Hopp til innhold

Er fred mogleg i Mali?

Noreg sender soldatar til Mali for å hjelpe til før valet i juli. Men det er få erfarne politikarar som stiller til val, og ein av landets regionar er framleis styrt av opprørsgrupper. Kan eit val vere nok for å løyse Malis problem?

MALI-UNREST-ATTACK-FILES

Ein einsam soldat voktar vegen utanfor Kidal, den største byen i regionen i Nord-som har same namn. Byen er framleis kontrollert av opprørsgrupper, og fleire terroråtak har skjedd dei siste vekene.

Foto: KAMBOU SIA / Afp

– Det er mange som posisjonerer seg no før valet, og det er lite solidaritet for å finne ei felles løysing. No startar dei på ein måte det politiske spelet på nytt, og då er det mange som vil forsøke å kome seg i posisjon som kan gje dei påverknadskraft, seier forskar og tidlegare fredsmeklar i Mali, Kåre Lode.

Lik konflikt på 90-talet

I 1990 gjorde tuaregfolket i Nord-Mali opprør mot styresmaktene i landet. Dei ønskja eit eige land. Kåre Lode jobba då for Kirkens Nødhjelp i Bamako, og vart etter kvart spurt om å bidra i fredsforhandlingane. To år etterpå var ein fredsavtale underskrive, og Lode vart i 2006 slått til riddar av Mali for sin innsats.

Kåre Lode

Kåre Lode er forskar ved Senter for interkulturell kommunikasjon i Stavanger

Foto: Senter for interkulturell kommunikasjon

I 2011 starta tuaregane nye opprør som held på endå, og krava er mykje dei same som før. Men Lode, som i dag jobbar ved Senter for Interkulturell Kommunikasjon, meiner at dagens situasjon er endå meir komplisert enn på 90-talet.

– Førre gong nytta me lokale og tradisjonelle forhandlingsmåtar. Men det går ikkje an no. Dei som er dei mest aggressive i nord er ikkje frå Mali, slik som førre gong. Mange av dei kjem frå Algerie, og nokre er frå Nigeria og andre stader. Ei anna årsak til dagens problem er dei mange pengane som kjem på grunn av smuglarrutene for narkotika som vart etablert i Nord-Mali for rundt 20 år sidan, fortel Lode.

Trur på rettvist val

No har det gått meir enn 450 dagar sidan Mali sist hadde ein folkevalt statsleiar. Amadou Toumani Touré vart kasta frå presidentstolen sin av misnøgde soldatar den 22. mars i fjor. Og på same tid rykka toppmotiverte islamistar stadig sørover i landet.

Med ein stadig meir alvorleg konflikt nord i landet, og ei manglande regjering hadde Mali plutseleg hamna ute på djupt vatn, og omverda har sidan vore vitne til ei komplisert konflikt som tek tid å løyse. Framleis er det mange problem før Mali på ny kan sjå framover.

Men trass i dei mange utfordringane som det maliske står ovanfor har Lode trua på at fred er mogleg i det vestafrikanske landet. Og sjølv om Kidal-provinsen nord i Mali framleis er kontrollert av opprørsgrupper, så trur forskaren at eit val er er muleg å gjennomføre den 28. juli.

– Kidal er den provinsen kor det bur færrast menneske. Det kan neppe vere meir enn eit par prosent av Malis befolkning som bur der. Om dei har moglegheit til å gjennomføre eit nokolunde rimeleg val i resten av landet, så vil det kunne seiast å vere eit demokratisk val, meiner Lode.

Tvilar på val 28. juli

Den analysen er Afrika-ekspert og FAFO-forskar, Morten Bøås, ueinig i. Han tvilar på at det er mogleg å få på plass den naudsynte logistikken før 28. juli, og trur det vil bli vanskeleg å gjennomføre eit val med mandat i folket.

– Eg har problem for å sjå føre meg eit val der det maliske folk får stemme under nokolunde frie vilkår. Det er mange internt fordrivne i Mali, og også mange som bur i flyktningleire i nabolandet. Det er ein del spørsmålsteikn som kan stillast ved om det er mogleg å gjennomføre val den 28. juli, seier Bøås.

Han åtvarar også mot å samanlikne tuaregopprøret på 90-talet og dagens situasjon. I likskap med Lode ser han fleire skilnader frå då til no.

– Eg vil åtvare veldig mot å bruke løysingane frå 90-talet. Situasjonen er annleis no. Denne gongen ser ein også ein islamistisk agenda, i tillegg til kravet om autonomi i nord, seier Bøås som meiner at løysinga ved førre tuaregopprør har ført til auka korrupsjon i Mali.

(Saka held fram under biletet)

MALI-PROTEST/ People attend a protest urging Mali and France to retake the Kidal region of far northern Mali, in Gao

I Gao samla folk seg for å gje tydeleg beskjed til maliske og franske styresmakter om at det er viktig å ta tilbake kontrollen av Kidal.

Foto: STRINGER / Reuters

– Det som skjedde ved førre fredsavtale, der det vart stilt krav til Mali om politisk demokratisering, økonomisk liberalisering og administrativ desentralisering, har ført til ein situasjon kor ulike krigsherrar blant tuaregane har danna uheldige alliansar med styret i Bamako, og saman har dei skumma fløyten, meiner Bøås.

Han meiner tuaregane snakkar usant når det påstår at maliske styresmakter ikkje har gitt folket i nord pengar, slik fredsavtalen i 1992 sa at dei skulle gjere. Problemet er derimot at tuaregiske krigsherrar har forsynt seg av pengane, meiner Fafo-forskaren.

– Det finst presidentkandidatar

I Mali har heile overgangsregjeringa, og deriblant den midlertidige presidenten Dioncounda Traoré, kunngjort at dei ikkje kjem til å stille til val i juli. Dei to ekspertane trur likevel det er mogleg å finne gode kandidatar til å overta presidentrolla.

– Det finst jo politikarar som har erfaring frå dei tjue åra som Mali var eit demokrati. Det er heilt sikkert nokon som stiller opp, men kor mykje støtte dei får, det er meir usikkert. Dei som på ein eller annan måte klarar å få gehør over større deler av landet vil stå sterkt, meiner Kåre Lode.

Forsker Morten Bøås

Fafo-forskar Morten Bøås har ikkje trua på noko val i Mali i løpet av juli, slik planen er.

Foto: NRK

Morten Bøås tek førehald om at det i det heile tatt vert gjennomført noko val i Mali. Men om så skulle skje trur han det er fleire kandidatar til presidentrolla, utan at han har nokre konkrete namn på blokka.

– Det er folk der, både frå det gamle regjeringspartiet, og tidlegare ministrar som kan stille til val. Spørsmålet er om det finst nokon som er sterke nok til å få den politiske einigheita som trengst i sør, og deretter samle kreftene i nord. Det er eit ganske komplisert puslespel begge stader, seier Bøås.

– Er det mogleg med fred i Mali, Morten Bøås?

– Alt er mogleg. Det er mogleg med fredelege løysingar, men det som er viktig er at den planlagde intervensjonen frå FN har realistiske mål om kva dei ønskjer å oppnå. Me snakkar om minst fem-ti år for at Mali skal kunne oppnå fred. Det viktige no er at me støtter Mali i byggje sin eigen stat. Me kan ikkje gjere det for dei, men me kan hjelpe dei, konkluderer Bøås.

Kidal i Mali

Soldatar som patruljerer har gått frå å vere framand, til å bli kvardagsleg i Mali.

Foto: KAMBOU SIA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt