Hopp til innhold

Midtausten-leiarar: Trump planlegg å flytte USA-ambassaden til Jerusalem

Ifølgje fleire leiarar i Midtausten har Donald Trump varsla at USA vil flytte den amerikanske ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem. Trump vil komme med ei offisiell kunngjering onsdag, stadfester Det kvite hus.

Trump Donald Trump

President Donald Trump i telefonsamtale frå Det ovale kontoret i Det kvite hus.

Foto: Alex Brandon / AP

Både den palestinske presidenten, kongen av Jordan og presidenten i Egypt fekk Donald Trump på tråden tysdag ettermiddag og kveld. Alle fortel om den same beskjeden frå den amerikanske presidenten. Han vil flytte ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem.

Men NBC News melder tysdag kveld at Trump vil vente med å flytte ambassaden. Ifølgje kanalen, som viser til to offisielle kjelder i Det kvite hus, vil han derimot komme med ei erklæring onsdag om at USA stiller seg bak Jerusalem som hovudstad i Israel.

Fleire telefonsamtalar

I ei fråsegn frå dei palestinske styresmaktene i Ramallah heiter det at Trump tysdag ringde president Mahmoud Abbas og sa at USA planlegg å flytte ambassaden. Det går ikkje fram om Trump sa noko om tidspunktet for flytting.

I samtalen åtvara Abbas Trump mot å ta ei slik avgjerd, og sa at det vil kunne få alvorlege følgjer for fredsprosessen, tryggleiken og stabiliteten i regionen dersom ambassaden blir flytta.

Abbas

Den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, fekk Trump på tråden tysdag.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Abbas ber om hjelp til å stanse Trump

Etter samtalen med Trump ringde Abbas til presidentane i Russland og Frankrike, til kongen av Jordan og til pave Frans. Han bad dei gjere det dei kan for å påverke USA til ikkje å flytte ambassaden til Jerusalem.

HONG KONG JORDAN

Kong Abdullah av Jordan snakka med Donald Trump tysdag.

Foto: ANAT GIVON / Ap

Donald Trump snakka også med kong Abdullah av Jordan tysdag. Kongen fekk same beskjed frå den amerikanske presidenten. Også den jordanske kongen åtvara Trump. Han sa at dette er ei farleg avgjerd som vil kunne gå ut over stabilitet og tryggleik, og vil kunne skade fredsarbeidet i regionen.

Tysdag kveld ringde Trump til presidenten i Egypt, Abdel Fatah el-Sissi. Ifølgje presidenten sitt kontor kom Abdel Fatah el-Sissi i samtalen med ei sterk oppfordring til Trump. Han bad Trump om ikkje å gjere noko som kan underminere fredsprosessen i Midtausten.

Kong Salman av Saudi-Arabia kom tysdag kveld med ei kraftig åtvaring til Donald Trump. Ifølgje statleg TV sa kongen at det vil vere farleg å flytte ambassaden til Jerusalem. Det vil kunne provosere muslimar over heile verda og skade fredsprosessen, ifølgje TV-stasjonen.

YEMEN-SECURITY/SALEH-SAUDI

Kong Salman av Saudi-Arabia åtvarar Donald Trump mot å flytte ambassaden.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kunngjering onsdag

Dei aller fleste land har ambassaden sin plassert i Tel Aviv. Men i 1995 vedtok den amerikanske Kongressen at ambassaden skal liggje i Jerusalem. Etter at vedtaket var gjort, har alle amerikanske presidentar kvart halvår skrive under ein ordre om å utsetje iverksetjinga av vedtaket.

I valkampen lova Donald Trump at han ikkje ville vidareføre denne praksisen, men han gjorde det i juni, og det var venta at han ville gjere det på nytt måndag, då den halvårlege fristen gjekk ut.

Det har vore spekulert i om Trump ville droppe planane om å flytte ambassaden, og i staden erklære at han gir si støtte til Jerusalem som hovudstad i Israel. No ser det altså ut til at Trump har bestemt seg for å flytte ambassaden.

Førebels er det eit ope spørsmål om han også vil kunngjere at USA stiller seg bak Jerusalem som hovudstad. Det kvite hus stadfesta tysdag kveld at Donald Trump vil komme med ei kunngjering om dette onsdag.

Det amerikanske utanriksdepartement ber tilsette i Israel halde seg unna Vestbreidda og gamlebyen i Jerusalem onsdag, fordi det er varsla demonstrasjonar i protest mot planane om å flytte ambassaden.

SISTE NYTT

Siste nytt