Hopp til innhold

Nordmann i Istanbul: – Det er ein annleis dag i byen

– Vi blei jo litt skremte då vi høyrde jagarflya bryte lydmuren, seier Carl Fredrik Tjeransen som er i Istanbul og følgde dramaet på nært hald i natt.

TURKEY-POLITICS-COUP-ARMY

Tyrkarane tek det med fatning, men er sjølvsagt sjokkerte, seier Carl Fredrik Tjeransen som er i Istanbul. Her er to kvinner ved Bosporos-brua som militæret tok kontroll over fredag kveld.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Carl Fredrik Tjeransen

Carl Fredrik Tjeransen har vore fleire gonger i Istanbul, og har aldri sett byen så stille

Foto: Johan van Walsem / Studio Johan Fotografie

Han var på besøk hos tyrkiske vener då det heile starta. Dei fekk først meldingar på mobiltelefonane om eit mogleg militærkupp, og begynte å følge med på tyrkisk TV.

– Andre vener i Istanbul ringde og lurte på kvar vi var og om vi var trygge. Vi fann ut at vi måtte sove ein stad for det var ikkje plass til oss der vi var, så da kopla nokre vener av oss med nokre andre vener i nærleiken, så då gjekk vi gjennom nokre kvartal dit.

– Folk hamstra mat og tok ut kontantar

– På vegen dit så vi menneske som hamstra mat, og det det var lange køar utanfor minibankane. I 3-tida høyrde vi det som høyrdest ut som eksplosjonar, men vi fekk vite at det var F16-fly som braut lydmuren. Frå 4-tida blei det stille, seier Tjeransen.

Han kjenner byen godt, og fortel om ein by som er langt tommare og meir stille enn den pleier å vere på laurdagar.

– Det er ein annleis dag i byen.

Han fortel om få folk i gatene i nabolaget der han er, men fortel at tyrkarane tek det med fatning.

– Dei tek berre sine forholdsreglar med å skaffe seg varer og pengar i tilfelle dette kan bli vanskeleg, seier Tjeransen, som legg til at dei fleste likevel var veldig overraska. .

– Sjølvsagt. Folk lurte på kva som skjer og kvifor det skjer.

Hadde oppfordra vener til å reise til Tyrkia

Han fortel at stemninga er oppgitt.

– Dei hadde problem nok som det var. Ironisk nok skreiv eg ein post på Facebook i går om korleis det er å vere turist på første klasse i Istanbul der det er så få menneske no, at ein kan gjere verkeleg gode kupp når ein er ute å handlar, og det er veldig lite folk overalt, og roleg i butikkar og restaurantar – og så opplever ein dette på kvelden, det ...

TURKEY-SECURITY/

Tyrkia har lenge slite med færre besøkande grunna mange terrorangrep. Her tek to menn selfie framfor ein militærtanks.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Tjeransen fortel at han har oppfordra fleire vener til å kome til Tyrkia for ikkje å la terroristane vinne, og for å støtte tyrkarane og økonomien i landet.

– Men når ein opplever dette, så verkar det jo litt ironisk.

SISTE NYTT

Siste nytt