Hopp til innhold

Meiner at WhatsApp tilbyr ein «gøymestad for terroristar»

Den britiske regjeringa vil ha tilgang til krypterte meldingstenester som WhatsApp, og stadfestar at London-angriparen brukte denne berre minutt før åtaket onsdag.

Amber Russ, innenriksminister i Storbritannia

Den britiske innanriksministeren Amber Rudd, her på BBCs Andrew Marr Show søndag, oppfordrar WhatsApp og liknande tenester til å gi styresmaktene tilgang til krypterte meldingar i samband med terroretterforsking.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Ein kan ikkje ha ein situasjon der teorristar kommuniserer med kvarandre utan at ein kan få tilgang til det, sa den britiske innanriksministeren Amber Rudd i eit intervju på BBC søndag, og ber teknologiselskapa samarbeide med politi og tryggingstenester.

Khalid Masood skal ha sendt krypterte meldingar via tenesta WhatsApp berre minutt før han tok livet av fleire sivile ved å køyrde inn i ein folkemengd på Westminster Bridge onsdag. Like etter knivstakk han ein politimann utanfor parlamentet før han sjølv blei skoten og drepen.

– Ber teknologitenestene samarbeide

Motivet til den avdøde angriparen er foreløpig ukjend. Natt til søndag uttala politiet at dei fryktar dei aldri vil forstå kvifor han gjennomførte angrepet der fire blei drepne og over 50 såra. Dei skal ha pågripe ein tolvte person knytt til etterforskinga av angrepet i Birmingham søndag. Ni av dei pågripne er sleppt fri.

WhatsApp

WhatsApp er ei populær meldingsteneste til smarttelefonar. Her kan ein også sende krypterte meldingar, som ikkje kan bli lese av andre enn mottakar.

Foto: Patrick Sison / AP

Facebook-eigande WhatsApp er ein av fleire som no tilbyr brukarane å sende krypterte meldingar, dvs. omforming av data slik at den blir uleseleg for ein tredjepart.

Åtaket onsdag har igjen sett i gang debatten om avveginga mellom tryggleik og privatliv. Rudd oppfordrar den amerikanske meldingstenesta og liknande selskap til samarbeid.

– Vi må sørge for at våre etterretningstenester i slike situasjonar har moglegheit til å kome seg inn i krypterte WhatsApp-meldingar.

Amber Rudd og Saddiq Khan

Aber Russ meiner det ikkje er noko motsetnad mellom retten til privatliv og tryggleik. Her tenn ho lys for offera dagen etter onsdagens terrorangrep saman med politisjef Craig Mackey og London-ordførar Sadiq Khan.

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

Eit tilbakevendande dilemma

Den same debatten blussa opp i USA etter masseskytinga i San Bernardino i 2015 då FBI bad Apple om tilgang til masseskytaren sin låste iPhone. Etter at Apple nekta enda det med at FBIs eigne folk hacka seg inn i telefonen. Rudd hevdar at dette tilfellet er annleis.

– Vi ber ikkje om full tilgang, seier ho, og seier at dette ikkje treng å gå på akkord med retten til privatliv.

– Det er ikkje gjensidig utelukkande. Ein kan ha eit system der vi kan få tilgang når det er absolutt naudsynt, seier ho til Sky News.

Rudd foreslår ikkje ny lovgiving foreløpig, men foreslår eit utval der teknologiselskapa finn ut av korleis dei sjølve betre skal kunne overvake sine sider, og unngå at dei blir misbrukte av terroristar.

Tyskland foreslo denne månaden å gi bøter til sosiale nettverk som Facebook om dei ikkje klarer å luke ut hatefulle ytringar frå sine sider.

Google har også blitt boikotta av fleire selskap etter at deira annonsar dukka opp side om side ved ekstremistisk innhald, spesielt på videotenesta Youtube.

SISTE NYTT

Siste nytt