Hopp til innhold

Minst 18 drepne i Taliban-angrep

Taliban-opprørarar kledde som grensepoliti gjekk titl angrep på ein bank i Jalalabad i den austlege delen av Afghanistan i dag. Minst 18 menneske vart drepne og over 70 såra.

Angrep mot bank i Jalalabad

Sju menn frå Taliban gjekk til angrep på Kabulbank si avdeling i Jalalabad i dag.

Foto: Shir Shah Hamdard / Ap

Ein såra mann blir hjelpt bort frå banken.

Over 70 menneske vart såra i tillegg til dei 18 drepne i angrepet.

Foto: PARWIZ / Reuters

Det var både sivile og medlemer av dei afghanske tryggingsstyrkane blant dei drepne. Soldatane stod i kø for å hente ut lønna si då angepet kom. Minst tre av angripararne skal ha utløyst sprengladningane dei hadde festa rundt livet inne i banken.

LES OGSÅ: Taliban sprenger videobutikker

LES OGSÅ: Slutter opp om Taliban i frustrasjon

Heldt på i fleire timar

Gul Agha Sherzai, guvernør i Nangarhar-provinsen, seier at det var sju Taliban-opprørarar som angreip banken.

Ein talsmann for regjeringa i provinsen, Ahmadzia Abdulzai, seier at kamphandlingane inne i Jalalabad-avdelinga av Kabulbank heldt på i fleire timar, og at situasjonen var svært kaotisk. Det er uklart om opprørarane også prøvde å rane banken.

Taliban tok seg på ansvaret for angrepet i ei tekstmelding til nyheitsbyrået Reuters. Her heiter det at mange soldatar frå tryggingsstyrkane vart drepne då tre sjølvmordsaksjonistar gjekk til angrep inne i banken.

LES OGSÅ: Minst 16 drepne i Afghanistan

LES OGSÅ: – Regjeringen gjør ingenting for oss

- Skaut dei tilsette først

Afghanistan angrep på bank i Jalalabad

Denne ungdomen var ein av dei såra etter angrepet på banken i Jalalabad.

Foto: Shir Shah Hamdard / Ap

Ein offentleg tilsette som berre kallar seg Salman, seier til Reuters at han var inne i banken då Taliban-opprørarane starta angrepet.

- Eg var inne i banken då sju væpna menn i politiuniformar angreip. Broren min vart drepen av dei, seier han. Eit anna vitne seier at dei væpna mennene skaut dei banktilsette først, før dei gjekk laus på dei andre.

Dette skjer samstundes som det er ei aukande bankkrise i Afghanistan, blant anna er det ei stor korrupsjonsskandale under opprulling. Og sentralt i denne skandalen står Kabulbank.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Hemmelig spesialstyrke jakter på Talibanledere

LES OGSÅ: Angrep på NATO-base slått tilbake

SISTE NYTT

Siste nytt