To bilbomber, minst 20 drepne og 30 skadde. Det er dei dystre tala etter gårsdagens hendingar i Niger. Ei bombe retta mot ein nigersk militærleir, og ei bombe retta mot ei fransk uraniumsgruve.
Planlagt angrep
Det var liten tvil om at angrepa var planlagde og meint til å skade landa som deltek i krigen i Mali.
– Me gjekk til angrep på Frankrike og Niger på grunn av deira deltaking i krigen mot sharia, sa talsmannen til islamistgruppa Mujao, Abu Walid Sahraoui til nyheitsbyrået AFP kort tid etter angrepa.
LES OGSÅ:
BIL: Slik ser bilen ut, eit døgn etter at den vart sprengt i lufta av islamistiske terroristar.
Foto: STR / ApDei to siste åra har Mujao, og andre islamistgrupper kjempa ein kamp for å innføre sharialova i Mali. Gårsdagens angrep skjedde langt inne i Niger, og syner at dei islamistiske gruppene kan slå til over store område.
Tor Arve Benjaminsen er ikkje overraska over at Belmokhtar ikkje er død.
Foto: Evy Jørgensen / UMB– Det er sannsynleg at islamistane har blitt pressa ut av Mali og inn i nabolandet. Om ein trykker på dei ein stad, så dukkar dei opp ein annan stad, seier Tor Arve Benjaminsen, sahelkjenner og professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås.
– Islamistane er svekka
Benjaminsen ser klare skilnader på gårsdagens bombeangrep og den offensiven som Mujao og andre islamistgrupper hadde i Mali for eitt år sidan.
– Det er heilt tydeleg at islamistane har blitt svekka. Mange har blitt drepne, og ein del har gitt opp. I Mali har dei endra taktikk. No skjer det sjølvmordsangrep og det vart sett ut vegbomber, noko som aldri før har skjedd i Mali.
SKADA: Ein nigersk soldat er lagt inn på sjukehus etter at han var i nærleiken av bilbomba.
Foto: STR / Ap– Er det at islamistane tyr til terror eit teikn på at dei er svakare no?
– Det kan ein seie. Dei er heilt klart svakare, men det er jo ein del motstand att hos dei, og det er nærast umogleg å kvitte seg med geriljagrupper, seier Benjaminsen.
Var ikkje død likevel
Ein annan som det viser seg at franske og afrikanske styrker slit med å bli kvitt, er Mokhtar Belmokhtar. Mannen som fekk ansvaret for å stå bak terroråtaket på In Amenas vart meldt drepen i mars, men i går kom det meldingar frå det mauritanske nyheitsbyrået Alakhbar om at terroristen likevel er i live.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Det er inga overrasking. Det er ikkje første gongen at han først vert meldt død, og deretter lever igjen. Så lenge det ikkje er bevis for at han er død, så er det umogleg å seie. I Algerie har han vore legendarisk, og vore kjent for å vere umogleg å ta. Han er smart og forsiktig og sender andre ut på oppdrag, medan han sit heime i tryggleik, seier Benjaminsen.
Nye trugslar
I dag, berre eit døgn etter bilbombene i Niger, har Belmokhtar si islamistgruppe publisert trugslar om fleire terroråtak i Niger på islamistiske nettstader. Der rettast det også trugslar mot Frankrike og andre land som kjemper mot Mujao, Al Qaida i Maghreb (AQMI) og andre islamistgrupper i Mali.
President François Hollande seier på si side at Frankrike vil samarbeide med Niger, og gjere alt det dei kan for å stoppe gisseltakinga og terrorismen frå islamistane i Sahel.
LES OGSÅ:
Det er ikkje første gongen islamistgrupper har utført terroråtak mot franske mål i Niger. I september 2010 vart sju personar kidnappa frå dei same urangruvene i Arlit som vart angripne torsdag. Tidlegare i år sendte Frankrike ekstra tryggingsstyrkar til Arlit for å beskytte urangruvene mot terroråtak.