Hopp til innhold

Nye kampar i Mali etter rapportar om etnisk vald

Rapportar om det maliske styresmakter kallar etnisk reinsing i Mali har sett ny fart i krigsoffensiven mot opprørsgruppene i landet. Etter rolege månader er det i dag nye kampar i Nord-Mali.

Mali Tuareg Rebels

Maliske tuaregopprørarar har lenge kravd å få ein eigen stat, som dei vil kalle Azawad. Etter mange månader med uro og kampar har dei framleis kontroll over Kidalregionen nordaust i Mali. Derifrå kjem det no urovekkjande rapportar om etnisk vald.

Foto: Jerome Delay / Ap

Det er i regionen Kidal, nordaust i Mali, at det framleis er særs uroleg. Islamistgruppene som lenge herja i området har blitt jaga ut i ørkenen av franske og afrikanske styrker, men tuareggruppa MNLA (Rørsla for ei frigjering av Azawad) har framleis kontroll i regionen. No kjem det urovekkjande meldingar frå nord.

– Me får rapportar om arrestasjonar og vald i Kidal-regionen, og dette går i all hovudsak utover songhai-, fulani- og bellafolket, på grunn av hudfargen deira, sa Philippe Lalliot ved det franske utenriksdepartementet til den franske radiokanalen RFI måndag.

– Etnisk reinsing

Det er personar frå tuareggruppa MNLA som vert skulda for å stå bak den etniske valden. Målet med valden skal vere å få folk til å reise ut av Kidal. Maliske styresmakter sa måndag at dei tok rykta seriøst, og gav klar beskjed om at dei ville komme til å gjere noko med situasjonen.

– Når folk vert angripe og plaga på grunn av fargen på huda sin, om det er sant det me høyrer, då kallar me det etnisk reinsing, sa kommunikasjonsansvarleg i den maliske overgangsregjeringa, Manga Dembele ifølgje Reuters.

Ein talsperson for MNLA som bur i Paris nektar derimot for at folk i Kidal vert arrestert på bakgrunn av hudfarge. Han meiner at maliske styresmakter prøver å fyre opp under situasjonen ved å bruke det han kallar for «eit farleg språk».

– Me arresterte ti personar som hadde blitt identifisert som maliske soldatar, og som spionerte på oss. Dei vert sett på som krigsfangar og vert avhøyrt. Sivile som vart plukka opp under raidet som vart gjennomført, er no slupne fri, sa Moussa Ag Acharatoumane ifølgje Reuters.

Frankrike og Mali ueinige

I dag kom dei første meldingane om væpna kampar i landsbyen Anefi, i Kidalregionen. Landsbyen vert sett på som siste stopp før regionhovudstaden Kidal by, der den etniske valden skal ha skjedd.

– Troppane våre har tatt kontroll over Anefis i dag tidleg etter intense kampar, sa den maliske obersten Soleymane Maiga til Reuters tidlegare i dag.

Dagens kampar var dei første kampane mellom MNLA og den maliske hær sidan januar. Det er tsjadiske og franske styrker som har danna frontlinja dei siste månadene, samstundes som den maliske hær har blitt byggja opp att etter totalkollapsen i mars 2011, som dengong enda i eit militært statskupp.

Maliske og franske styresmakter har lenge vore ueinige i korleis dei skal handtere MNLA. Medan franske styrker berre ville nedkjempe islamistgruppene i Nord-Mali, så ville den maliske hæren også slåst med tuareggruppa. Frankrike sitt val om å ikkje angripa MNLA har gitt tuareggruppa høve til å byggje seg opp att.

MALI-CONFLICT-FILES

MNLA, ei opprørsgruppe beståande av personar frå tuaregfolket, har framleis kontroll over Kidal, ein region nordaust i Mali. No vert dei skulda for å utføre etnisk vald.

Foto: HO / Afp

Sjølvmordsbombarar

Ein av leiarane i den maliske hæren uttalte til den franske radiostasjonen RFI i dag at dei kjem til å halde fram offensiven til dei har fått kontroll over Kidal igjen. Det er lyst ut val i den 28. juli, og mange har stilt spørsmål ved om landet er klar for eit presidentval, så lenge dei ikkje har kontroll over Kidalregionen.

I går kom også meldingane om ein sjølvmordsbombar i Kidal. Vedkommande klarte ikkje å utføre anna skade enn å drepe seg sjølv. Det er uklart kven bomba var meint å ramme. Sjølvmordsbombing er ikkje vanleg i Sahel, og dei stadig fleire terroråtaka i området skaper uvisse for lokale styresmakter og innbyggjarar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt