– Navalnyj skulle ha blitt lauslaten i løpet av dei komande dagane, ettersom det var oppnådd semje rundt ei utveksling.
Det seier opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyjs såkalla høgre hand Maria Pevtsjikh i ein video måndag.
– Kvelden 15. februar tok eg imot ei stadfesting av at forhandlingane var i sluttfasen.
Dagen etter at ho skal ha fått denne beskjeden, blei opposisjonspolitikaren funnen drepen.
Pevtsjikh fortel at forhandlingane skal ha starta for om lag to år sidan, og at prosessen har vore unaturleg lang og vanskeleg.
Men ifølge ho, skal Navalnyj-allierte og russiske tenestemenn ha kome nærmare ein avtale i februar.
Avdekt russisk korrupsjon
Pevtsjikh er ein russisk gravejournalist og styreleiar i Antikorrupsjonsfondet (FBK), organisasjonen Navalnyj grunnla i 2011, og har undersøkt og avdekt hundrevis av korrupsjonssaker i den russiske staten.
Ho er særleg kjent for å ha vore med på å avsløre Vladimir Putins overdådige luksus ved Svartehavet, der han og hans allierte skal eige eit hemmeleg slott og andre overdådige eigedommar.
Putin sjølv har avvist alle skuldingane.
Bytte mot leigemordar
I videoen som blei publisert på avdøde Navalnyjs offisielle YouTube-kanal, påstår Pevtsjikh at han og to amerikanarar skulle bli bytta mot Vadim Krasikov, ein russisk leigemordar.
Krasikov sonar livstid i tysk fengsel for drapet på den tsjetsjenske troppssjefen Zelimkhan Khangoshvili i 2019. Kangoshvili var ein kjent opposisjonell som kjempa mot Russland i krigen i Tsjetsjenia.
President Vladimir Putin har derimot ikkje kommentert påstandane om at ei fangeutveksling var planlagt.
Derimot hinta den russiske presidenten om forhandlingar i det mykje omtalte Tucker-Carlson-intervjuet tidlegare i februar.
Her sa Putin at samtalar var i gang, og viste til ein «russisk patriot» som skal ha «eliminert ein banditt» i ein europeisk hovudstad, som ekspertar meinte var Vadim Krasikov.
Kva skjedde eigentleg?
Også russiske Ivan Zjdanov, tidlegare leiar i Antikorrupsjonsfondet og Navalnyj-alliert, skriv i ei melding på X at forhandlingar skal ha vore i gang. Både han og Pevsjikh trur at Putin skal ha ombestemt seg i siste augeblikk.
Men kva som eigentleg skjedde med Navalnyj, er uvisst.
Ifølge fengselet han sat i, skal han ha mista bevisstheita etter ein spasertur, og døydd. Russiske styresmakter seier at dei ikkje veit kva dødsårsaka er, men at dei har opna etterforsking.
Ekspertar og vestlege leiarar meiner derimot at det openbert er den russiske staten som har tatt livet av Navalnyj. USAs president Joe Biden er klar på at Putin er ansvarleg for Navalnyjs død.
Også statsminister Jonas Gahr Støre meiner at russiske styresmakter ber «det fulle ansvaret», og viser til at det slett ikkje er noko nytt at opposisjonelle døyr i russiske fengsel.
– No er det igjen bekrefta at dette er måten ein behandlar opposisjonelle på, sa Støre til NRK dagen dødsbodskapen kom.