Hopp til innhold

Ei bye av kritikk har treft Putin-regimet

Russlands liste over «utanlandske agentar» blir stadig lengre. Samstundes er det ikkje berre desse som no rettar kritikk mot den militære leiinga til Putin.

Russlands president Vladimir Putin.

UNDER PRESS: President Vladimir Putin og hans inste krets er under eit tydeleg press.

Foto: Sergei Karpukhin / Reuters

I denne saka kan du lesa om:

Kritikk frå okkuperte område

Russlands invasjon av Ukraina har skapt ei bye av kritikk. Kritikken mot den russiske forsvarsleiinga kjem frå fleire hald – sjølv frå Putins eigen leir.

Seinast torsdag skal Kirill Stremousov, ein av leiarane som Russland har innsett i Kherson-regionen i Ukraina, sagt i ein Telegram-video at forsvarsminister Sergej Sjojgu burde ta sitt eige liv.

Det skriv The New York Times.

Stremousov er eit illustrerande døme på dei på ytre høgrekanten som stiller seg til disposisjon for Putin.

Kirill Stremousov i kontoret sitt i Kherson. På veggen heng eit bilete av Putin.

Kirill Stremousov i kontoret sitt i Kherson. På veggen heng eit bilete av Putin.

Foto: STRINGER / AFP

– Og det som er interessant, er at mykje av kritikken av Putin kjem frå dei okkuperte områda. Også her er jo denne Stremousov eit døme, seier Jørn Holm-Hansen, forskar ved Oslo Met.

– Sidan 2014 ar det vore mykje misnøye blant separatistane i Donetsk og Luhansk med at Putin ikkje har støtta dei meir og tydlegare, så dette er eit slags framhald av ein lengre tradisjon, legg han til.

Misnøye i den politiske eliten

Stremousov er ikkje åleine om å retta kritikk mot den militære leiinga i Russland. Også innan delar av den politiske eliten i Russland er det aukande misnøye med måten krigen har vore ført på.

Andrej Kartapolov har kome med dramatiske utsegn mot Putin-regimet.

Andrej Kartapolov har kome med dramatiske utsegn mot Putin-regimet.

Foto: KIRILL BRAGA / Reuters

Andrej Kartapolov, leiaren for forsvarskomiteen i Dumaen, hovudkammeret i den russiske nasjonalforsamlinga, har sagt at det må bli slutt på løgnene om kva som skjer i Ukraina. Folk fekk vita mykje meir i 1941 etter at nazi-Tyskland gjekk til åtak, seier han.

– Utsegna er ganske dramatiske. Han seier jo at Putin-regimet ikkje lever opp til arven frå Den store fedrelandskrigen. I Russland er det hard kost, seier Holm-Hansen.

Kadyrov

Leiaren i Tsjetsjenia, som er ein av Putins største støttespelarar, har kritisert Russlands krigføring.

Foto: CHINGIS KONDAROV / Reuters

I tillegg har også leiaren i Tsjetsjenia og ein av Putin sine største støttespelarar, Ramzan Kadyrov, kritisert Russlands krigføring. Det same har Jevgenij Prigozjin, eigar av Wagnergruppa.

Jevgenij Prigozjin er forretningsmann med tette band til den russiske presidenten. Han blei også kalla "Putins kokk" og står bak Wagnergruppa.

Jevgenij Prigozjin er forretningsmann med tette band til den russiske presidenten. Han blei også kalla «Putins kokk» og står bak Vagnergruppa.

Foto: ALEXEY DRUZHININ / AFP

Skuffelse blant militærbloggarar

Også innan veteranmiljøa og blant russiske militærbloggarar, som er tilhengjarar av krigen, haglar det no kritikk mot den russiske krigføringa.

Nokre av militærbloggarane har opp mot ein million følgjarar og opererer på den krypterte meldingstenesta Telegram. Det gjer at dei i prinsippet kan vera anonyme som gjer det lettare å kritisera handteringa av krigen.

Bloggarane er eller har vore knytte til forsvaret. Dei er folk med kontaktar i militæret og har reell informasjon om kva som føregår på bakken.

Igor Girkin

Igor Girkin er tidlegare FSB-offiser. No bloggar han kritisk om krigen.

Foto: Dmitry Lovetsky / AP

– Det er nok eit stort element av skuffelse, seier forskar ved Stabsskolen Tobias Sæther.

– Det store bildet er at krigen ikkje går bra for russarane. Dette innser mange av kritikarane, ikkje minst militærbloggarane, legg han til.

Putin og hans inste krets er med andre ord under stort press. Putin har forsøkt å koma kritikarane i møte med den delvise mobiliseringa og tvangsinnlemminga av dei fire ukrainske områda, men heller ikkje dette har vore vellukka.

Les også Storskog: Her flykter russiske menn fra å bli sendt til krigen

En russisk statsborger på Høybuktmoen.

– Mobiliseringsvedtaket har fått negative konsekvensar for oppslutninga om krigen i den russiske befolkninga, seier sjefforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt, Kristian Åtland.

Dei store folkemengdene som har forlate Russland etter vedtaket, seier også sitt.

Mistar grepet om offentlege debatten

Åtland fortel at den statlege sensuren framleis er intens og at offentlege demonstrasjonar mot krigen framleis blir slått hardt ned på.

– Men det er mykje som tyder på at regimet er i ferd med å mista grepet om den offentlege debatten, legg han til.

Tom Røseth, hovudlærar i etterretning på Stabsskolen, seier at Moskva slit med kor dei skal setja grensene då dette er kritikarar som støttar regimet, men som samstundes dyttar i grensene for kva Kremls tykkjer er greitt.

– Som til dømes når forsvarsminister Sergej Sjojgu, som er nær ven av Putin, blir kritisert, seier Røseth.

Forsvarsminister Sergej Sjojgu har blitt kritisert frå fleire hald. Institute for the Study of War meiner han kan enda som syndebukk for nederlaga i Ukraina.

Forsvarsminister Sergej Sjojgu har blitt kritisert frå fleire hald. Institute for the Study of War meiner han kan enda som syndebukk for nederlaga i Ukraina.

Foto: AP

For berre nokre dagar sidan blei Aleksej Slobodenjuk som er talsmann i Wagnergruppa arrestert. Slobodenjuk har nemleg vore sterkt kritisk til forsvarsministeren.

Videoen av arrestasjonen har sirkulert på sosiale medium.

Røseth meiner at dette kan vera eit teikn på at det er usemje på dei øvste nivåa i Putins regime eller at dei no vil slå ned på dei kritiske bloggarane.

Les også Creme de la Kreml

Putin

Forskar Holm-Hansen seier samstundes at det er verdt å merka seg at kritikken som kjem til uttrykk berre rettar seg mot militærleiinga, og ikkje Putin sjølv.

– Om kritikken byrjar å rette seg mot presidenten, er vi over i eit heilt nytt stadium. Då kan mykje skje, og raskt, seier Holm-Hansen.

Fleire namn blir føya til liste

Samstundes som forsvarsleiinga i Russland opplever kritikk frå eigen leir, blir stadig fleire namn blir føya til lista over «utanlandske agentar».

Dette er ei nemning som russiske styresmakter brukar på å slå ned på kritikarar av Putin-regimet.

Å vera kritikar av Putin-regimet er svært vanskeleg, seier Iver Neumann direktør ved Fridtjof Nansens Institutt.

– Blir ein stempla som framand agent, gir det verknadar heilt ned på daglegnivå. Sjansen for å hamna i buret er stor, seier han.

– Ein har ikkje kunna kritisera sjølve systemet, og ikkje under noko omstende sjølve presidentembetet, seier Holm-Hansen.

Ein av Russlands mest populære rapartistar, Oxxxymiron, har fått status som "utanlandsk agent".

Ein av Russlands mest populære rap-artistar, Oxxxymiron, har fått status som «utanlandsk agent».

Foto: Pavel Golovkin / AP

At det no kjem open kritikk av noko så sensitivt som forsvaret midt oppe i ein krig, er nytt. Men samstundes kjem dette frå ytst på høgre sida, frå det ein kan kalla krigspartiet eller haukane. Det er dei som vil gå hardare fram i krigen.

– Desse folka slepp til i beste sendetid på fjernsyn, medan dei som vil slutt på krigen blir arresterte om dei går ut på gata med ein plakat, seier Holm-Hansen.

Fredag var Memorial ein av tre som fekk delt ut fredspris. Forskarane trur at dei som er kritiske til Putin-regimet og krigen er glade for at organisasjonen fekk prisen, men at det er vanskeleg å seia korleis prisutdelinga får utslag.

– Problemet er at dei som allereie er vestvende vil sjå dette som støtte, men at dei andre berre vil sjå på dette som nok eit døme på at det Putin kallar det kollektive vesten brukar alle midlar for å sverta Russland, seier Neumann.

SISTE NYTT

Siste nytt