Hopp til innhold

Auka tempo i vaksineringa – har dobla seg denne veka

Folkehelseinstituttet har sjølv sagt at vaksineringa har vore langsam i starten, men så langt denne veka er tal på vaksineringar dobla.

Mildrid Jøsevold (93) får Rana kommunes første koronavaksine.

Mildrid Jøsevold i Rana er blant dei over 4.000 nordmennene som har fått sin første vaksinedose.

Foto: Rana kommune

I dag kom tal som viser at Folkehelseinstituttet har rett i at vaksineringa skyt fart på nyåret. Den 1. januar hadde 2.159 nordmenn fått første dose med vaksine, medan det oppdaterte talet for i går, 5. januar, var på 4.036. Det syner tal frå FHI. Talet kan også vere litt høgare på grunn av forsinka innrapportering.

Fram til i går var alle innrapporterte vaksiner utført i Viken, Oslo og Innlandet, noko som heng saman med at Oslo, og kommunar i Hedmark og Østfold fekk dei aller første vaksinane.

No har dei også kome i gang andre fylke, og blant dei er det Trøndelag og Rogaland som har sett flest vaksiner. Det er også her smitteauka er størst for tida.

– Kommunane har gjort ein kjempejobb med å førebu vaksineringa. Og no er dei i gang, sa Bent Høie på dagens korona-pressekonferanse.

Tal på personar som er vaksinerte med første dose

Skjermdump frå FHIs informasjonsside

Foto: Folkehelseinstituttet

Treg vaksinering?

I fleire europeiske land er debatten frisk fordi mange meiner vaksineringa går for tregt. Også her i Noreg har statsminister Erna Solberg og direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, måtte svare på det mange meiner er treg oppstart i vaksineringa.

Ho kalla sjølv starten for «langsam», men lova at det skulle gå fortare etter kvart.

– Me har vore opptekne av at kommunane skal ha tid til å rigge seg til å gjennomføre vaksinasjon effektivt, godt og trygt frå i morgon av, sa Stoltenberg på pressekonferansen søndag kveld.

– Eg forstår veldig godt at mange er utolmodige med å få vaksine. Men me er i gang, og det har skjedd raskare enn me har turt å håpe på, seier Høie i dag.

Noreg er ikkje blant landa som har hastegodkjent vaksinen, og Noreg følger også same strategi som EU og satsar på fleire ulike vaksinar i staden for å kjøpe inn store mengder av ei spesifikk vaksine.

I dag vart Moderna-vaksinen godkjent, noko som betyr at Noreg vil få endå fleire vaksiner per veke enn til no.

Vaksine

Judith Sollied var Senjas første vaksinemottakar.

Foto: Sveinung Åsali / NRK

Langt bak Israel

Førebels er det berre ein vaksinetype som er godkjent av EU og Noreg, men denne veka kan også Moderna-vaksinen bli godkjent.

Erna Solberg meiner ein må vente eit par veker før ein kan felle nokon dom over vaksineringsarbeidet. No synar tala framgang i vaksineringa, men det er framleis langt opp til landa som har vaksinert mest. Israel er landet som vaksinert desidert flest. Landet har i underkant av ni millionar innbyggjarar, og har sett meir enn 1 million dosar.

Til gjengjeld hastegodkjente Israel vaksinen frå Pfizer-BioNTech, og Israel sikra seg også veldig mange dosar av Pfizer-BioNTech-vaksinen. Dette har dei til gjengjeld betalt mykje for.

EU kjøpte vaksinen for 15,5 euro per dose. Yaron Niv, som jobbar i det israelske helsedepartementet, skal ifølge Reuters ha sagt at Israel betalte ein sum som tilsvarer 50,25 euro per dose.

AKTUELT NÅ