt 2,5 millionar dosar av dei godkjende vaksinane før 1. april.

Foto: Rune Fredriksen/NRK

Ny forsking frå Universitetet i Texas viser at vaksinen frå Pfizer/BioNtech har god effekt òg på dei nye, muterte virusvariantane, melder nyheitsbyrået AP.

Dei nye virustypane smittar truleg lettare, og har ført til at mange land har innført nye og strengare reisereglar og sosial nedstenging.

Vaksinane som no blir rulla ut verda over, hjelper kroppen med å kjenne igjen eit spesielt protein på overflata til viruset og kjempe mot det,

Pfizer og forskarane på University of Texas i Galveston har i laboratorietestar funne ut at vaksinen påverkar evna kroppen har til å kjenne igjen 16 nye virusvariantar.

Dei brukte blodprøver frå 20 menneske som hadde fått vaksinen frå Pfizer/BioNtech. Forskarane fann at antistoff frå dei vaksinerte klarte å kjenne igjen og avvise muterte virus i laboratorieglas. Det kjem fram i studie som vart offentleggjord seint torsdag på ei nettside for forskarar.

Tidlege, men lovande funn

Forskinga er ikkje ferdig, og har ikkje vorte kontrollert av andre, men ifølgje forskarane er dei førebelse resultata lovande.

– Dette er svært roande funn sidan dei nye mutasjonane har vekt bekymring. Funna våre tyder på at mutasjonen ikkje er eit problem for vaksinen vår, seier sjefforskar i Pfizer, Philip Dormitzer til AP

Virus endrar seg kontinuerleg etter kvart som dei blir spreidde frå menneske til menneske. Desse små endringane har gjort det mogleg for forskarane å sjå korleis viruset har spreidd seg verda rundt etter at det vart oppdaga i Kina for litt over eit år sidan.

Alarmen gjekk i haust i Storbritannia då ein virusvariant med ei større endring vart oppdaga, og raskt koppelet til auke smittespreiing. Denne varianten vart raskt den dominerande i landet. Den er mistenkt for å vere mykje av årsaka til den kraftige smitteauken som førte til at landa 4. januar gjekk til ny nedstenging.

23 tilfelle i Noreg

1. januar var det nye muterte viruset oppdaga i 33 land. USA, Australia, Taiwan, Japan, Kina, Tyrkia, Brasil, Chile, Israel, Belgia, Island, Italia, Sveits, Sverige og Danmark er blant dei.

I Noreg er det oppdaga 23 tilfelle, og utvida testing er igangsett.

Ein annan mutasjon er no oppdaga i Sør-Afrika der han har spreidd seg i rekordfart. Helsestyresmaktene meiner at veksten er driven av den nye, meir smittefarlege varianten som 80–90 prosent av dei smitta har.

Det nye mutantviruset 501Y

Dei nye variantane i Storbritannia og Sør-Afrika er karakterisert ved ei endring i taggane som stikk ut av viruset. Det er ei endring som er assosiert med raskare smittespreiing. Denne endringa har det tekniske namnet 501Y.

Den engelske varianten har fått namnet 501Y.V1 og den sørafrikanske 501Y.V2. Dei er ikkje heilt like, og tilhøyrer to ulike utviklingsgreiner.

Viruset i Sør-Afrika har i tillegg ein annan mutasjon, E484K.

Pfizer melder at studien frå Texas tyder på at vaksinen fungerer på ytterlegare 15 moglege virus-mutasjonar, men at E484K ikkje er blant dei testa i første omgang. Vidare testing skal òg inkludere denne varianten, opplyser Pfizer.

Kan tilpasse vaksina

Etter kvart som koronaviruset går gjennom stadig nye endringar og mutasjonar, må alle vaksinar tilpassast, på same måte som den årlege influensavaksinen må det. Ifølgje Pfizer er dette ikkje noko stort problem, og noko som ein må rekne med. Heldigvis viser studiar at koronaviruset muterer langsamare enn influensaviruset.

– Til no har vi testa vaksinen mot 16 ulike mutasjonar, og ingen av dei har stor påverknad. Dette er gode nyheiter, seier Dormitzer til Reuters.

– Men det betyr ikjke at den 17. mutasjonen ikkje vil ha det, legg han til.

Både vaksinane til Pfizer/Biontech og Moderna kan raskt verte modifiserte for å tilpasse seg mutasjonar. Forskarar har opplyst at dette kan gjerast på så lite som seks veker.

Vaksiner blir levert til John Sealy hospital på University of Texas Medical Branch i Galveston.

Her vert vaksinar leverte til sjukehuset på universitetet i Galveston der forskinga er gjord.

Foto: MARK FELIX / AFP / NTB

Veit ikkje kvifor

Forskarane kan ikkje peike på nokon enkelteigenskapar ved dei muterte variantane som bevis på at dei er meir smittsame. Dei meiner at det er kombinasjonen av to eller fleire av dei mange endringane som gjer det.

Det er heller ikkje bevist at dei er meir smittsame. Det er berre sannsynleggjort.

Kva virusvariantane gjer er òg ukjent. Det finst eit utal av moglege mekanismar, og svaret kan vere at det er kombinasjonar av dei. Her er nokon moglege:

  • Virusvariantane gjer perioden der du er smittsam, men ikkje sjuk, lengre.
  • Dei set seg lettare fast i cellene.
  • Dei fører til at du produserer mykje meir virus som kan smitte vidare.
  • Dei smittar lettare til og frå barn, noko som kan auke farten på spreiinga.

Oppdaginga av dei nye muterte og svært smittsame variantane av koronaviruset skaper stor bekymring verda over, akkurat no som letten over at fleire vaksinar har komme på marknaden.

Vaksinasjon i gang

Vaksinen frå Pfizer/BioNtech var den første som vart godkjent og vaksinasjonen er godt i gang i mange land, også i Noreg.

Noreg er gjennom legemiddelsamarbeidet i EU sikra vaksinar på linje med EU-landa. Noregs del blir levert via Sverige som koordinerer.

Den andre vaksinen mot koronaviruset, frå Moderna, vart godkjent i EU, og dermed Noreg, tidlegare denne veka. Begge vaksinane byggjer på den same teknologien.

Folkehelseinstituttet har tidlegare anslått at rundt 1,3 millionar nordmenn er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom viss dei blir smitta av koronaviruset.

Eit ekspertutval i medisinsk etikk konkluderte i november med at denne gruppa skal prioriterast i vaksinasjonen. Med mindre det er eit veldig smitteutbrot i Noreg, då må helsepersonell prioriterast.

SISTE NYTT

Siste nytt