Hopp til innhold

Kviterussiske opposisjonelle dømde til fengsel

Den kviterussiske opposisjonspolitikaren Maria Kolesnikova blei måndag dømt til elleve års fengsel. Også advokaten hennar, Maksim Znak, blei dømd til ei fengselsstraff på ti år.

Maksim Znak og Maria Kolesnikova

Opposisjonspolitikaren Maria Kolesnikova og advokaten Maksim Znak er dømde i Kviterussland for brotsverk mot tryggleiken i riket.

Foto: BelTA / Reuters

Kolesnikova var sentral i protestane mot Aleksandr Lukasjenko etter valet i Kviterussland i fjor. Fleire tusen demonstrerte mot valresultatet, og kravde at presidenten skulle gå av.

Lukasjenko avviste kravet, og stramma grepet for å behalde makta.

Over 30.000 kviterussarar blei arresterte etter demonstrasjonane. Fleire av dei som var sentrale i protestane er i dag fengsla eller forviste frå Kviterussland.

Blant dei var den tidlegare presidentkandidaten Viktor Babariko, som i sommar blei dømd til 14 år i fengsel av høgsterett i Kviterussland.

Smilte og forma hendene til eit hjarte

Kolesnikova er den siste leiaren frå demonstrasjonane i fjor som framleis er i Kviterussland. Ho har vore i varetekt det siste året, etter at ho reiv sund passet sitt for å unngå tvungen utvising til Ukraina.

Måndag blei ho og den tidlegare advokaten hennar, Maksin Znak, dømde til fengsel i elleve og ti år for brotsverk mot tryggleiken i riket. Advokatane har protestert mot dommen.

– Dette er strenge straffer, og på den eine sida sjokkerande. Samtidig er det som forventa når vi ser korleis utviklinga i Kviterussland har vore det siste året, seier seniorrådgjevar i Den Norske Helsingforskomité, Inna Sangadzhieva.

Maria Kolesnikova

Maria Kolesnikova forma hendene til eit hjarte då ho fekk dommen i Minsk.

Foto: BelTA / Reuters

Saka har gått bak lukka dører, men enkelte bilde og videoar har kome ut frå rettssalen. I ein video som er vist blant anna i russiske medium, smiler Kolesnikova når ho skal få dommen, og forma hendene til eit hjarte, som var eit teikn ho også brukte under demonstrasjonane.

– Det er fascinerande å sjå korleis Kolesnikova viser positivitet og held motet oppe. Ho viser at ho har tru på at situasjonen i Kviterussland skal endre seg med tida, seier Sangadzhieva.

Les også: Fornærmet guvernør - dømt til tre år i arbeidsleir

Les også: UD: sjokkerende og totalt uakseptabelt at det hviterussiske regimet tvinger et fly til å nødlande

Pressa Lukasjenko

Aleksandr Lukasjenko har sete ved makta i Kviterussland sidan 1994. Han har lenge klart å balansere forholdet til omverda og halde på makta i landet.

Men etter demonstrasjonane mot resultatet av presidentvalet i fjor, fekk både kviterussarane og verda elles sjå ein ny Lukasjenko.

– Vi ser no ein Lukasjenko som går over streken og som er villig til å bryte internasjonale reglar. Han går med våpen og viser primitive metodar for å halde på makta, seier Sangadzhieva.

Les også: Tikhanovskaja i Oslo: – Takker Norge for støtten

Men sjølv om ein pressa Lukasjenko prøver å slå ned opposisjonen, held aksjonane mot han fram.

– I Kviterussland er det vanskeleg å gjennomføre demonstrasjonar, men aksjonane er ikkje over. Dei får ei anna form, blant anna på sosiale medium. No engasjerer også kviterussarar i utlandet seg, og det har vi ikkje sett tidlegare. Dei har ikkje mista motet fordi samfunnet har endra seg, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt