Hopp til innhold

Kim Jong-un lovar full støtte til Russlands krig i Ukraina

Dei to statsleiarane har signert ein avtale om «gjensidig forsvar ved ekstern aggresjon», melder nyheitsbyrået Tass.

North Korea Russia

Russlands president Vladimir Putin og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un poserer for fotografane på dag to av besøket i Pyongyang.

Foto: Gavriil Grigorov / AP

– Forholdet mellom våre to land er på sitt beste. Ein kan til og med samanlikne det med forholdet mellom Nord-Korea og Sovjetunionen, seier Kim Jong-un.

Han seier at forholdet til Russland har utvikla seg til ein allianse, melder Reuters.

Under eit to timer langt møte kom dei to statsleiarane fram til ein avtale om omfattande strategisk samarbeid om sikkerheit og internasjonale forhold, ifølge det russiske nyheitsbyrået Interfax.

Presidentene Kim og Putin i Nord-Korea.

Mange barn helste på dei to presidentane.

Foto: Vladimir Smirnov / AP

Detaljane i avtalen er ikkje kjent, men Kim fortel at det dreier seg om politisk, økonomisk og militært samarbeid, ifølge Reuters. Han lova full støtte til Russlands krigføring i Ukraina.

– Nord-Korea uttrykker si fulle støtte og solidaritet til den russiske regjeringa, hæren og folket som utfører ein spesialoperasjon i Ukraina, sa han.

Spesialoperasjonen er det Russland offisielt kallar krigen mot Ukraina, som starta då russarane invaderte nabolandet sitt med full styrke i februar 2022.

Avtalen inneber også gjensidig forsvar ved aggresjon frå eksterne makter mot nokon av landa, seier Putin til det russiske nyheitsbyrået Tass.

Venar i naud

Møtet signaliserer eit skifte i relasjonen mellom Moskva og Pyongyang, og kjem på eit tidspunkt der begge pariastatane treng nye allierte.

Det er 24 år sidan den russiske presidenten var i Nord-Korea sist, men han og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un møtte kvarandre i Russland i fjor.

I dag seier Putin at Russland og Nord-Korea står saman imot politisk motiverte sanksjonar, og at dei vil ikkje tolerere utpressing, melder AFP.

Nord-Korea er under heftige sanksjonar frå FNs sikkerheitsråd på grunn av missil- og atomvåpenprogrammet sitt. Sidan storinvasjonen av Ukraina har forholdet mellom dei to vorte tettare i takt med at Russland har vorte meir isolert frå vestlege land.

I mars la Russland ned veto mot FN-resolusjonen om å fornye mandatet til eit ekspertpanel som sørger for at medlemsland opprettheld sanksjonar mot Nord-Korea.

Kim får luksusbil av Putin

Det var venleg mellom leiarane då dei møttest på lufthamna i Pyongyang natt til onsdag koreansk tid.

Kim gav Putin ein klem, og enorme banner med bilete av ein smilande Putin og teksten «Vi ønsker president Putin hjarteleg velkomen!» var hengde opp frå lyktestolpar i heile Pyongyang.

I dag vart kortesjen med den russiske presidenten møtt av folk med flagg og ballongar langs ruta til det statlege gjestehuset der eit to timar langt møte vart halde.

Russlands president på besøk i Pyongyang.

Russlands president på besøk i Pyongyang.

Frå Putin får Kim luksusbilen Aurus Senat i gåve, melder det russiske mediet Tass. Aurus Senat er ein russisk limousin i retrostil, og den offisielle presidentbilen.

Tass siterer Putins rådgivar Yuri Ushakov når dei melder Nord-Koreas leiar også fekk eit tesett og ein admiraldolk. I gjengjeld fekk Putin ulike kunstverk.

Vladimir Putin køyrde ein Aurus Senate til presidentinnsettinga i mai.

Vladimir Putin køyrde ein Aurus Senate til presidentinnsettinga i mai.

Foto: Valeriy Sharifulin / Reuters

Utelukkar ikkje militærteknologisk samarbeid

Putins besøk skjer samstundes som bekymringar for ei våpenavtale mellom dei to landa veks. Tysdag var Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i USA, der han under eit besøk i Det kvite hus sa at Nato er bekymra for støtta som Russland gir til Nord-Koreas missil- og atomvåpenprogram.

Det er venta at Russland skal få ammunisjon frå Nord-Korea, og at nordkoreanske gjestearbeidarar skal få komme til Russland. Der er det eit stort underskot på arbeidskraft, ikkje minst i forsvarsindustrien.

I gjengjeld er det venta at Russland vil bidra med teknologi og utvikling i det fattige Nord-Korea. Eit økonomisk samarbeid med Russland kan betre situasjonen for det isolerte landet, men teknologiutviklinga kan også bidra til Nord-Koreas atomvåpenprogram.

– Vi utelukkar ikkje eit samarbeid om militærteknologi med Nord-Korea, sa Putin til pressa i dag, melder AFP.

Nord-Koreas Kim tar imot Putin i Pyongyang.

President Kim sa at besøket er starten på ein ny vekst for dei to landa.

Foto: Reuters

Russland har allereie mottatt store våpenleveransar frå Nord-Korea, ifølge Sør-Koreas etterretningsteneste. Dei meiner naboen i nord har sendt rundt 5 millionar artillerigranatar og fleire ballistiske missil til Russland sidan september i fjor.

Også FN har skulda nordkoreanarane for å levere våpen som vert brukte mot Ukraina.

Nordkoreanske styresmakter har kalla påstanden «absurd». Men sørkoreanarane viser til at det blant anna er funne vrakrestar frå nordkoreanske rakettar på slagmarka i Ukraina.

Uro ved grensa

Fleire konfrontasjonar mellom soldatar på grensa mellom Nord- og Sør-Korea vitnar om spenningane i regionen for tida.

Artilleri avfyrer skudd på en strand

Eit stillbilete frå ein video delt av den nordkoreanske kringkastaren KRT i 2017 skal vise ei militærøving i Wonsan aust i Nord-Korea.

Foto: KRT / AP

Det russiske besøket skjer same dag som nordkoreanske soldatar kryssa grensa og gjekk i den demilitariserte sona mot Sør-Korea.

Det er andre gong på to veker dette skjer. I dag tidleg skal fleire av nordkoreanarane ha vorte skadde av landminer då dei trekte seg tilbake og inn i heimlandet igjen.

Putins besøk til Nord-Korea skal vare i to dagar. Seinare i dag skal han dra vidare til Vietnam.

Retting: NRK siterte klokka 9.47 Sky News på at Putin hadde landet i Nord-Korea. Det er feil. Det rette var at han mellomlanda aust i Russland.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kamala Harris under et velgermøte i Reelworks

Flere av de heteste konkurrentene stiller seg bak Harris

Flere av de heteste navnene til å bli demokratenes neste presidentkandidat stiller seg bak Kamala Harris.

Biden tala etter Trump-skytinga

Biden trekker seg: – Biden sette partiet og framtida framfor seg sjølv

I fleire veker har presset mot Biden om å trekke seg vakse. Då beskjeden kom, hagla støtteerklæringane inne.

Joe Biden trekker seg

I ukevis har diskusjonen om hvorvidt Joe Biden (81) er egnet som demokratenes presidentkandidat blitt stadig heftigere. Nå melder Biden at han trekker seg.