Hopp til innhold

– Tsjad er neste terrormål

Niger opplevde førre veke to blodige bombeangrep frå islamistiske terroristar. No seier president Mahamadou Issoufou at nabolandet Tsjad er neste terrormål.

Soldater fra Tsjad i Mali

Tsjadiske soldatar har delteke i krigen i Mali. No er heimlandet peikt ut som terrormål.

Foto: STRINGER / Reuters

Etter at to bilbomber gjekk i lufta i Niger førre torsdag, er terrorfrykta stor i Saheldeltaet. Den langvarige konflikten i Mali har spreidd seg til nabolanda, og islamistiske terroristar angrip no på tvers av landegrensene.

– For Niger har trugselen flytta seg frå den maliske grensa, til den libyske grensa. Eg kan stadfeste at dei som angreip oss kjem frå Sør-Libya, og at dei no førebur eit angrep på Tsjad, sa Nigers president Mahamadou Issoufou, i går ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Mahamadou Issoufou

President i Niger, Mahamadou Issoufou, seier Tsjad er neste mål for terrorgruppa Mujao.

Foto: BOUREIMA HAMA / Afp

Det er terroristgruppa Mujao (Rørsla for sameining og jihad i Vest-Afrika) som har tatt på seg skulda for angrepa i Niger, og som no også trugar Tsjad. Islamistane si grunngjeving skal vere dei to landa si deltaking i krigen i Mali, der også Frankrike og styrker frå den Afrikanske Union deltek i kampen mot islamistane.

Tsjad truga frå fleire kantar

Sahelekspert og forskar i Fafo, Morten Bøås, har lenge vore overtyda om at Tsjad, som har delteke med to tusen soldatar i Mali, og tatt livet av sentrale islamistleiarar, er utsett for tilsvar i form av terror.

– Med den alliansbygginga som har skjedd, der Frankrike og Vesten har fått nabolanda til Mali involvert i konflikten, så er det ikkje rart at terrortrugselen truar utanfor Mali. Og med den rolla som Tsjad har spelt i Mali, så er det berre spørsmål om tid før det skjer noko der også, seier Bøås.

LES OGSÅ: Har endra taktikk: Frå krig til terror

LES OGSÅ:

Forsker Morten Bøås

Morten Bøås er forskar i Prio og kjenner godt til Vest-Afrika og Sahel.

Foto: NRK

Han peiker til at det allereie er store grupper i Aust-Tsjad som er misnøgde med president Idriss Déby, og som kan vere viktige samarbeidspartnarar med Aqim (Al-qaida i Maghreb) og Mujao.

– Det er ikkje umogleg å bygge taktiske alliansar som vil truge det tsjadiske regimet. Det er riktig at det er langt frå Mali til Tsjad, men det er ei god stund sidan Tsjad rykka inn i Mali-krigen, og dei har hatt god tid på seg, seier Bøås, som legg til at også andre land som er aktive i Mali-krigen kan bli råka av terror.

Dannar frontlinja mot terrorisme

Den nigerske presidenten har ikkje gitt opp kampen mot islamistane, og meiner at dei, saman med Tsjad, speler ei viktig rolle i kampen mot terror i Sahel.

– Eg trur at Niger og Tsjad for tida dannar frontlinja mot islamistane, og me vil gjere vår ansvar og plikt og kjempe mot desse islamistane. Me samarbeider tett med Tsjad, og står samla i kampen mot terrorisme og organisert kriminalitet, sa Mahamadou Issoufou til den franske radiokanalen RFI.

– Vesten har eit ansvar

Den nigerske presidenten meiner det internasjonale samfunn har ansvar for å bidra til betre tryggingstilhøve i Sahelregionen.

– Situasjonen i Mali, som er ein konsekvens av krisa i Libya, bør ikkje bidra til at ein gløymer det internasjonale samfunn sitt ansvar for å stabilisere situasjonen i Libya. Det er hendingane i Libya som er hovudkjelda til destabilisering i Sahelregionen, meiner Issoufou.

LES OGSÅ:

Morten Bøås er heilt einig med den nigerske presidenten.

– Der er eg rimeleg einig med presidenten i Niger. Det som har skjedd i Libya er eit ansvar som det internasjonale samfunnet, inkludert Noreg, har prøvd å springe frå. Gaddafi var ein stabilitet i dette området, seier Fafo-forskaren.

Møte med fransk utanriksminister

Han meiner det kunne ordne seg annleis om opprørarane i Libya hadde fått halde fram, utan innblanding frå Vesten. Om så hadde skjedd, trur Bøås at opprørarane og Gaddafis menn ville funne ei mellomløysing til å styre Libya vidare.

– No gjekk overgangen så fort, at eit slikt samarbeid ikkje var muleg. Den nigerske presidenten er ikkje åleine om å meine at det internasjonale samfunn har eit ansvar. Det er ei utbredt oppfatning i heile Vest-Afrika, seier Bøås.

I dag får den nigerske presidenten høve til å snakke om dette med den franske utanriksministeren, Laurent Fabius, som er på reise til Niger og Mali.

Libyiske styresmakter nektar for at terroristane som angreip i Niger held til i Sør-Libya. Tsjadiske styresmakter har førebels ikkje uttala seg angåande deira tanker om dei påståtte trugslane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt