Hopp til innhold

Marine Le Pen lovar å gjere Frankrike «fritt igjen»

Leiaren for Nasjonal Front rosar president Trump for handlekraft, og starta presidentvalkampen med 144 valløfte.

Marine Le Pen med valgkamptale

Marine Le Pen seier at ho er ein motsats til det ho omtaler som 'pengevenstre' og 'pengehøgre', og håpar på siger i presidentvalet som går føre seg 23.april og 7.mai.

Foto: JEFF PACHOUD / AFP

– Det er eit sivilisasjonsval. Vil barna våre bu i eit fritt og demokratisk land, vil dei ha den same livsstilen som oss og våre forfedre?

Det var ein sjølvsikker partileiar som søndag sette i gang presidentvalkampen for fullt framfor rundt 3000 støttespelarar i Lyon. Ein presidentkamp utanom det vanlege, ifølge Marine Le Pen.

Britane si avgjerd om å forlate EU og Trump sin valsiger i USA gjer at høgrenasjonalistiske Nasjonal Front meiner det går deira veg.

Hardt ut mot globalisering og radikal islam

I går la Le Pen fram 144 valløfte – som ein parallell til Donald Trump og hans "America first" er "made in France" eit av hovudslagorda til globaliseringsskeptikaren, som har lyst å følge etter britane ut av EU.

Marine Le Pen i Trump Tower

Marine Le Pen her i Trump Tower. Ho har fleire gonger uttrykt stor begeistring for USAs nye president. -Donald Trump held løfta sine, handlar raskt og sterkt i folkets interesse, sa ho i talen i Lyon søndag.

Foto: SAMUEL LEVINE / AFP

I talen søndag langa Le Pen ut mot globalisering og fundamental islamisme, to ting som heng tett saman ifølge ho. Le Pen seier at målet er ein lokal revolusjon, leidd av «intelligent proteksjonisme og økonomisk patriotisme».

«Anti-system» er ein gennomgangstone, både for Le Pen og dei to andre presidentkandidatane som i helga tok turen til Lyon, Emmanuel Macron og Jean-Luc Melenchon.

Låg tillit til politikarane

Den sjølverklærte «kandidaten av folket» har lenge lege an til å kome vidare til andre valomgang for deretter å tape denne. Dette er også tilfellet i ei fersk meiningsmåling gjengitt i Le Point, der ho ligg an til å få høvesvis 25 prosent og 34 prosent i første og andre valomgang.

Emmanuel Macron i Lyon

Franske flagg og folkehav også på Emmanuel Macron sitt valkamparrangement. På lik linje med Le Pen blir også han sett på som ein utfordrar til det tradisjonelle partisystemet, EU-medlemskapet vil han la stå.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / AFP

Den venta motstandaren er for augeblikket Emmanuel Macron, tidlegare økonomiminister, som har gjort uventa suksess med rørsla han lanserte for berre eit par månader sidan, «En Marche!» («På veg»).

Saman med ytterpunkta Le Pen og Melenchon blir han sett på som ein utfordrar til det etablerte partisystemet. Avisa Libération peikar på ei undersøking gjort av universitetet Sciences-Po som viser at tilliten til politikarane er ekstremt låg; 9 av 10 franskmenn seier at dei ikkje har tillit til dei folkevalde.

Krise både til høgre og venstre

Den tradisjonelle høgre- og venstresida slit med kvar sine problem. Det regjerande sosialistpartiet må stå til ansvar for tidenes mest upopulære president, sjølv om fleire kandidatar har prøvd å ta avstand frå François Hollande og hans politikk.

Det var venstrekandidaten Benoit Hamon som gjekk sigrande ut av primærvalet i januar, men han vil likevel ikkje få meir enn 16–17 prosent i første valrunde ifølge den siste meiningsmålinga.

På høgresida heng heile valkampen i ein tynn tråd for den konservative François Fillon som blir skulda for å gitt både kona og barna rikeleg betalt frå statskassa for assistentjobbar dei angiveleg ikkje skal ha utført.

Midt i spekulasjonane om han kan bli erstatta av ein anna kandidat, oppfordrar Marine si niese Marion Maréchal-Le Pen ifølge Le Monde høgrevelgarane om å gå for «plan M, Marine-planen».

Francois Fillon-karnevalsfigur

Eit frampeik om korleis det vil gå? mange spør seg om Fillon blir tvungen til å trekke seg om han ikkje blir frikjent for korrupsjonsskuldingane. Her frå eit karneval i Nice. Emmanuel Macron og Marine Le Pen i bakgrunnen.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt