Hopp til innhold

– Kim Jong-un står bak drapet på halvbroren

– Kim Jong-nam har vore jaga i mange år. Eg trur vi kan ta det for gitt at det er halvbroren Kim Jong-un som står bak drapet på han, seier Korea-ekspert og nyheitssjef i Dagbladet, Sun Heidi Sæbø.

Korea-ekspert Sun Heidi Sæbø meiner Kim Jong-un står bak drapet på halvbroren Kim Jong-nam

VIDEO: Sun Heidi Sæbø om mogleg drap.

Sæbø var gjest i Dagsrevyen og Dagsnytt 18 i kveld. Ho karakteriserer Kim Jong-nam som ein som stod på utsida. Han vart fødd som eit uekte barn av Kim Jong-il, og han vart halden unna det offentlege i heile barndomen.

– Det er vanskeleg å vite om han var ein reell trussel mot styresmaktene i Pyongyang, men vi veit at han hadde nære band til ein onkel, som vart avretta i 2013 . Begge hadde godt kontakt med Kina. Det kan ha vore ei frykt hos Jong-un for at Kina ville at Jong-nam skulle erstatte han som øvste leiar, seier Sæbø.

F.v. Kim Il-sun, Kim Jong-il og Kim Jong-un.

Kim Il-sun (t.v.) grunnla familie-dynastiet i Nord-Korea. Sonen Kim Jong-il (i midten) førte det vidare og Kim Jong-un er siste skotet på stammen.

Arven frå Stalin

Kim-dynastiet i Nord-Korea er eit direkte resultat av at Sovjetunionen tok kontroll over den nordlege delen av Korea-halvøya etter andre verdskrigen. Landets evige president, Kim Il-sung, henta inspirasjonen sin frå Josef Stalin.

I dag er det tredje generasjon i familie-dynastiet som sit på toppen av maktpyramiden i Pyongyang, 34 år gamle Kim Jong-un. I dag kom det melding om at halvbroren hans, Kim Jong-ham, som har budd i utlandet i det meste av sitt vaksne liv,. var funnen død på flyplassen i Kuala Lumpur i Malaysia

Kim Jong-nam.

Kim Jong-nam (45) døydde i Malaysia måndag. Sørkoreanske kjelder seier han vart forgifta av to kvinnelege nordkoreanske agentar.

Foto: Shin In-seop / AP

Sørkoreanske etterretningskjelder seier at Jong-nam vart forgifta av to kvinner, som etterpå greidde å stikke frå staden. Kvinnene, som ifølgje meldingane var nordkoreanske agentar, skal ha brukt ei form for spray. Desse meldingane er ikkje stadfesta av offisielle kjelder.

Malaysiske styresmakter nøyer seg med å konstatere at Kim Jong-nam fekk eit anfall på flyplassen. Han vart henta av ambulanse, men var død før dei kom fram til sjukehuset. Dette skjedde måndag kveld.

Krever hastemøte om Nord-Korea i Sikkerhetsrådet

Mogleg etterfølgjar

Kim Jong-nam (45) var lenge sett på som ein mogleg etterfølgjar etter faren Kim Jong-il, men fall i unåde etter eit forsøk på å ta seg inn i Japan på eit falskt pass. Målet hans skal ha vore å vitje Disneyland saman med kona og borna.

Mesteparten av tida etterpå har han budd i Macao, ein tidlegare portugisisk koloni som no er ein del av Kina.

I eit intervju i 2011, då det var klart at faren hadde sviktande helse, sa han at han var motstandar av at Nord-Korea skulle vere eit familie-dynasti. Han ynskte likevel halvbroren Kim Jong-un lukke til, om det var han som skulle ta over.

Nord-Koreas evige president. Det er tittelen til Kim Il-sung, som døydde i 1994. Det høyrest ut som ein floskel, men i eit land der persondyrkinga er utan sidestykke, og der Kim Il-sung er oppgradert til noko guddommeleg, er det ikkje så urimeleg.

Den no avlidne britiske journalisten og forfattaren Christopher Hitchens kalla ein gong Nord-Korea for eit nekrokati.

Jubel for Kim Jong-un.

Persondyrkinga i Nord-Korea er enorm. Her blir Kim Jong-un hylla under partikongressen i mai i fjor.

Foto: Damir Sagolj / Reuters
Statuer av nordkoreanske leiarar.

Nordkoreanarar bøyer seg framfor statuane av Kim Il-sung og Kim Jong-il på Munsu-høgda i Pyongyang i 2015.

Foto: Wong Maye-e / AP

Nord-Korea har doblet antall offentlige henrettelser

Eksil i Sovjetunionen

Kim Il-sung vart fødd i 1912, same natta som Titanic gjekk ned mellom isflaka på Newfoundland-kysten. Han kom tidleg med i motstandsarbeidet mot den japanske okkupasjonen av Korea-halvøya.

Hallvor Tjønn skreiv i ein kronikk i Aftenposten i 2011 at det avgjerande vendepunktet i livet hans kom i 1940, då han reiste i eksil til Sovjetunionen. Han var då 28 år gammal og vart innrullert i Den raude armeen.

I august 1945 tok sovjetiske soldatar kontroll over den nordlege delen av Korea-halvøya, og dei starta eit liknande arbeid her som i Aust-Europa. Det sovjetiske systemet skulle meislast inn.

Kommunistleiarane i Moskva fann ut at Kim Il-sung var mannen å satse på når kommunismen skulle byggjast i Korea. Då hadde han gjort karriere i Den raude hær og blitt forfremja til major.

Persondyrking

Josef Stalin

Josef Stalin vart dyrka som ein gud i si levetid, men fall fort ned frå pidestallen etter sin død.

Foto: AP

På slutten av 1940-talet var Kim Il-sund eineherskar, og ifølgje Halvor Tjønn var det då personkulten rundt han starta. Det var på denne tida at persondyrkinga av Josef Stalin var på si sterkaste. Stalin var genial, allvitande og ein farsfigur for alle sovjetborgarar.

Slik bygde også Kim seg opp. Ein diktator, og ein genial militær leiar, men også ein som forstod seg på alt frå jordbruk til kunst, kultur og politikk.

Tjønn meiner nøkkelen til oppbygginga av familie-dynastiet i Nord-Korea ligg i at Kim såg kor kort tid det gjekk frå Stalin døydde, til han vart fordømt av eit samla kommunistparti etter den vidgjetne talen til Nikita Khrustsjov.

Det same skjedde i Kina etter at Mao døydde i 1976.

Halvor Tjønn meiner at Kim Il-Sung ved å grunnleggje eit familie-dynasti, minska faren for at regimet hans skulle falle saman. Det var slik han la grunnen for den såkalla Juche-filosofien, som sønene har brakt vidare etter tur.

Den nordkoreanske hæren.

Støtta til dei væpna styrkane er ein viktig del av den nordkoreanske propagandaen.

Foto: Wong Maye-e / AP
Nordkoreansk rakettoppskyting.

Dei nordkoreanske rakettoppskytinga, som blir utsett for sterk kritikk i utlandet, er ein viktig del av den interne propagandaen.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Guddommelege eigenskapar

Kim Il-sung brukte alle propaganda-triksa i boka for å byggje opp seg sjølv. Det kryr av statuar av han både i Pyongyang og andre stader i landet, og han har framleis ein sentral plass i det offentlege livet i Nord-Korea. Det går også mange historier om hans guddommelege eigenskapar.

Kim Il-sung var gift to gonger og hadde seks born. Den tredje eldste, Kim Jong-il, tok over då faren døydde i 1994. Gamlefar fekk tilnamnet «Den store leiaren», medan Kim Jong-il vart heitande «Den elska leiaren».

Kim Jong-il styrte Nord-Korea frå 1994 til han døydde i 2011. Han mangla faren sin karisma, men det vart like fullt bygd opp ei sterk persondyrking også rundt han. Han var ifølgje rykta noko alkoholisert, og det gjekk mange historier om kor glad han var i whisky og vestlege luksusvarer.

Kim Jong-un.

Kim Jong-un på rusletur i Pyongyang. Dette biletet vart sendt ut i januar i år.

Foto: Str / AFP

Han hadde fire partnarar og minst fem born. Han fekk ikkje born med den siste kona si. Eldstemann Kim Jong-nam, som døydde i Malaysia måndag, var den eldste. Han vart rekna som ein bråkmakar i familien, og var ikkje aktuelle som etterfølgjar.

Provoserer nabolanda

Den mellomste broren, Kim Jong-chul, blir hevda å ha vore uaktuell på grunn av «sin lite mandige utsjånad», ifølgje Wikipedia. Han skal også vere svært reservert.

Valet fall på Kim Jong-un, som berre var 28 år gammal då han tok over som øvste leiar i familie-dynastiet i 2011. Han har gjort seg kjend som ein leiar som ikkje er redd for å provosere både nabolandet Sør-Korea og Japan og stormakta USA.

Dette har han gjort ved å halde fram utviklinga av atomvåpen og ved å teste sine langtrekkjande rakettvåpen. I USA er det frykt for at Nord-Korea kan vere i ferd med å utvikle langtrekkande rakettar som kan nå mål i USA med atomvåpen.

USAs nyvalde president Donald Trump har sagt at han tek trusselen frå Nord-Korea på alvor, og at han vil sørgje for at Nord-Korea aldri vil bli i stand til å nå mål i USA med sine rakettar.

Nord-Koreas leder Kim Jong-un

Slik markerte det nordkoreanske statsfjernsynet den siste atomprøvesprenginga.

Foto: KRT / Reuters
Kim Jong-un inspiserer soldatar.

Støtta hos dei væpna styrkane er heilt avgjerande for Kim-dynastiet, og Kim Jong-un blir alltid teken godt imot når han vitjar soldatar ute i felt.

Foto: Kcna / Reuters

Det er lite som tyder på at Kim-dynastiet er trua i Nord-Korea. Regimet har ein million soldatar under våpen, dei har full kontroll over presse og kringkasting, og rykta kan fortelje om stadige utreinskingar i statsapparatet.

Omfattande fattigdom

Det er vanskeleg å vite for ein utanforståande kva som røyver seg på den nordkoreanske grasrota, om det verkeleg er ein reell opposisjon mot makthavarane. Mest truleg har dei fleste nok med å skaffe seg nok mat til å brødfø familien.

Landet har også opplevd fleire hungerkatastrofar, og kvardagen er tøff for dei fleste.

Nord-Korea skal vere eitt av dei fattigaste landa i verda, sjølv om propagandaen prøver å framstille landet som moderne og velfungerande. Folk får høyre nesten dagleg at alle andre land, med Sør-Korea og USA i spissen, er ute etter å ta dei. Kim-dynastiet og den mektige hæren er dei einaste som kan hindre det.

Ånda til Josef Stalin er framleis høgst levande i Nord-Korea.

SISTE NYTT

Siste nytt