NRK Meny
Normal

Hysteri ved kista til Kim Jong-il

Det var hysteriske tilstandar då gruppe utvalde medlemer av det nordkoreanske maktapparatet i dag slapp inn i rommet der Kim Jong-il ligg på likstrå.

Video Hysteri ved grava til Kim Jong-il

VIDEO: Hysteri ved kista til Kim Jong-il.

Gråtande ungdomar med bilete av Kim Jong-il

Gråtande ungdomar heidrar Kim Jong-il i Pyongyang onsdag.

Foto: AFP / Afp

Videobilete frå Pyongyang viser ei gruppe kvinner i svarte klede som fell til golvet og gret hysterisk når dei kjem fram til glaskista der den avlidne landsfaderen ligg.

Alvorlege menn i militæruniformer og svarte dressar gret openlyst når dei uttalar seg om Kim Jong-ils død.

LES OGSÅ: Ser ingen slutt på nordkoreanernes lidelser

LES OGSÅ: må regjere i samarbeid

– Vondt i hjartet

– Eg greier ikkje å gi uttrykk for trist eg er. Korleis kunne leiaren vår gjere dette mot oss? Eg har svært vondt i hjartet no, seier Ri Kil-Sung, direktør i det nordkoreanske utanriksdepartementet.

Enorme folkemassar var ute i gatene i Pyongyang.

Fleire millionar menneske var ute i gatene og sørgde, melder nordkoreansk fjernsyn.

Foto: AFP / Afp

Ein gråtande militærtopp, Kim Yong-nam. seier det slik:

– Fordi Kim Jong-un (sonen som er venta å overta etter Kim Jong-il) er slik som vår store leiar, vil vi gå frå sorg til mot og styrke, og vi vil ofre oss for å verne den nye leiaren, general Kim Jong-un.

Sørgjande framfor eit bilete av Kim Jong-il

Sørgjande framfor eit bilete av Kim Jong-il i Pyongyang onsdag.

Foto: AFP / Afp

Ute i gatene i Pyongyang og andre byar i landet hadde fleire millionar menneske møtt fram for å sørgje over Kim Jong-il, ifølgje det statlege fjernsynet. Det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået har sendt ut bilete frå Pyongyang med folk som gret og ber bilete av avdøde.

LES OGSÅ: Feirer diktatorens død

LES OGSÅ: Kim Jong-un besøkte sin fars likseng

– Byggjer opp Kim Jong-un

Nord-Korea-ekspertar meiner det no er tydeleg at det nordkoreanske propagandamaskineriet er i full gang med å byggje opp om sonen Kim Jong-un som den nye leiaren.

Sørkoreanske ekspertar seier at kim Jong-un vil måtte rekne med å må regjere i samarbeid med ein onkel og dei væpna styrkane.

Born sørgjer over Kim Jong-il i Pyongyang.

Det var mange born blant dei sørgjande i Pyongyang onsdag.

Foto: AFP / Afp

Nordkoreansk fjernsyn viste i dag bilete av Kim Jong-un ved faren si kiste, og det rann tårer nedover kinna hans.

Måndag vart det innført ein sørgjeperiode på 13 dagar for Kim Jong-il. Nord-Korea vil blant anna ikkje ta mot utanlandske gjestar i denne perioden, og det offisielle Nord-Korea vil for ein stor del halde stengt.

Gravferda vil bli halden i Pyongyang i 29. desember.

LES OGSÅ: «Den kjære leders» liv i luksus

LES OGSÅ: – Nå kan alt skje i Nord-Korea

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt