NRK Meny
Normal

Minst 16 drepne i Afghanistan

Minst åtte opprørarar vart drepne då dei gjekk til angrep på ein NATO-base i Jalalabad i Afghanistan. Nord i landet vart åttte sivile drepne i eit motorsykkelangrep.

Afghanske soldatar etter nedkjempinga av inntrengjarane.

Afghanske regjeringssoldatar etter at inntrengjarane var nedkjempa.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Afghanske soldatar på vakt i Jalalabad

Afghanske regjeringssoldat har teke oppstilling utanfor flybasen.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Det var like før daggry at Taliban-opprørarar gjekk til angrep på NATO-basen på flyplassen i Jalalabad aust i landet. Opprørarane hamna i skotveksling med NATO-soldatar og dei afghanske soldatane på basen.

- Ingen av våre soldatar vart drepne i skytinga, seier ein talsmann for ISAF-styrken. Minst ein av opprørarane hadde sjølvmordsvest på seg.

Inntrengjarane hadde på seg uniformar frå den afghanske regjeringshæren.

Taliban tok raskt på seg ansvaret for angepet, og seier i ei fråsegn at 14 talibanar tok seg inn på flyplassen. Nokre av dei sprengde seg sjølve i lufta, medan andre framleis er i kamp, heitte det.

Litt seinare på morgonen vart to politifolk og seks sivile drepne på ein marknadsplass i ein avsidesliggjande by nord i Afghanistan etter at ei bombe plassert på ein motorsykkel eksploderte. 18 menneske vart såra i dette angrepet.

Distriktspolitisjef Mohammad Ayoub Haqyar seier til AFP at angrepet truleg er utført av Taliban. Han fortel at leiaren for ein milits som støttar den afghanske regjeringa er blant dei døde, og at han truleg var primærmålet for angrepet.

Angrepa i dag blir sette i samanheng med at NATO-leiarar komande veke skal samlast i Lisboa i Portugal for å diskutere situasjonen i Afghanistan.

Samstundes er det i dag ni år sidan amerikanske styrkar jaga Taliban ut av hovudstaden Kabul.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Eide: Krigen i Afghanistan kan ikke vinnes

LES OGSÅ: – Karzai er uegnet som president

LES OGSÅ: Norske soldater får kjøretøy med økt pansring

LES OGSÅ: Norske styrker i kamp sammen med lokal milits

LES OGSÅ: 22 sivile drept i Afghanistan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt