Nordkoreanske diplomatar, med ambassadøren i spissen, møtte i dag opp på likhuset for å krevje den døde statsborgaren utlevert. Ifølgje malaysiske regjeringskjelder gjorde dei nordkoreanske diplomatane det klart at dei sterkt sette seg imot ein obduksjon av Kim Jong-nam.
Kim Jong-nam er halvbroren til den øvste leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un. Han vart truleg drepen med gift av nordkoreanske agentar på flyplassen sist måndag. Nord-Korea-kjennarar seier at han har stått på dødslista til det nordkoreanske regimet i mange år.
Bønn om å spare livet hans
Nord-Koreas ambassadør i Malaysia, Kang Chol, leidde delegasjonen av diplomatar som møtte opp på likhuset.
Foto: Vincent Thian / APTo sørkoreanske parlamentarikarar seier til nyheitsbyrået Reuters at Kim Jong-nam for fem år sidan sende eit personleg brev til halvbroren med bønn om å spare livet hans. Dei to har opplysningane frå den sørkoreanske etterretningstenesta.
«Det er ingen stad vi kan reise, ingen stad vi kan gøyme oss. Vi veit at den einaste måten å kome unna på er å gjere sjølvmord», stod det i brevet, ifølgje ein av dei sørkoreanske politikarane.
Det er uklart om Kim Jong-nam fekk noko svar på brevet til halvbroren. Dei to har same far, den tidlegare leiaren Kim Jong-il, men har ulike mødrer. Kim Jong-il fekk Jong-nam med ei kvinne han ikkje var gift med. Det blir sagt at han ikkje vart vist fram til bestefaren, Kim Il-sung, før han var fem år.
Kim Jong-nam (t.v.) vart truleg drepen av agentar frå regimet til halvbroren Kim Jong-un.
Foto: Wong Maye-e Shizuo Kambayashi / APNordkoreanske diplomatar møtte opp på likhuset og kravde utlevering av Kim Jong-nam. Dei måtte forlate staden utan å få aksept for kravet.
Foto: Mohd Rasfan / AFPVietnamesisk pass
I går etterlyste malaysisk politi to kvinner i samband med drapet på Kim Jong-nam. I dag vart ei 28 år gammal kvinne arrestert, medan dei framleis jaktar på ei anna kvinne og fleire andre mistenkte.
Den arresterte kvinna hadde vietnamesisk pass, og ho var åleine då ho politiet greip henne. Sørkoreanske styresmakter
. 28-åringenDet er framleis uklart om ho hadde falske reisedokument. I går sa malaysiske styresmakter at to kvinner forsvann frå flyplassen i samband med det som truleg var eit attentat på Kim Jong-nam.
Ein nordkoreansk diplomat i heftig disputt med politifolk utanfor likhuset.
Foto: Edgar Su / ReutersRussland og Macao
Kim Jong-nam tok utdanninga si i Russland og i Sveits, før han reiste tilbake til Nord-Korea og fekk ein jobb i regjeringsapparatet. Mange heldt han som favoritt til å ta over som leiar etter faren, men i mai 2001 vart han arrestert på Narita-flyplassen i Tokyo med eit falskt pass frå Den dominikanske republikk.
Han var saman med kona si, den fire år gamle sonen og det som truleg var ei hushjelp. Diktator-sonen sa til japanske styresmakter at familien ville vitje Disneyland i Tokyo.
Dei vart sende tilbake til Nord-Korea, og etter denne episoden fall Kim Jong-nam i unåde hos faren. Han reiste til utlandet, der han har vekselvis har budd i Moskva og i den tidlegare portugisiske kolonien Macao, som no høyrer til Kina.